photo an hour sunday.


08:00
første morgon i den nye leiligheten, me vaknar rundt åtte av sola som skin rett inn på soverommet.

09:00
me kler på oss og går ut for å eta frukost ute. men, dei startar ikkje kjøkenet før klokka ti så me får fint sitta ute og lesa i mellomtiden.


10:00
kaffe, granola og ei bok eg har lånt frå jenny som er både rar og fin.



11:00
me tek overground til hoxton på under tjue minutt, kjøper brød og bollar på steinovnsbakeri og blomar på columbia road flower market.

12:00
klokka tolv er me heime att, etter å allereie ha hatt eit søndagseventyr, med geranium og ein masse brød.


13:00
puttar blomane i skåler og vatnar dei godt.

14:00
me et lunsj! blautkokt egg på rug- og surdeigsbrød.

15:00
flyttar inn litt til, heng opp lyslenka og opnar tusen øskjer.

16:00
pausar med te i vinduskarmen på soverommet.

17:00
og med magasin på ipad i senga.

18:00
fredrik kjem! han var i london for å ha ein showcase på piccadilly circus, magisk å ha så flinke venner.

19:00
eg lagar middag, sandwich med kvitlauksmajones, ruccola, halloumi, tomat og avokado.

20:00
me drikk kaffi og pratar.

21:00
tek fram dei to bollane me kjøpte på bakeri og deler dei begge i tre.

22:00
me følgjer fredrik på toget.

23:00
blodappelsin og te, og etter det somnar me som om nokon skrudde oss av med ein brytar.
translation:
08:00
our first morning in the new apartment, we wake up from the sun coming into our bedroom.
09:00
we get dressed and go out to have breakfast out, but they don’t start serving until ten so we sit outside for a while, reading.
10:00
coffee, granola and a book i borrowed from jenny that’s both odd and good.
11:00
we take the overground to hoxton in under twenty minutes, buy bread and buns at a bakery and flowers at columbia road flower market.
12:00
klokka tolv er me heime att, etter å allereie ha hatt eit søndagseventyr, med geranium og ein masse brød.
13:00
i put the flowers in the window sill and water them well.
14:00
we have lunch! soft boiled eggs on rye and sour dough bread.
15:00
move in some more, put up our lights and open a thousand boxes.
16:00
tea break in the bedroom window sill.
17:00
and some magazine reading in bed on my ipad.
18:00
fredrik arrives! he was in london to do a showcase at piccadilly circus. my friends are too great.
19:00
i make dinner, sandwich with garlic mayonnaise, arugula, cherry tomatoes, halloumi and avocado.
20:00
we have coffee and conversation.
21:00
i cut the two bakery bought buns in three. we eat them.
22:00
we take fredrik to the train.
23:00
blood orange and some tea, and after that we fall asleep as if someone flipped a switch.
photo an hour wednesday.


09:00
vaknar av at det ringer på, det er min nye hårolje som kjem på døra.


10:00
et frukost med jostein og ser to episodar friends.


11:00
jobbar frå senga sidan alt er litt snudd på hovudet her.


12:00
gjer meg klar til å gå ut.


13:00
tek toget med denne fine personen.


14:00
framme i south kensington! me går til v&a.



15:00
og ser på moteutstillingane før me et lunsj i kaféen.



16:00
til dessert, litt bok og ei custard tart.



18:00
me går ut i south kensington-kvelden og ser på prints i ein fin liten butikk. me set oss på ein kafé og jobbar.



19:00
og drikk såklart litt te.



20:00
og jobbar litt meir, heilt til dei stengjer.


21:00
då reiser me heim og lagar lompepizza til middag.


22:00
eg jobbar frå sofaen og ser på at jostein malar ein vegg.


23:00
også pakkar eg ut printet eg kjøpte og dusjar. legg meg med blautt hår og mange, mange sider i boka mi.
translation:
09:00
i wake up from the doorbell ringing, my new hair oil being delivered!
10:00
have breakfast with jostein and two episodes of friends.
11:00
i work from bed since everything is a little turned upside down here.
12:00
i get ready to go out.
13:00
i go on the train with this pretty person.
14:00
in south kensington! we walk to the v&a.
15:00
we look at the fashion department before going to the café.
16:00
for dessert, some reading and a custard tart.
17:00
still at the museum.
18:00
we go out into the south kensington and look at prints in a little shop. we go a café and do some work.
19:00
and we have some tea, of course.
20:00
and work some more, until they close and throw us out.
21:00
then we went home and made tortilla pizza for dinner.
22:00
i work from the couch and look at j painting a wall.
23:00
i unpack the print i bought earlier ad take a shower, go to bed with wet hair and a lot of pages in my book.
a photo an hour, friday.


09:00
vaknar av matleverans! me får mat ein gong i veka levert på døra. luksus og økonomisk samtidig!


10:00
et frukost med jostein, surdeigsbaguette og eggerøre, smoothie og lakris- og peppermyntete.


11:00
gjer meg klar til å gå ut.


12:00
reiser på toget inn til byen, les bok medan eg ventar.


13:00
framme på oxford street, strollar rundt i nye gater.


14:00
hentar noko veldig viktig på scandinavian kitchen.


15:00
går på butikken for å kjøpa nødvendige helgegreier, tar omvegar i marylebone før eg finn tuben og vegen heim.


16:00
heime igjen, skriv lister og jobbar litt.


17:00
gjer oss klare til å reisa ut i regnet igjen.


18:00
møter caitlin og lucy i køen på meat liquor.


21:00
me snakkar i det uendelige.


22:00
eg og jostein blir med caitlin heim, me drikk vin i senga og snakkar om familiar og tv.


00:00
ventar på toget på london bridge, aka the drunk train og det er fulle folk og verre overalt.


01:00
jostein bærer skoa mine heim fra toget, eg går i kalosjane hans.


02:00
me lagar milkshake og ser på seinfeld før me sovnar.


translation:
09:00
we wake up from the doorbell, food delivery! we get food delivered once a week, luxurious and money-wise at the same time.
10:00
have breakfast with jostein. sour dough baguette and scrambled eggs, smoothie and licorice- and peppermint tea.
11:00
getting ready to go out.
12:00
go on the train, i read a book while i wait.
13:00
arrive at oxford street, stroll around in new streets.
14:00
i get something very important at scandinavian kitchen(norwegian porridge rice, we’ve been especially homesick lately).
15:00
i go to the store to get necessary weekend things, take long shortcuts in marylebone before i find the tube and go home.
16:00
at home, writing lists and working.
17:00
getting ready to go out into the rain again.
18:00
we meet caitlin and lucy in the queue at meat liquor.
19:00
we eat.
20:00
we drink.
21:00
we talk and talk some more.
22:00
j and i join caitlin and go to her place, we drink wine and talk about families and tv.
23:00
walk to the tube.
00:00
we wait for the train at london bridge, aka the drunk train, with drunk people absolutely everywhere.
01:00
j carries my shoes home from the train(new shoes = bad idea) and he lends me his overshoes.
02:00
we make milkshakes and watch seinfeld before we fall asleep.
hour by hour, instax monday.

10:00 står opp, lagar frukost. dorset cereal med hylleblomst og tørka bær + gresk yoghurt.
11:00 reiser ned til lewisham for å gå på postkontoret og snoka i bruktbutikkar.

12:00 hentar min fine pakke frå modcloth, eit fantastisk skjørt som skal bli min beste venn på special events i sommar.
13:00 jobbar litt heime og reiser til slutt for å møta jostein på charing cross.

14:00 på vegen køyrer eg forbi waterloo station med denne flotte fasaden.
15:00 framme med jostein, me går litt i second hand-butikkar og snakkar om ferien me skal ta til helga.

16:00 me set oss ned på kafé.
17:00 et mat og les litt i kvar våre greier, eg et ein purrebrioche og les homes & antiques, mitt nye beste magasin.

18:00 går masse rundt i covent garden, jostein får endelig kjøpt ei ny bukse som er heil og ikkje går ifra kvarandre i heile tatt.
19:00 kjøper det nye frankie i monmouth street og går mot charing cross att.

20:00 tar toget heim, der er big ben.
21:00 et middag, mykje bedre enn det ser ut. couscoussalat med ovnsbakte grønnsaker og sultanarosiner. nomnom.

22:00 dessert: juice av gulrot, eple og ingefær.
23:00 me ser bones og jostein gjer seg klar til å gå ut.

24:00 me går på kveldstur i regnet, det regnar som om nokon i himmelen er sinte.
01:00 kjem heim, legg meg til å sova med syrinlukt på hendene. ♥
translation:
10:00 i get out of bed, make breakfast. dorset cereal with elderflower and dried berries + greek yoghurt.
11:00 take the bus to lewisham to look around the charity shops and pick up a parcel at the post office.
12:00 can’t wait and open the box i picked up, it contains my new modcloth skirt.
13:00 work a bit from home and go to meet jostein at charing cross.
14:00 on my way i go past waterloo station’s beautiful facade.
15:00 with jostein! we look around in some charity shops and talk about our upcoming vacation.
16:00 we sit down at a café.
17:00 we eat and read, i had a leek brioche and read homes & antiques, my new favorite magazine.
18:00 we walk around in covent garden, jostein finally buys a pair of pants that aren’t falling apart.
19:00 i buy the new frankie in monmouth street and walk towards charing cross again.
20:00 take the train home, there’s big ben!
21:00 we eat dinner, much better than it looks; a cous cous salad with oven roasted veggies and sultana raisins nom.
22:00 dessert: juice of carrot, apple and ginger.
23:00 we watch bones and jostein gets ready to go out.
24:00 we go on a midnight stroll in the rain.
01:00 we come home and go to bed with our hands smelling like lilacs.
a little bit of saturday, hour by hour.

12:00
eg vaknar og et frukost i senga. mens eg sminkar meg og ser på 30 rock. special k og kirsebærsmoothie.

13:00
møter carrie på haggerston og me går ilag til broadway market. på vegen møter me blomstrande tre, det er verkeleg som å bu i ei anna verd her.






14:00
me går rundt på marknaden, går inn i små butikkar og kjøper fine cupcakes i ein boks. eg kjøper seks glas på ein fantastiske butikk.


15:00
me set oss på ein benk i london fields og et cupcakes og snakkar om kjærestane våre og ler av alle dei fine hundane som spring rundt som galne innanfor parkområdet.



16:00
me går innom hackney city farm mens me går rundt og gjer ingenting på leit etter mat. dei hadde esel og store store grisar og ein masse høner.

17:00
me et mat på ein kafé, eg et french toast og carrie et bønner på toast, så britisk som ho er.

18:00
me seier hadet og legg planar for neste gong og eg hoppar på overgrounden heim.

19:00
eg kjem heim, vaskar opp dei nye glasa mine, et ein bitteliten pizza og blir plutselig så pangtrøtt at eg ser ei episode bones og sovnar klokka ni. også intervallsøv eg heilt til det var søndag. og det var min fine korte laurdag.
translation:
12:00 i wake up and eat breakfast and put my make up on in front of 30 rock. special k and a cherry smoothie. 13:00 i meet carrie at haggerston and we walk together to broadway market. on our way there we meet some blossoming trees, it’s like a completely different planet. 14:00 we walk around the market looking at things, and get a box of cupcakes. i buy six glasses at an amazing shop. 15:00 we sit on a bench in london fields and talk about our boyfriends and smile at the dogs running around. 16:00 we stop by at hackney city farm while looking for food. 17:00 we eat! i eat french toast and carrie eats beans on toast, very british. 18:00 we say goodbye and goodnight and i hop on over to the overground home. 19:00 i get home, wash my new glasses, eat a teeny tiny pizza and all of the sudden get so tired i just crawl into bed, watch an episode of bones and sleep in intervals until sunday. and that was my short saturday for you.




























