christmas gift ideas.

christmas

hei, alle saman! her er eit innlegg eg har jobba med litt og litt sidan forrige jul. tankar om spesielle gåver som ikkje kostar all verda og som er kreative og kan gjerast på mange ulike måtar. eg elskar jul, for den gjer at eg blir så kreativ og miljøbevisst. til innpakning brukar eg magasin- eller avispapir! det skal jo resirkulerast uansett. eg syns me alle skal laga litt meir og kjøpa litt mindre ting til jul. det er sånt som folk hugsar når dei pakkar opp. i fjor laga eg til dømes kokebøker til nokon av vennene mine gjennom blurb.

Untitled

^ ganske dramatisk, men det er sant. for å laga sine eigne gåver må ein vera veldig modig og planlegga tidlig og ha planane klare, altså begynna typ i oktober. her er mine idéar til jul i år:


flybillettar.
til sine foreldre eller søsken eller personar ein vil vera ekstra gode mot kan ein kjøpa flybillettar. herregud eg hadde blitt så himla glad for flybillettar. eller togbillettar! kanskje frå bergen til oslo eller ein annan fin stad ein kan oppleva ilag. det krever litt planlegging, men det er det verdt.


afternoon tea.
inviter venene dine til afternoon tea-selskap der du følger heile etiketten rundt det. ein invitasjon er gåva under treet, kanskje i ein fin boks! det aller beste er å skaffa seg denne fantastiske boka, så kan ein verkeleg gjera det etter alle kunstens reglar, det finst óg sminketutorials og frisyrehjelp. men av og til er det enklaste det beste: lag scones, kjøp syltetøy, kok te etter det som står på pakken og ha sukkerbitar på bordet i ei fin skål. skriv på invitasjonen at alle må kle seg i det finaste dei eig. fine minne er dei beste gåvene.


heimelaga frukostblanding.
rist hakka hasselnøtter i ei panne, bland med havregryn og hasselnøtter og alt anna du har lyst til å finna i din eigen frukostblanding. eller lag etter mi oppskrift her. ha oppi ein gjennomsiktig cellofanpose med sløyfe på. ein skikkelig fin gåve til kalde januarmorgonar.


ein januar-kalender.
for mange er det januar som er vanskelig. desember er som oftast med glitterkant på, og ein kan ofte gå på ein smell i januar. lite å sjå fram mot, langt frå familie og venner og ingen mamma som lagar kjøttkaker til middag. eg foreslår å laga ein januar-kalender, med éi fin pakke for kvar dag som går. innhaldet treng ikkje å kosta så dyrt; bilder som får ein til å smila sjølv om ein er skikkelig kald på tærne, ein bit sjokolade å laga kakao av, ein fox delt på to dagar, eit eingangskamera. også eit par skikkelig fine, som favorittboka di med notatar og eseløyre eller gåvekort på kino.


overlevelses-usb.
usb-pennar er ganske billige no for tida. fint å kjøpa ein på nokre gb også fyller ein dei med ein film eller ein tv-serie eller ei lang spelelista for dagar der ein berre vil ligga på ryggen i senga. eit survival-kit, heilt enkelt.


magnetar
kjøp nokon fine knappar på ein loppis eller bruktbutikk og fest dei på magnetar, eller! kjøp nokon fine plastdyr, kutt dei i to og fest magnetar på dei. kanskje dypp dei i gull først, som her. eg kjøper magnetar på amazon, ein kan óg kjøpa dei på clas ohlson.


ein 2013-kalender
kjøp litt tjukt papir og lag ein håndteikna/mala kalender! eg ville ha kjøpt litt fint akvarellpapir og malt blomar eller mønster i oransje og rosa.


sy eit skjørt.
gå i skapet til personen du vil gi denne gåva til og “lån” eit skjørt du veit at ho brukar ofte. kopier så dette skjørtet i eit fint stoff! det høyres komplisert ut, men det er ikkje egentlig det. legg skjørtet over eit stoff og teikn og klipp rundt. prøv! om du treng meir info, kan du til dømes sjå her.


strikk.
ein dag om ikkje så altfor lenge skal eg læra meg å strikka på ordentlig, og da skal eg strikka sokkar og tøfler. det er sånt som folk alltid, alltid, alltid blir glade for. om de kan strikka; strikk!


instant collection.
ein instant collection er når du kjøper minst tre av noko, altså ei samling! best å gå på loppis eller bruktbutikk, her er forslag til kva ein kan kjøpa: glasflasker, porselenshundar, brosjar, bøker i same serie, boksar(fylte med heimelaga karameller!), servise i same blåtone.

no vil eg gjerne høyra kva de har for idéar til jul! kva skal de gje vekk i år som de har laga eller kjøpt brukt?

translation:
i think we should all make more and buy less stuff during christmas. my ideas this year are: plane tickets, invitation to a proper afternoon tea. homemade granola. a big january calender with gifts for every day, because january is such a hard month after december’s jolly holiday. survival flash drive with movies and music for bad days. magnets made out of second hand buttons or plastic animals cut in two and sprayed gold(i get my magnets at amazon). sew a skirt, it’s really not that hard. an instant collection, suggestions: glass bottles, porcelain dogs, brooches, books in the same series, tins(filled with homemade candy). what are your ideas?

♦ smileruter no⁶.

smileruter.

endeleg kjem smileruter nummer seks! det har tatt lang tid, men eg håpar de framleis er med på lasset. i smileruter sender de meg bilder innanfor eit visst tema, som eg så gjer om til ein mosaikk, les alt du treng å vita om prosjektet her. temaet denne gong er: slabberas. sidan mykje av poenget med smileruter er å få folk til å gjera sånt dei ikkje ville gjort ellers, vil eg utfordra alle til å invitera nokon heim til seg på kaffe og kake i helga! eller kanskje ein konfekt. hugs at eg vil ha nye bilder, vil at de skal oppleva noko nytt, ikkje send meg arkivbilder. håpar alle vil vera med!

fristen er 25.oktober, de sender bildene til smileruter@hjartesmil.com eller! dette er nytt: de kan pinga meg på instagram, da skriv de “@hjartesmil #smileruter6″ i ein kommentar under bildet.

 

smileruter er herved over!

translation:
this is project smileruter, finally back. you can read all about the project here before you join. this time, the theme is: tea party/coffee party/something party. it could be just you, it could be with some friends. send me the pictures at smileruter@hjartesmil.com before october 25th, or ping me on instagram! just write “@hjartesmil #smileruter6″ in a comment below the photo. i really hope you want to join in!

♦ smileruter no⁵ – frukost.

smileruter no 5.

joanna. marie. may. ida. caroline. /
marit. joanna. beatrix. marie. helene. /
n.n. maiken. joanna. helene. kaja. /
camilla. ingvild. christin. emelie. maria. /
caroline. nora. silje. synne. maren. /

her er frukostsmileruter. dei fekk meg til å smila. kor fint det er at de et så mykje fargerikt til frukost, og at de gjorde ein innsats for å få fine bilder. det er jo det dette prosjektet handlar om! å gjera kvardagen litt meir interessant.

translation:
these are the breakfast boxes! they really made me smile. it’s so nice that you eat so many colorful things for breakfast, and that you made an effort to get great shots. that’s what this project is about, after all! making everyday life a little more interesting.

redecorated.

redecorated. <3

no kjem bilder av mitt og jostein sitt fantastiske nye soverom! eg og frøy har mala etter mitt og svigerfar sitt forarbeid, det er heilt fantastisk fint. blir heilt yr av glede. rommet vart sist pussa opp i 1952, da bestefaren og bestemora til jostein budde der mens dei bygde sitt eige hus på garden. det blir så fint å komma tilbake hit og føla at dette soverommet er liksom vårt no, på ordentlig. det er det første rommet eg har pussa opp heilt på eiga hand sjølv, føles skikkelig voksent. no kan eg sparkla og pussa(med pussemaskin) og mala og venta på at det tørkar. ikkje perfekt, men bra nok. elskar å læra nye ting! uansett, no får de sjå! bildemaraton:

redecorated. <3redecorated. <3redecorated. <3redecorated. <3

sengene var i kjedelig furu før, me malte dei kvite med blått fyll.

redecorated. <3redecorated. <3redecorated. <3redecorated. <3redecorated. <3

koffertane tilhøyrer bestefaren til jostein, dei fekk vera nattbord for dei er altfor fine til å ha bortgøymt i eit kott eller på eit loft.

redecorated. <3redecorated. <3

bildet på veggen er noko av det finaste eg og jostein eig. og det var slutten på bildemaratonen. no har me hatt inspeksjon: alle på garden kjem innom og ser korleis det har blitt. så har eg, frøy og lille t hoppa i senga og leikt gøymsel(ein må jo berre elska gamle hus med store kott og djupe skap og spisskammers).

translation:
here are some pictures of jostein and mine bedroom in the old house. frøy and i have painted these last few days, it’s so lovely it makes me woozy with joy. the room was last redone in 1952, when j’s grandfather and grandmother lived here while building their house on the same farm. it’s going to be so lovely to come back here and really feel like this is our bedroom now. it’s the first room i’ve ever redecorated on my own, feels very grown up. i now know how to spackle and paint and wait for it to dry. love learning new things!

the beds were so boringly wooden, so we painted them white with blue fillings.

the suitcases belong to j’s grandfather, they’re our nightstands now because they are far too pretty for an attic.

the picture on the wall is one of the most precious things we own. and that concludes this marathon. we’ve been inspected now: all the people on the farm come to take a look at the results. after, frøy, little t and i jumped in the bed and played hide and seek(gotta love old houses with big deep closet spaces.

♦ smileruter no⁵.

fjerde tema er: frukost! instruksjonar kan de sjå her. hugs å senda bildene i normalt format, slik at eg kan klippa det til sjølv. send til smileruter@hjartesmil.com før 17.juli. lykke til! og; om de har bloggar, send meg adressa, så får de ein link i innlegget.

hugs óg på å prøva å vera originale, sidan eg vil ha mest mulig forskjellig i den ferdige smileruta. lag og fiks og triks og ver inspirerte! send gjerne fleire bilder om de vil.

obs! eg veit at mange sender meg bilder som dei allerede har, men heile poenget med dette prosjektet er jo å setta gullkant på kvardagen, å gjera ein liten innsats for å ha det fint også fotografera det. tenk litt på det!

translation:
the fourth theme is: breakfast! instructions are here. remember to send the files in their original format, so i can crop them myself. send it to smileruter@hjartesmil.com before july 17th. good luck! and, if you have blogs, send me the adresses and i’ll link you in the entry. also remember to be original, since i want some variety in the finished project. wine and dine and be creative! and you’re free to send multiple pictures if you’d like.