onsdag forrige veke tok mine favorittpersonar og eg bussen til førde. til fredrik sin årlige bursdagsfestival. og det var som vanlig heilt vidunderlig fantastisk. i gåve frå meg fekk fredrik ei elleve timar lang speleliste som vart spelt gjennom heile festen og ingen våga seg å røra musikken. og no får han denne filmen. med berre fine folk og glade ansikt. så! her kjem ein film! + bildebonanza:

musikk: veronica maggio – välkommen in

 

bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.


last wednesday, my favorite people and i took the bus to førde to celebrate fredrik’s 21st birthday. for his birthday present i gave him a playlist, 11 hours long, and now a film from his party!

comments (41)

paint.paint.paint.paint.

 

i går kveld malte eg og han der fine rommet mitt, men med prikkar. gule rosa grøne. no følast rommet mitt som eit eventyr. det er perfekt.

 

 


yesterday j and i painted my room. with dots. yellow pink green. my room feels like a fairytale now. perfect.

comments (42)

- sjå favorittfilmane sine og mange episodar av seriar som ein ikkje har sett før. i mitt tilfelle amelié, funny face, eternal sunshine of the spotless mind, gossip girl og house.

- gi seg sjølv ein pause på fem timar fra nyheter med nokon ein er glad i der ein bestemmer seg for berre å gjera noko som ikkje er konstruktivt. som å baka brød, lesa bok eller laga fotoalbum på blurb.com. skru av internett og tv og berre snakk mens ein brukar hendene. helst om noko heilt anna. eg startar på fotoalbumet mitt frå 2011. med bilder frå heile år og fram til no.

- kjøpa eit magasin og lesa det fra perm til perm. eg les you & your wedding.

- laga ønskeliste på amazon. alt som ein har lyst på. wish list.

- laga ei lang speleliste.

- sortera papir, rydda rommet, vaska under senga. alt sånt som ein vanligvis er for opptatt til å gjera men som bør bli gjort og det er akkurat passe distraherande.

- planlegga noko fint, som ein middag om ein har stramt budsjett eller ei reise om ein har pengar til det. det er deilig å ha noko å sjå fram imot. eg planlegg london. skriv pakkelister og brukar google street view som verden og leser london-bloggar.

- ta eit langt bad eller ein dusj. med badebombe eller skrubb eller nokon ein likar å sussa på eller alt samtidig.

- laga akkurat det ein vil til middag. i dag åt eg pasta carbonara med heile familien min.

- ommøblera.

- følgande matvarer: grilla eller steikte maiskolber med salt og litt smør på, opera mints, mango, alt som er bær, denne paien:

0725-1503

2 dl havregryn
1 dl sukker
1 dl mjøl
1 tsk bakepulver
1 tsk vaniljesukker
100 gram smør

skru ovnen på 175 grader. bland alt det tørre i ein bolle. smuldra smøret med alle ingrediensane til det ser ut som det heiter smuldrepai. ha smulderet, ca tre fjerdedelar, i ei smurt paiform, hell på med favorittbæra dine, mine er bringebær, også resten av smulderet på toppen. inn i ovnen til den er gyllen, ca 20 minutt. et med vaniljekesam, vaniljesaus eller is.

0725-1504 0725-1505


things that might help. although things are rough, there are things to do to lighten our hearts and those around us. like give oneself five hours off from the news to bake or make a blurb book from 2011. or make this raspberry crumble.

comments (35)

believe

eg veit ikkje heilt når det blir greit igjen. når det føles okei igjen å blogga. om bøker, om musikk, om bursdagsfest. fram til da så veit eg ikkje heilt kva eg gjer, eller når. kanskje det blir i morgon, kanskje neste veke. eg føler berre at det blir så meiningslaust akkurat no. håpar de har det bra, alle saman. hugs at klemmar hjelper.

 


i don’t know when i’ll be back to being ok again. when it will feel ok to blog. about books and music and birthday parties. i don’t know what i’ll do. or when. maybe tomorrow, maybe next week. i feel like it’s too meaningless right now. i hope you are all allright. remember that hugs help.

comments (18)

oslo

det er ingen som heilt kan forstå kva som har skjedd. korleis det kan finnast så mykje vondt. eg veit at det er mange av mine lesarar som er direkte og indirekte påvirka av det som har skjedd i oslo og på utøya i går. eg håpar de har folk rundt dykk som klemmer hardt og passar på at de snakkar og fortel om alt som de kjenner. det er så viktig. det gjeld for alle andre i dette landet óg, og nordmenn utanlands. dei siste 24 timane har vore ubeskrivelig vonde og eg har grått for mitt eige land, for mitt eige folk. eg er så stolt over måten situasjonen har blitt håndtert på, kor mykje kjærleik som finst. og over stoltenberg som ikkje gir etter men seier at me skal halda fram med å kjempa for det me trur på. eg er overvelda av kjærleik og kor mykje fint og smart som blir sagt. vil berre sitera noko som ein venn av meg skreiv på facebook nettopp: “ein auf’ar sa på cnn då ho fekk spørsmål om dei no vil slå tilbake mot terror: “om én mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen”"

 

 


yesterday was the worst day in norwegian history for as long as i’ve been alive, and i’m absolutely devastated by what has happened. but so overwhelmed by all of the love and i’ve never before been this proud of my country and my prime minister who, instead of breaking from all of the hate says that we will never back down, we will fight for what we think is right. a girl from the camp that was attacked was interviewed by cnn and when they asked her if they now will fight back against terror, she said “if one man can show that much hate, think of how much love we all can show together”. i’m grieving for my country and our loss today. and i’m so very very proud.

comments (27)