this is my book.

«ei lita bjølle på døra læt frå eit anna århundre når me entrar harold sin butikk. i andre gamle hus flyg det støv under taket, her er det glitter. det flyg rundt i rommet, marineblått og smaragdgrønt. dei femten åra som har gått forsvinn i eit stort, utdrege gisp etter pusten. glitteret legg seg, reflekterar lys som den største tåra i verda, ein augekrok som aldri slepp.»

wow, dette er så nervøst og så gøy og så fantastisk spennande! her er altså boka vår, & me skal bli omskapte. under ein luftballong, i ein butikkvegg i covent garden, ligg det eit brev til jakob hov. han er chocolatier i paris og arveprins i familieverksemda, men når gamalonkelen hans døyr, lyt han til london og ta mot ein arv han ikkje har bedt om. der treffer han lucy, tremenningen han nesten hadde gløymt, men som slett ikkje har gløymt han. og så er det grace, som bur på loftet over butikken, utan at nokon heilt veit kven ho er. jakob skal snart finna ut at det ikkje berre er dei levande som har sterke meiningar om kva han bør gjera med livet sitt.

«ho klemmer slik som berre syrgjande gjer, held meg akkurat så hardt og lengje at ho rekk å pusta tungt inn, tungt ut, la fire tårer sykla gjennom ansiktet, og samla seg att. ingen vil bli sett på når dei gret, alt det vonde i brystkassa forvandlar ansiktet til noko ugjenkjenneleg.»

omslaget har eg laga, der det er gull blir det fin gullfolie. er lett kvalm av forventning no, merkar eg, håpar de likar det de ser og at de vil spara småpengar i eit norgesglas til den kjem i september. kva trur de? blir det bra?

translation:
this is our book. roughly translated, the title is “& we shall be changed” although we don’t know if it will ever be translated into english(fingers crossed!).

comments (91)

dei nye reklamefilmane for prada sin parfyme candy er fantastiske. laga av wes anderson og roman coppola, tungt inspirert av magiske jules et jim. elskar elskar elskar desse små filmane, skulle ønska verda var bygd sånn at det kun fantes reklame med jenter som snakka med mat i munnen og lange bursdagskakelys.

 

translation:
i am in love with the new commercials for prada candy. made by wes anderson and roman coppola, very inspired by the magical jules et jim. i love these films. i wish there were more girls on tv who talked with their mouths full.

comments (5)

snart blir eg 23! eg elskar april for det er den beste vårmånaden og både eg og jostein har bursdag. som vanlig ønskar eg meg sjukt mykje fint, og i år ønskar eg meg fine second hand-greier og litt anna fint:

01101Skjermbilde 2013-03-31 kl. 03.06.14
fine greier frå mummi, som frukostbrett og saftmugge, og sjølvsagt koppar. ønskar meg mummimamma, snorkfrøken og poeten, stinky og snorkfrøken.

 

servetter_198239046foto: colorelle
fine serviettar. om eg skal bli ei søt dame med ein million serviettar må eg jo starta snart. med blomar og prikkar og striper og mønster, helst lyse og duse. eller marimekko sine oransje blomster! serviettdame, altså.

 

canon_lens_extension_tube_ef_12_ii_
ein extension tube frå canon, ein canon EF 12 II for å vera eksakt.

 

index
blomstra sugerør frå bhldn.

 

romanticism
foto: nevara

eit hus fullt av peonar.

 

Skjermbilde 2012-11-10 kl. 23.26.42
husrom til passet mitt frå kate spade.

 

IMG_1936-550x689gardiner, fargar IMG_0966-e1344041224784
foto: underbaraclara
nokre meter med fint stoff, kanskje vintage, så eg kan sy meg noko fint.

 

 

02
ein klassisk tulipanvase frå alvar aalto, i normal storleik og kanskje lakserosa eller vanlig gjennomsiktig.

 

130225-hylla2_512b86bde087c37e86bf2221foto: colorelle
second hand-treetasjes boks.

 

Skjermbilde 2013-03-31 kl. 03.29.05Skjermbilde 2013-03-31 kl. 03.31.45Skjermbilde 2013-03-31 kl. 03.29.37
nye sengeklede frå ikea, cath kidston, ikea.

 

Pretty Shabby Plates
foto: such pretty things

litt triste einslege middagsfat med gullkant.

 

F623414.250x222
drill. ja, faktisk. denne er frå bosch, men egentlig er det ikkje så nøye så lenge den funkar. ønskar meg óg fancy koffert med alle typar skruer og spiker.

 

handkrem
eit evigvarande supply av handkrem fra l’occitane, mango eller rose. har allereie fire tubar, blir heilt nervøs om eg ikkje kan sjå ei om eg snur meg mot venstre.

 

Untitled
foto:ann meer.

ostekake på senga.

 

translation:
these are the things i want for my birthday! april is birthday month and i love love love it.

moomin things, pastel and floral napkins, an extension tube from canon, floral straws from bhldn, peonies, a home for my passport from kate spade, yards of lovely (preferably vintage) fabric that i can sew something great from, tulip vase from alvar aalto, second hand three story boxes, bedding from ikea, cath kidston and ikea, single dinner plates with a gold rim(preferably a bit sad), a drill(yes, and also a suitcase with nails and screws of all kinds), everlasting supply of hand lotion from l’occitane in rose and mango, and cheese cake in bed.

comments (9)

Untitled
foto:astrid

noko av det aller kjedeligaste eg veit med bloggverda er når bloggarar har hemlisar. eg er sjølv skuldig, det blir av og til for mykje å berre holda på ein hemlis og er så fristande å sei “eg veit noko men du får ikkje vita det”. som det var då me fekk bokkontrakt og jostein ville holda på det, lenge lenge lenger enn eg kunne orka til eg til slutt berre måtte sei det. det er framleis mykje kremmeri rundt boka vår, kva den handlar om, korleis den er og kva den er. etter mykje fram og tilbake, mykje frustrasjon og vondt i magen har den i alle fall ein tittel heilt på ordentlig, og eg har fått lov av samlaget å dela den; på mandag vil eg fortella ein masse meir enn eg har gjort til no, nemlig sleppa tittelen og visa korleis ho kjem til å sjå ut, denne boka vår. i september kjem den ut. og no er snart alle hemlisar over, snart skal de få lesa i senga og på trikken og vita akkurat kva me har drive med det siste året og meir! eg gler meg masse til å visa fram, mandag mandag mandag.

 

translation:
i hate it when bloggers keep secrets in the open. i’m guilty myself, but on monday i’ll show you our book with its title(in norwegian, with an english translation) and soon the secrets will be over!

comments (11)

så langt i påskeferien(som eg reknar frå laurdag kveld sidan det var då me reiste på hytta til jostein sin familie) har eg:

easter.easter.easter.easter.easter.easter.easter.easter.easter.easter.easter.easter.easter.easter.easter.

- vore i solveggen.
- ete ein halv kvikk lunsj.
- jobba masse med bok og vore veldig sliten på grunn av det.
- lest tunge magasin som eg kun får bæra med venstre hånd for den høgre handa mi er framleis dum.
- ete blodappelsin.
- lest ei bok og grått mine modige tårer.
- høyrt påskelabyrinten kvar morgon.
- ete marsipan.
- tatt mange lurar.
- spelt så himla mykje besserwisser.
- stoppa opp og verkeleg nytt lyset og utsikta frå hytta.
- ete egg til frukost kvar dag.
- tatt oppvasken til gamle modern family-episodar.
- dusja éin gong.
- sett ein dårlig krim.
- ikkje hatt internett.
- spelt idiot(obs kortspel).
- knekt ei negl.
- fått lyst til å brodera.
translation:
since saturday i have:
been in the sun, eaten some chocolate, worked a lot with the book and been tired because of it, read heavy magazines, eaten a blood orange, read a book and cried, listened to the radio, eaten marzipane, napped, played besserwisser, stopped to enjoy the light in the cabin, eaten eggs for breakfast, done the dishes to old modern family episodes, showered once, seen a bad crime show, not had any internet, played cards, broken a nail, gotten the urge to cross-stitch.

comments (7)