


torsdag stod me opp tidlig, tidlig i oslo, reiste som olja lyn til flyplassen og kom oss avgarde til london! me fekk ein time ekstra(tidsforskjell), og reiste rett til kensington og hotellet der me skulle bu i to dagar før innflytning. hotellet var så himla dårlig, men sjukt billig og det gjorde ingenting for me hadde feriekjensla og gjekk rett ut for å utforska. det blomstra alle stadar, og var så deilig varmt og lukta godt.





ja, de ser jo. så magisk fint var det. me var på veg mot ein park som me gløymte at me skulle til fordi det var så fint der, og plutseleg var me berre i den likevel.









nemlig holland park! me såg to flotte fuglar og mange glade hundar. også fekk me lyst på is, så me vart detektivar som såg kvar is-bærande folk kom ifrå og gjekk dit.

og me fann det! eg tok pistasj og kokos, jostein tok sjokolade og bergamot. så reiste me inn til regents street og kjøpte ny bukse til jostein.

og bussen tilbake til området vårt, eller det vil sei nesten sidan me måtte gå eit langt stykke heim. og medan eg sat på busstoppet og hadde så himla vondt i føttene(stor vassblemmesituasjon) kom ein så fin bloggleser bort og sa hei og eg vart så perpleks for dette er jo london. me snudde heimover med så himla vondt men jostein hadde lovd meg øl på pub.


me prøvedrakk fleire sortar og fann til slutt ut at me liksågodt kunne eta middag der, så me åt fantastiske burgerar nesten heilt stille også sovna me klokka elleve etter tjue minutt med mad men.
translation:
on thursday we got up very early in oslo, and took the plane to london. we went straight to kensington where we were going to stay for two days before we could move into the apartment. the hotel was so awful, but super cheap and it didn’t really matter because we felt like we were on vacation and went out to explore.
everything was blossoming and the streets were warm and smelled so good. we were on our way to the park but kind of forgot about it until it was right in front of us.
holland park! we saw two great birds and a lot of happy dogs. then we wanted some ice cream and investigated by going the opposite direction of everyone sporting a cone.
and we found it! i had pistacchio and coconut, j had chocolate and bergamot. then we went into regents street to get j some new jeans.
and the bus home. we almost got there but not quite and i had to just be brave and walk home with huge blisters on my feet, so painful but with the promise of beer at the pub motivating me to walk.
we had several kinds and found out that we might as well have dinner there. so we had some amazing burgers almost quietly and then we fell asleep at eleven after twenty minutes of mad men.
comments (33)i helga syns eg ein skal eta frukost lenge og med nokon ein er glad i. best er det jo å få frukost på senga, men av og til må ein berre ta eit tak og gjera det sjølv, laga ein skikkelig bra frukost og eta den i senga uansett kva dag det er, det kan me alle trenga av og til. i dag deler eg oppskrift på enkel french toast hos økologisk.no. så medan eg flyttar inn i ny leilighet kan de vel eta den! med masse lønnesirup og ingen noia over klissete laken. sleng dei i vaskemaskina etterpå!
translation:
my recipe for a simple french toast.
akkurat no sit eg i eit litt nedsunke hotellrom i kensington etter ein utruleg lang dag med reise og tunge løft, me skal bu her til laurdag då me flyttar inn i leiligheten vår. me et bursdagssjokolade og prøver å ikkje tenka på at me skal ut att i verda nokon gong sidan føttene våre er såre og hjernene våre er lettkokte. til trass for det var det vanskeleg å dempa peppet på toget inn til byen, me køyrte forbi hundrevis av blomstrande kvite og rosa tre og alt er grønt og det er så himla varmt her. me hadde to så fine dagar i oslo før me kom hit, eg tok bittelitt bilder og her er dei:



på bursdagen min fekk me kontakt med janne via instagram etter frukost, ho skulka forelesningen sin og me gjekk på fretex på st.hanshaugen og gjekk ned på stockfleth’s og drakk kaffe, og ei kjempefin blogglesarjente kom bort og gav meg to små sjokoladar.

så gjekk me rundt, såg i butikkvindauge og gjekk på grünerløkka.

himmelen var så fin og eg forelska meg litt i pastellbygga igjen. så gjekk me på villa paradiso med ragnhild og jostein, og stod i kø i ein time utan å få bord så da gjekk me til ein annan stad i staden og åt pizza og drakk raudvin. og etterpå reiste me til frøy og christine for bursdagsraudvinsdrikking men da hadde eg sånn bursdagspepp i kroppen at kameraet fekk ligga i veska.

dagen etter bursdagen min hadde me møte på forlaget vårt, samlaget. eg hadde med meg litt bursdagssjokolade og me gjekk gjennom manuset som har gått ifrå å ha ein million små raude strekar og ord til å ha mange sider utan kommentarar i heile tatt. på tysdag leverer me siste utkast og da er den ferdig. to bursdagar tok det, og var vanskeligare og morsommare enn eg hadde trudd. og snart skal me starta på ny bok, det er heilt absurd. at me er forfattarar.

før me gjekk frå samlaget fekk me plukka med oss litt bøker, eg tok eit par barnebøker som vart veldig populære på middag hos broren til jostein med barn. denne boka er så fantastisk fin, blodrik og blodfabrikken.

ei kjempemorsom historie om blodrik som har blodtypen rhesus eksplosiv som lagar ketsjup og julepynt av blodet sitt, og vennen hans, myggen, tappar han i stortåa kvar dag. kjøp den til alle små born som de kjenner, den er så fin. også kan ein spøka om at ketsjup er blod etterpå(og faktisk er den på tilbud på haugenbok akkurat no).

den vart så populær at eg fekk lesa ho to gongar, til kveldsmaten óg.
¨
også gjekk me til christine og frøy igjen, og åt lakrisis frå kulinaris før me tusla heim og satte på tusen alarmar til morgonen etter.
translation:
right now i’m sitting in a very shabby hotel in kensington after a very long day with travelling and heavy lifting. we’re staying here until saturday when we’ll move into our new flat. we’re eating birthday chocolate and trying not to think about the fact that at some point we will have to face the world again. our feet are sore and our brains are lightly fried. but, it wasn’t easy trying to keep my heart from bursting when i saw the blossoming pink and white on our way in from the airport. we had two lovely days in oslo before coming here, and this is a bit of what they looked like. i had my birthday celebration, had dinner and ice cream and coffee with people who are dear to me and had a great meeting at our publisher’s house with our lovely editor.
hadde ein så fin og rolig bursdag i går, med finfrukost og litt shopping og kafé med janne, pizzamiddag, bursdagsgåver og botnlaus raudvin med christine, frøy og lina. og i dag skal me på møte med samlaget! oslo er så himla fint på denne tida av året. tusen takk for alle bursdagshelsingar, på bloggen og på instagram! <3
translation:
my bithday was quiet and lovely, with some shopping and café going and pizza for dinner and gifts and red wine with friends. today we’re going to a meeting with our publisher’s. oslo is so lovely this time of year. thank you for all your birthday wishes, here and on instagram! <3
i dag har eg bursdag! eg har fått finfrukost, spoona hund i senga og dusja lenge. no skal eg ut og kjøpa meg noko fint for ein neve bursdagspengar. eg elskar å ha bursdag, men syns alltid det er så rart å vera eit år eldre.
translation:
today is my birthday! great birthday morning: j made me a super breakfast, i spooned the dog and took a long shower. now: going out to buy myself something pretty with my handful of birthday money.



























