
veckans babe er ulrika, som har ein så utrulig fin liten blogg som handlar om mote og interiør og livet. når eg les bloggen hennar får eg lyst til å flytta til eit lite hus i sverige og gå på loppis kvar helg.
translation:
this week’s babe is ulrika. her blog makes me want to move to the swedish country side and go to flea markets every weekend.
då eg såg moleskine sine nye fantastiske kvite notatbøker etter vekesvis med tanketenk og eit behov om å få skriva saker ned, bestilte eg endeleg ei. eg fekk følga den på vegen, gjennom italia og hit til postkassa mi, og hoppa litt når eg hadde ho i hendene. eg har elska å skriva dagbok sidan eg var lita, alltid skrive masse, men tidlig i tenåra slutta eg og skreiv heller i dagboka på blink.
eg skriv når eg føler for det, men kun tankar og ingen sjekklister eller webdesignskisser. det finst det andre bøker til. dette er tankeboka. og det føles utruleg bra å berre få skriva det ut. eg treng ikkje å passa på korleis eg skriv ting fordi andre skal lesa det, treng ikkje skriva fint så andre skal forstå det. det er ikkje nøye om eg forstår det sjølv eingong, det viktige er å få formulert tankane på papir, liksom få dei ut av hovudet så ein får sett dei og putta dei i skuffene der dei høyrer heime. også kan ein elta og fundera, for evig og alltid. og drøyma om vår og kirsebærtre.
translation:
i’ve finally started writing a journal again. it’s a white moleskine, only for thoughts. it feels so good to have somewhere to write things down, seeing my thoughts on paper lets me understand them better. it makes me happier.

vintage photobooth, med berre masse bilder av flotte folk frå før i fotoboksar. her er collage av sjømenn. <3

korsstingsperler! fantastisk fin diy.

at våren kan sjå sånn ut i japan. ein vakker dag må eg jo reisa dit og sjå det med mine eigne auge. bildet er linka.

denne etsy-butikken som lagar og selger så flotte bokstøtter.

hundra saker, av femtonpixlar.

klara bothen sin fine lille leilighet, via design sponge. er i interiørmodus no sidan me snart skal flytta.

dette bildet av erwin olaf i serien mature. resten av serien syns eg er overseksualisert og litt ubehagelig, men akkurat dette bildet er fantastisk. ho er så komfortabel og sikker, elskar elskar elskar det.

blomstervinylspelar frå urban outfitters.
elsa sin hundefilm frå påskeferien. hund hund hund. vil ha ein dachs med altfor store øyre no, kanskje skal heita ovnsrøret sjølv om det blir eit vanskeleg navn i england.
translation:
1. watermelon doormat.
2. vintage photobooth, here a collage of sea men.
3. bead diy.
4. that spring can look like this in japan. image is linked.
5. this lovely shop on etsy with great bookends.
6. 100 things, by femtonpixlar.
7. klara bothen’s apartment.
8. this image from erwin olaf’s series mature. the rest of the pictures are, in my opinion, over-sexualized and uncomfortable, but i love this one. she is confident.
9. flower vinyl player from urban outfitters.
10. elsa’s dog film from easter. god i want a dachs right now.
i dag deler eg oppskrift på perfekte amerikanske pannekaker som er tjukke og tunge men luftige i midten. lov at de lagar dei. dei er utanomjordisk gode. de kan finna dei på økologisk.no, som vanleg.
translation:
sharing american pancakes today, in norwegian!
i går kveld såg eg og jostein denne fantastisk fine lille franske filmen, romantics anonymous. den handlar om angelique som er chocolatier, og jean-rené som eig ein sjokoladefabrikk. dei er begge to overnervøse menneske som har vanskeleg for å kommunisera med andre. ho er eigentleg den mest fantastiske sjokolademakaren som finst, men ho er for nervøs til å sei det til nokon. ho går i støttegruppe og han går til psykolog. ho syng for seg sjølv for å roa seg sjølv ned, og han har alltid med seg tre skjortebytte uansett kvar han går for han blir så sveitt. også blir dei såklart forelska i kvarandre. ein forsiktig, nervøs kjærleik som ein så sjeldan ser på film. var heilt varm i hjartet etterpå, den var så vakker med fine utsnitt og fargar, og så rare karakterar uten det openbare plotet. fekk lyst til å skriva ei heil bok til om sjokolade. vil anbefala å kjøpa ein boks med konfekt og sjå den med ein fin venn i helga.
translation:
last night j and i watched this little french film, romantics anonymous. it’s about angelique, a chocolatier, and jean-rené, owner of a chocolate factory. they are both highly emotional people and have difficulty communicating with others. she’s really the most amazing chocolatier there is, but she’s too nervous to let people know. she goes to a support group and he goes to a therapist. she sings to calm herself down and he always brings three shirts with him because he gets so sweaty. and of course they fall in love with eachother. a careful, nervous love you so rarely see in the movies. my heart was all warm and fuzzy after, it’s so beautiful with its amazing photography and colors, and odd characters with a not-obvious plot. it made me want to write a whole new book about chocolate. get a box of chocolates and watch it with a friend this weekend.

















































