photo an hour, sunday.photo an hour, sunday.
08:00
første morgon i den nye leiligheten, me vaknar rundt åtte av sola som skin rett inn på soverommet.

photo an hour, sunday.
09:00
me kler på oss og går ut for å eta frukost ute. men, dei startar ikkje kjøkenet før klokka ti så me får fint sitta ute og lesa i mellomtiden.

photo an hour, sunday.photo an hour, sunday.
10:00
kaffe, granola og ei bok eg har lånt frå jenny som er både rar og fin.

photo an hour, sunday.photo an hour, sunday.photo an hour, sunday.
11:00
me tek overground til hoxton på under tjue minutt, kjøper brød og bollar på steinovnsbakeri og blomar på columbia road flower market.

photo an hour, sunday.
12:00
klokka tolv er me heime att, etter å allereie ha hatt eit søndagseventyr, med geranium og ein masse brød.

photo an hour, sunday.photo an hour, sunday.
13:00
puttar blomane i skåler og vatnar dei godt.

photo an hour, sunday.
14:00
me et lunsj! blautkokt egg på rug- og surdeigsbrød.

photo an hour, sunday.
15:00
flyttar inn litt til, heng opp lyslenka og opnar tusen øskjer.

photo an hour, sunday.
16:00
pausar med te i vinduskarmen på soverommet.

photo an hour, sunday.
17:00
og med magasin på ipad i senga.

photo an hour, sunday.
18:00
fredrik kjem! han var i london for å ha ein showcase på piccadilly circus, magisk å ha så flinke venner.

photo an hour, sunday.
19:00
eg lagar middag, sandwich med kvitlauksmajones, ruccola, halloumi, tomat og avokado.

photo an hour, sunday.
20:00
me drikk kaffi og pratar.

photo an hour, sunday.
21:00
tek fram dei to bollane me kjøpte på bakeri og deler dei begge i tre.

photo an hour, sunday.
22:00
me følgjer fredrik på toget.

photo an hour, sunday.
23:00
blodappelsin og te, og etter det somnar me som om nokon skrudde oss av med ein brytar.

 

 

translation:
08:00
our first morning in the new apartment, we wake up from the sun coming into our bedroom.
09:00
we get dressed and go out to have breakfast out, but they don’t start serving until ten so we sit outside for a while, reading.
10:00
coffee, granola and a book i borrowed from jenny that’s both odd and good.
11:00
we take the overground to hoxton in under twenty minutes, buy bread and buns at a bakery and flowers at columbia road flower market.
12:00
klokka tolv er me heime att, etter å allereie ha hatt eit søndagseventyr, med geranium og ein masse brød.
13:00
i put the flowers in the window sill and water them well.
14:00
we have lunch! soft boiled eggs on rye and sour dough bread.
15:00
move in some more, put up our lights and open a thousand boxes.
16:00
tea break in the bedroom window sill.
17:00
and some magazine reading in bed on my ipad.
18:00
fredrik arrives! he was in london to do a showcase at piccadilly circus. my friends are too great.
19:00
i make dinner, sandwich with garlic mayonnaise, arugula, cherry tomatoes, halloumi and avocado.
20:00
we have coffee and conversation.
21:00
i cut the two bakery bought buns in three. we eat them.
22:00
we take fredrik to the train.
23:00
blood orange and some tea, and after that we fall asleep as if someone flipped a switch.

comments (12)

instagram april.instagram april.
1. dunderstarta april med å sleppa bokomslaget vårt! sjukt spennande var det. / 2. åt vegetartacos med masse guacamole.

instagram april.instagram april.
1. karameller frå pärlans. / 2. glad tjej.

instagram april.instagram april.
1. sløyfefredag. / 2. laurdag med magasin, sjokolade og pekan.

instagram april.instagram april.
1. pastamidda. / 2. jostein sin bursdagsmiddag!

instagram april.instagram april.
1. trevegsskype med sara og frøy. / 2. pappa sin heimelaga frukostblanding.

instagram april.
laurdag på gartneriet.

instagram april.instagram april.
1. lærte å planta om blomar frå svigermor ei helg. / 2. balder som hentar tusen pinnar i elva.

instagram april.instagram april.
1. før-bursdagsgåver. / 2. bursdagsfrukost.

instagram april.instagram april.
1. den finaste barneboka, blodrik og blodfabrikken. / 2. vesle s som åt spaghetti til middag med heile seg.

instagram april.instagram april.
fabelaktige aprillondon.

instagram april.instagram april.
1. holland park. / 2. øl.

instagram april.instagram april.
1. avokadobaconfrukost på recipease. / 2. marsipanglad på kafé.

instagram april.
utanfor vårt utruleg dårlege hotell fantest dette treet som nesten gjorde opp for alt.

instagram april.instagram april.
1. først opp i den nye leiligheten: bursdagsgåvene våre. / 2. flyttepause med te i vinduskarmen.

instagram april.instagram april.
1. ein liten superfin isbil rett utanfor huset vårt! / 2. pastamaskin som eg fekk frå foreldrene mine i bursdagsgåve.

 

 

 

translation:
1. started april off by revealing our book cover and name! in english, it’s “& we shall be changed”. / 2. vegetarian tacos with lots of guacamole.

1. caramel from pärlans. / 2. happy girl.

1. bow-in-my-hair-friday. / 2. saturday with my magazine, chocolate and pecan.

1. pasta dinner. / 2. j’s birthday dinner!

1. threewayskype with sara and frøy. / 2. my dad’s homemade granola.

saturdays at the flower shop.

1. my mother-in-law taught me to re-plant. / 2. balder collecting a thousand sticks in the river.

1. pre-birthday presents. / 2. birthday breakfast.

1. the best children’s book. / 2. my little nephew who ate spaghetti with his entire shirt.

amazing april london.

1. holland park. / 2. beer.

1. avocado breakfast at recipease. / 2. marzipan happy!

this tree was outside of our crazy bad hotel. it almost made up for everything.

1. our birthday gifts up in our new apartment. / 2. a break from moving with some tea in the window sill.

1. the smallest ice cream truck in the world is right outside our house. / 2. pasta machine from my parents for my birthday!

comments (9)

books i read in norway.

medan eg har ein travel dag med å kollapsa i senga etter å ha levert boka for siste gong pluss vore på teater på piccadilly circus, tenkte eg å snakka om bøker. heime i noreg las eg ganske lite bøker sidan eg skreiv så mykje og mest såg på været og vestlandsrevyen, men eg las to:

evig søndag av linnea myhre
var så himla nervøs for å lesa denne sidan det alltid er nervøst å lesa noko ein har visse tankar om på forhand. eg las den ut på éin dag, til frukost og lunsj og te og middag, og syns den var så fin. for dei som ikkje veit kva denne boka er, er den altså linnea som fortel frå seg sjølv om vegen mot å bli frisk. det er ei modig og sterk bok, det er essensen av linnea, den som finst der om ein strippar alle blogginnlegga for humor og sarkasme, så er ho der. så ekte og så bra.

denne boka har nettopp komme i pocket, så kjøp den og les den!

the fault in our stars av john green
har jo vore john green-fan sidan eg las looking for alaska for superlenge sidan, og gledde meg til å lesa denne. sat påskehelga og grein på soverommet for den var så vond. men fy så fin den var óg, og han har skapt eit heilt eige litterært univers der han har laga reglane. den handlar om hazel, ei tenåringsjente som har kreft. i støttegruppa møter ho “a delicious plot twist”, augustus. ei tung bok er det på ingen måte, men det er ei fin historie med mange uventa retningar og eg har sjeldan lest noko som liknar.

(på norsk heiter den noko så grusomt som “faen ta skjebnen”, det dårligaste omsette boknavnet i verdshistoria, og med eit ganske fælt omslag óg. eg ser for meg at ein god del av den språklege finessa forsvinn i den norske utgåva, så les den helst på engelsk om du kan.)

kva har de lest i det siste? vil ha tips!

translation:
whilst i’m having a busy day collapsed in bed after handing in our book for the last time today(!!!) and going to a theatre at piccadilly circus(tourist central station), i thought we could talk about books! in norway i didn’t really read much, i mostly watched the weather, but i read two, only one of which is in english so i’ll talk about that one:

the fault in out stars by john green
i spent easter weekend crying in my room because this book stung so badly. but, it was lovely as well, he’s created his own literary universe where he made the rules. it’s about hazel, a teenage girl with cancer. in support group she meets the “delicious plot twist”, augustus. since it’s written for young adult, it isn’t really a difficult read but a nice story with unexpected turns.

i want tips! what have you read lately?

comments (29)

friday in london.
fredag vakna me tidlig og gjekk ut for å få oss frukost i notting hill.

friday in london.friday in london.
me bestilte, og jostein sat i mellomtiden og las i ei bok om muslimsk mosaikkunst.

friday in london.
eg åt ein sandwich med avokado, tomater og bacon. så utrulig godt.

friday in london.
etterpå måtte eg stikka avgarde, for eg skulle til frisøren. der tar eg aldri bilder fordi eg mest sit med ein plastpose på hovudet, men det var bra! fekk til og med bursdagsgåve av dei fordi eg hadde hatt bursdag same veka.

friday in london.friday in london.friday in london.friday in london.
så reiste eg til tottenham court road og møtte jostein i covent garden. me gjekk på fransk kafé der dei såklart var litt sure som vanlig. eg åt marsipan og jostein åt sitronterte, og me vart dagens heltar då me fann husnøklane deira.

friday in london.friday in london.friday in london.
me gjekk lengre ned i covent garden og kjøpte nokre bursdagsskattar(sånn er det når ein får pengar til bursdagen, ein kan kjøpa gåver i evighet). og jostein hadde mista ein kalosj, noko me ikkje visste da men fann ut seinare men som me sjølvsagt skulle ha sett når me tok bilder av skoa hans. så fekk me for mykje å bæra på, så me måtte reisa ein liten tur innom hotellet før me måtte på overground sørover, for me skulle møta dei som eig leiligheten!

friday in london.friday in london.friday in london.
og me var litt nervøse og litt for tidlig så me gjekk litt rundt i parken og tenkte at det kunne ikkje vera sant at me skulle få bu her med alle desse kirsebærtrea. så fekk me møta dei, verdens finaste par og den fire månadar gamle sønnen deira henry, med smilehol. me gjekk derfra ekstatiske. nederst tar jostein eit bilde av bygget vårt for å rapportera heim.

friday in london.friday in london.
også var me så slitne og svoltne at me hoppa på burger-vogna for andre kveld på rad. og morgonen etter flytta me inn!

 

translation:
on friday we got up early to get some breakfast in notting hill.

we ordered, and j spent the wait reading about muslim mosaic art.

i had a sandwich with avocado, tomatoes and bacon. so good.

after, i had to run to the hairdressers! i never photograph there because i mostly spend my time there with a plastic bag on my head. i even got a birthday gift since i’d had my birthday that week.

then i went to tottenham court road and met j in covent garden. we went to a french café where i had some marzipan and he had some lemon tart, and were heroes of the day when we found their house keys.

we walked further down into covent garden and i bought some birthday treasures(the results of birthday money, getting presents for ever). j had lost one of his rain shoes, which we didn’t know then but found out later but we should have seen it when i took this photo. then we had too much to carry, so we had to stop by the hotel before going south on the overground to meet the people who own the apartment we had gotten!

we were nervous and too early and walked around the park and pinched eachother because it was hard to believe that we were going to live there soon. then we met them, the nicest couple ever and their four month old henry. we left bursting with joy. at the bottom, j is taking a picture of the house to send home.

then we were tired and hungry and jumped on the burger wagon for the second day in a row. and the morning after, we moved in!

comments (8)

first day back in london!first day back in london!first day back in london!
torsdag stod me opp tidlig, tidlig i oslo, reiste som olja lyn til flyplassen og kom oss avgarde til london! me fekk ein time ekstra(tidsforskjell), og reiste rett til kensington og hotellet der me skulle bu i to dagar før innflytning. hotellet var så himla dårlig, men sjukt billig og det gjorde ingenting for me hadde feriekjensla og gjekk rett ut for å utforska. det blomstra alle stadar, og var så deilig varmt og lukta godt.

first day back in london!first day back in london!first day back in london!first day back in london!first day back in london!
ja, de ser jo. så magisk fint var det. me var på veg mot ein park som me gløymte at me skulle til fordi det var så fint der, og plutseleg var me berre i den likevel.

first day back in london!first day back in london!first day back in london!first day back in london!first day back in london!first day back in london!first day back in london!first day back in london!first day back in london!
nemlig holland park! me såg to flotte fuglar og mange glade hundar. også fekk me lyst på is, så me vart detektivar som såg kvar is-bærande folk kom ifrå og gjekk dit.

first day back in london!
og me fann det! eg tok pistasj og kokos, jostein tok sjokolade og bergamot. så reiste me inn til regents street og kjøpte ny bukse til jostein.

first day back in london!
og bussen tilbake til området vårt, eller det vil sei nesten sidan me måtte gå eit langt stykke heim. og medan eg sat på busstoppet og hadde så himla vondt i føttene(stor vassblemmesituasjon) kom ein så fin bloggleser bort og sa hei og eg vart så perpleks for dette er jo london. me snudde heimover med så himla vondt men jostein hadde lovd meg øl på pub.

first day back in london!first day back in london!
me prøvedrakk fleire sortar og fann til slutt ut at me liksågodt kunne eta middag der, så me åt fantastiske burgerar nesten heilt stille også sovna me klokka elleve etter tjue minutt med mad men.

 

translation:
on thursday we got up very early in oslo, and took the plane to london. we went straight to kensington where we were going to stay for two days before we could move into the apartment. the hotel was so awful, but super cheap and it didn’t really matter because we felt like we were on vacation and went out to explore.

everything was blossoming and the streets were warm and smelled so good. we were on our way to the park but kind of forgot about it until it was right in front of us.

holland park! we saw two great birds and a lot of happy dogs. then we wanted some ice cream and investigated by going the opposite direction of everyone sporting a cone.

and we found it! i had pistacchio and coconut, j had chocolate and bergamot. then we went into regents street to get j some new jeans.

and the bus home. we almost got there but not quite and i had to just be brave and walk home with huge blisters on my feet, so painful but with the promise of beer at the pub motivating me to walk.

we had several kinds and found out that we might as well have dinner there. so we had some amazing burgers almost quietly and then we fell asleep at eleven after twenty minutes of mad men.

comments (33)