hvorfor bestemte dere dere for å gifte dere i London?

fordi det er der me skal bu! enklare å planlegga eit bryllup der ein er uansett. også finst det så himla mange fine hus der å ha festar i.

hva slags bryllup tenker dere på?

me tenkjer på eit mellomstort veldig romantisk bryllup med konfetti og girlander og peonar og tusen dessertar og gledestårer og kakekjolar. eg skal berre vera hysterisk lykkelig for at me endelig gjorde det og for at familie og venner samlast for ein heidundrandes fest for kjærleiken.

hvor lenge har du og han fine kjent hverandre?

ca sju år.

hvordan møttes dere?

me møttes gjennom ei felles venninne, også vart me kjent gjennom internett!

in the sea of cherry blossoms

jeg lurer på om kjæresten din jobber? eller hva han/og du driver på med for å få inntekter til å bo, leve og alt :)

han går på universitetet også frilansar han litt. til hausten skal han gå på ein skikkelig fancy skule. eg tjenar til livet gjennom magasinet, faktisk.

kva gjer ein når ein ikkje har sett ein gut, ein gut som ein har drøymt om mange gonger i søvne og som ein “alltid” har likt litt eller mye (gjennom fleire år som klassekameratar), på to år til saman? skal ein tro at det ikkje er “ment to be” og bare leve videre med eit sakn som kan ta livet av ein, eller nesten dø av redselen for å bli avvist og sånn, men likevel ta kontakt, sjølv etter så lang tid? eg treng råd.

hopp. ein må laga sitt eige liv og følga hjartet.

hvordan var ditt første møte med han der fine?

det var så. skummelt. han spelte konsert og hadde på seg che guevara-tskjorte. han drog meg bak scena også kyssa han meg!

hva gjør dere for å beholde gløden i forholdet? og hva er det viktigste for deg når det kommer til et forhold? :)

me er smertelig ærlige med kvarandre og finn på ting ilag heile tida. det er viktig å oppleva kvarandre på nye måtar, syns eg. det viktigaste er respekt og tillit.

do you have an advise for 20 year old a girl who never fell in love? i lost my faith in love.im tired of waiting. you are vey lucky girl im really happy for you. even though we never met before.

my best advice for love: stop looking. i never looked and i hit the jackpot.

kranglar du og han derfine? og når de kranglar, skrik de og kastar ting eller er de meir stille mot kverandre?

me kranglar veldig sjeldan fordi me respekterar kvarandre og tar ting som dei kjem.

kva er det beste med han der fine?

at han framleis gjer meg så himla glad etter sju år.

når vil du få barn?

om ikkje så altfor lenge, faktisk. tenk så fint det blir da.

hva synes du om det å ikke tro på kjærleiken?

eg syns det er innmari trist, men eg kan faktisk forstå det. kjærleik er ganske så skremmande til tider.

og hva gjør man egentlig når man går forbi eksen sin og den nye jenta hans, og man savner han så mye at man kjenner kvalme i hele kroppen?

ein går vidare. snur seg ikkje tilbake. stoppar på rema, kjøper lakrisfudge også går ein heim og ser yndlingsfilmen sin og tenkjer om og om igjen at det kjem til å gå bra. det går bra.

hvordan helbreder du knuste hjerter?

eg har heldigvis aldri fått hjartet knust, så det veit eg ikkje. men eg har fått hjelpa til med meir enn eit par. stikkord: yoghurtis, breakfast at tiffany’s og akkurat nok øl i parken.

har dere tenkt på sted til bryllupet?

ja! men det er sålangt hemmelig. det blir spektakulært!

hva hadde du gjort dersom du ble forelsket i noen andre mens du var sammen med han der fine?

det hadde me takla der og da, men eg ser ikkje for meg at det skjer. eg er jo forelska i han der fine!


hvor gammel har du lyst til å være når du får ditt første barn, ideelt sett?

hm, eg skulle likt å vore 23. mamma og pappa fekk meg då dei var 23 og det syns eg er bra. planlegg jo å få kanskje tusen ungar så.

har du funnet ut hva slags giftering du vil ha nå?

hm, eg veit ikkje heilt. i det siste har eg vore forelska i rosegull.

hvordan ble du kjent med alle de fine søte vennene dine? har du evt. noen tips for å bli kjent med nye folk med felles interesser som en selv?

vennene mine er litt fra her litt fra der, ein god del fra internett og fra festar, videregåande. sånn som dei fleste på min alder egentlig. tips: sei ja! ja ja j a ! til alt som ikkje skremmer deg for mykje sånn at du ikkje får pusta.

jeg skal gifte meg i sommer og ønsker meg super-inspirasjon til morsomme og romantiske bryllupsbilder. fotografen vår er super, men jeg vil gjerne ha noen konkrete ideer. har du tips til fine og gøye bryllupsbilder (av bruden og brudgommen) til inspirasjon? :)

det finst ein del bryllupsbloggar i kategorien som heiter “om bryllup”!

kva er det med han der fine som gjer at kvar gong du ser på han, veit du med deg sjølv at han er den rette? og korleis føler du deg trygg på at ingen andre enn han kan få deg til å føle deg så lukkeleg?

anar ikkje, bryr meg egentlig ikkje heller. det berre følast så rett.

hvor blir du kjent med alle de fine menneskene du er med?

litt fra overalt. festar, internett, andre venner.

korleis visste du/veit du at du elskar han?

ein berre veit.



kva ynskjer du deg til bryllaupet?

åh, fin idé til eit eige innlegg!

nå du og han der fine blir pensjonister, hva gjør dere da?

da bur me kanskje i frankrike, et pannekaker til frukost og omgir oss med blomster og fantastiske eventyr, vidunderlige personar og pompøse og ekstravagante greier. akkurat som no berre med langt grått hår.

kan du fortelle om fine øyeblikk med han der fine?

alle augeblink med han der fine er fine. frå me står opp til me legg oss. i dag tidlig hadde me til dømes på oss den samme tskjorta til frukostbordet uten at me visste om det. i går sovna han sittande mens han kosa med hånda mi og me sov i ein time.

hvem er din aller beste venninne?

eg er så heldig at eg har mange.

trur du at ein kan leva utan kjærleik?

nei. ikkje fullt.

kan du fortelle litt om hvordan du og kjæresten din lever, opplever ting og bor med tanke på økonomi?

for meg er det rart at folk tenkjer så mykje på pengar. eg berre lever livet mitt som eg gjer det og pengar ordnar seg liksom alltid. eg kjøper ekstremt sjeldan klede, eg går aldri innom gina tricot eller h&m, eg hatar alt sånt masseproduserte greier. alle kleda mine er vintage/second hand som er billig og bra og held i dusinvis av år. me går sjelden ut og drikk drinkar på byen, me drikk heime og det er mykje billigare såklart. sparar pengar både på alkohol og på taxi. me et billig og dritbra mat og kjøper omtrent aldri halvfabrikat. mange trur at det er billigare med halvfabrikat, men det er berre løgn og fanteri og latskap og sløsing med pengar og kaloriar. drittmat er det, og superdumt når det er så enkelt og billig å laga bra og sunn mat. i oslo hadde me ganske billig leige fordi me budde i studentbolig, han der fine fekk studielån og frilansa i tillegg til det. eg tjenar pengar på magasinet og heimesideoppdrag og me klarar oss fryktelig bra. me brukar heller pengar på å reisa eller på takeaway-mat eller champagne, me unnar oss sånt me har lyst på istadenfor å bruka pengane våre på sånt som me ikkje hugsar at me har kjøpt(som alle dei kjolane bakerst i skapet som det framleis finst prislappar på fra gina tricot sine salgstativ, tenk på kor mange av dei som finst rundt omkring i dette landet). me er rett og slett veldig kritiske til kva me brukar pengar på og kva me vil prioritera, men det er sånt som det tar tid å læra seg og ein må ta ein del valg, ein må ta stilling til det. me kjøper til dømes kjøtt kanskje éin gong i veka, det er så himla mykje billigare å ikkje eta kjøt. og bra for miljøet og for kroppen og for dyra. og no har eg fått sjansen til å spara pengar for første gong i mitt liv og det føles heilt fantastisk.

hva skal man gjøre når du hater en person, og det den personen trenger mest er en venn som sier snille ting? hva skal man gjøre når du vet at du vil miste 70% av alle vennene dine om du blir venn med denne personen?

skal jeg bare være rettferdig, og behandle personen ordentlig, men uten varme, eller skal jeg være selvoppofrende, og være en venn? skal jeg late som om jeg liker henne? det verste er at den eneste grunnen til at hun ønsker å være venn med meg er for å få respekt av andre, noe som ikke kommer til å skje. hva skal jeg gjøre?

eg syns ikkje det er rett uansett kva som er grunnen, å “lata som” ein likar nokon. det er berre falskt og jævlig gjort og om ein berre gjer det for å letta sin eigen samvittighet så kan ein heller la vera å gjera det. om du vil vera ein venn; ver ein venn. uansett kva konsekvensane er. om ikkje, så drit i det. men ikkje lat som, det er det verste eg veit.

hei! jeg lurer på om du har noen tips til noe romatisk jeg kan finne på for å overaske min kjære. vi har 2 års jebuleum 19.juni å det har alltid vært han som har vært den fritenkte romatiske av oss. nå føler jeg at det kansje er min tur til å overaske han med noe. men hva? hjelp meg! vær så snill søte du!

piknik! teater! ta han med til stockholm! paris! det kjem jo heilt an på kva type person han er og kva han likar å gjera, kva de har til felles. om du berre tenkjer deg om så er det heilt sikkert noko du kan komma fram til som de begge vil elska.


answers to questions, about love.

comments (8)

gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.

eg og han der fine bur i eit nydeligfint hus no. der det er heilt rolig og stille og det knirkar i trappa og i golvet og ein må vera forsiktig. me har stort kjøkken der ein kan laga mat ilag og utanfor døra er det blomar og syrintre som luktar heilt inn i huset. det finst ikkje tv eller internett og ein må bæra med seg utstyret sitt til hovudhuset for å blogga og streama gossip girl(som er min sommarserie for i år). i hagen er det asparges, lauk og blomkål og det er store vindauge og kaldt i golvet og det begynnar så smått å følast som at det faktisk bur nokon der, som at me bur der.

 


j and i live in our own pretty little house now. it’s so quiet and calm, with squeaky floors. there’s a big kitchen so we can cook together and the lilac trees outside smell so lovely, even inside. i have to take my computer to the main house to get internett access so i can stream gossip girl, and in the backyard; asparagus, onions and cauliflower. big windows and cool floors and it’s starting to feel like home, our home.

comments (18)

funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face. funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.

i går tok eg bussen til sogn og fjordane. det beste eg veit når eg køyrer buss er, etter å eta bringebærpai fra liebling(som eg óg gjorde), å sjå film! så eg såg vidunderlige funny face. om ein hadde spurt meg kva som var den perfekte filmen ville eg ha sagt new york + paris + fred astaire + audrey hepburn + ballongar + blomster + givenchy +  lysekroner + technicolor + richard avedon som special visual consultant. så perfekt at det er funny face, da. dør av givenchy-kjolane og av dansande fred astaire og at audrey hepburn er så rar og fin samtidig som ingen andre i verda klarar. åh! må sjå den ein gong til, straks.

ps: no er eg forresten i sogn og fjordane, skal bu her i to månadar. i lærdal! bur i eit vidunderlig hus med han der fine, med markblomster og pastellhåndkle. de får sjå alt snart! dei som ventar på magasin: dei kjem snart, berre hold ut(dei har ikkje nok konvoluttar på post-i-butikk i lærdal, berre. litt trist men óg ganske fint(at de bestiller så mange at det ikkje er nok konvoluttar, meinar eg)).


yesterday i took the bus for six hours. my favorite activity on a bus, after eating raspberry tarts from liebling, is watching movies. so i did. funny face! if you asked me what the perfect movie would be, i would say: new york + paris + fred astaire + audrey hepburn + balloons + flowers + givenchy + chandeliers + technicolor + richard avedon as the special visual consultant. which is funny face! how convenient. i love love love the givenchy dresses and fred astaire dancing and audrey hepburn, the only person in the world to pull of the kind of quirky she is. have to go watch it again, brb.

comments (19)

last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.

den siste dagen i oslo åt eg og han der fine frukost på hotel havana. sjukt billig og sinnsjukt godt, åh så surt at me ikkje har ete noko særlig der før. så fant eg ein sirkuskjole på frøken dianas salonger som eg måtte ha så den fekk bli med heim. så vaska me heile natta og heile morgonen og no har me flytta ut av leiligheten og skal aldri tilbake dit. veldig rart. når me kjem tilbake til sogn skal eg sova eit døgn i strekk. farvel, oslo! du har vore god mot meg.

 


yesterday was our last day in oslo! we ate breakfast at hotel havana, cheap and delicous. then i bought a cirkus dress and then we stayed up all night and all morning cleaning the apartment! now we’ve moved out for good and i’m never going back. tomorrow i’m going to sleep all day!

comments (34)
fem favorittblogger?

elsa. sandra. clara. heidi og caroline. maja.

jeg lurer på om du har noen forslag til fine navn (siden jeg får baby snart) :)

åh, det finst så mange fine navn. eg likar aurora og olivia på jenter. på gutar likar eg john og james. akkurat no, men det skiftar veldig. eg likar navn som ikkje er så vanskelig internasjonalt liksom, og som er korte og med fine assosiasjonar.

jeg synes du virker så flink til å finne på ting å gjøre. har du noen tips til ting man kan gjøre alene, og ting man kan gjøre med kjæresten eller en venn? både ting som er gratis og ting som koster penger er fint.

eg tenkjer at ein berre må gjera sånt som ein ha lyst til utan å tenka at det er så mykje ork. det er det som stoppar fantasi. pluss at ein kanskje ofte er redd for å vera rar, ein må liksom berre gjera det. det treng ikkje å gjera noko som treng så mykje arbeid, berre eta middag på ein ny plass, typ i senga, på golvet, i parken. ein kan anten berre eta sånt som ein pleier eller laga noko ekstra fint, eta med pinnar og drikka vin til. aleine eller ilag. berre ork. det er det viktigaste.

beste tips for å gjøre en tung dag litt lettere?

ork. dei fleste kan fint komma på i alle fall fem ting som gjer ein glad, men ingen kan hjelpa ein med å orka. det må ein gjera sjølv. og det er det vanskeligaste og deiligaste.

tror du jeg kan få en av de vakre skjortekjolene dine? du vet, de du har i grønn og tyggegummirosa? du skjønner det at de har hjemsøkt meg dag og natt siden det innlegget. det spiller ingen rolle hvilken av de skjortekjolene du gir meg. du kan velge. jeg tenkte bare det at, siden vi kan spørre om alt, så måtte jeg bare skyte inn dette spørsmålet. og nå som du først har lest dette spørsmålet, så vil jeg bare tilføye at du er en underbar person som er skjønn på alle måter.

hmneeei det trur eg ikkje altså. men! det finst tusenvis på internett, berre søk på pegnoir på til dømes ebay.

har du nokon tips for å få ein eksamenslesedag/oppgåveskrivedag til å gå fortare? altså noko ein kan gjere i ein halvtimes pause som gjer litt ekstra boost? eg slit med endelaus surfing på internett, når eg eigentleg skulle ha skreve semesteroppgåve.

fire ord: sex and the city. tre ord: big bang theory. fire ord: how i met your mother. tv-seriar på nett er sånn eg motiverar meg for å jobba. jobba to timar, sjå ein episode. og sånn går det.

hva er din favorittsmak på makroner?

creme brulee. og mint! fra pierre hermé.

har du et eller annet fint innlegg i arkivet ditt for de som ikke føler de er bra nok? (man føler seg som regel bedre etter å ha vært på bloggen din, du skriver så mye fint)

ikkje som eg kan komma på, men eg føler jo at litt av konseptet med denne bloggen er å føla seg kick-ass etter ein har vore her. så berre hold ut og sug inn alt du kan av bra kjensler. for det kjem til å gå bra.

kan du fortelje litt om kråkeslottet? har gløymt nesten alt, og det verka så korsleg da dere budde der: )

kråkeslottet var ei magisk verd med puteslott, kjøkenfestar og disneysøndagar. eg budde med fredrik, malte rommet mitt limegrønt, drakk billig rosévin og ville aldri aldri legga meg. me levde bohemlivet og trudde at me var skikkelig ordentlig voksne.

The Door

hvordan vil du definere ondskap? og tror du i det hele tatt at det eksisterer?

eg trur ondskap finst i absolutt alle, ein må velga å vera god. trur i alle fall eg.

hvordan lager du de fine løs kragene dine? eller evt hvor kjøper du de?

eg lagar ikkje kragar sjølv, men kjøper dei på ebay og etsy og får dei i posten av fine blogglesarar.

har du noen ganger slike dager hvor du bare vil ligge i senga, se på franske filmer og drikke conac?

ja, absolutt. men wine spritzers med sugerør og trashy filmar fra åttitalet, så gjer det ingenting om ein sovnar litt.

sikkert et veldig teit spørsmål..men du har så utrolig fine kjoler og klær. og det minner meg om 50 talls stil. du har så fine former så du passe kjolene så godt. men eg er spinkel og liten, kva slags 50s kjoler trur du kan passa ein spinkel kroppsform?

eg syns at femtitalskjolar med stort skjørt passar dei fleste kroppar, men kanskje heller sekstitalet sine wigglekjolar?

har du nokre nye sminkefavorittar?

ja! bra idé til eit eige innlegg.

kan du visa oss fleire gode veggisoppskrifter?

viser oppskrifter så fort som eg lagar nye bra greier!

kva trur du om livet etter døden, fins det noko der ? eller er det bare slutten på alt? (djupt, eg veit..men ikkje alle spørsmål skal vera enkle..)

eg veit ikkje heilt kva eg trur. men eg tenkjer mykje på korleis det funkar med sjelar og reinkarnasjon. stadig blir det mindre tre i verda og fleire personar. følest som det finst ein sammenheng men eg veit ikkje kva det er.

kven er din favorittkomikar, norsk og utanlandsk ?

eg elskar else kåss furuseth.

viss du har hatt ein heilt på trynet dag, og alt har gått skeis og du endar dagen din på ein fortauskafe under eit lønnetre, kva bestiller du?

varm sjokolade eller kva som helst som smakar hylleblomst.

korleis var den aller fyrste dagen din på vidaregåande? eg skal byrja til sumaren og gruar meg!

nervepirrande og veldig veldig spennande. eg kjente berre éin person i klassen min og følte meg veldig voksen.

hvordan synes du man best burde takle ensomhet?

for meg så er einsemd kun eit holrom som kan fyllast av andre ting, for det er oftast ein heilt ubrukelig følelse. eg omgir meg med personar som gjer meg glad og som eg kan vera ærlig mot og sei ifra når eg ikkje har det noko bra. det er viktig å kunna snakka om å ha det vondt utan at personen som høyrer på alltid har ein strategi for å få ting til å bli bedre. det er fint å vera einsame saman.

hvordan skal du feire syttende mai?

eg feira syttende mai med is og personar eg er glad i, som ein bør!

har du slutta å seie “putikk” og “pursdag”?

jepp.


answers to questions, odds and ends.

comments (15)