How has it been lately? A list.

Untitled

 

+ + + + +
At me blir heilt hinsides bortskjemte av søstra til Jostein og familien med digg mat og vin. I går kveld fekk me indisk cashew-kylling, så sjuuuukt godt vil eta det igjen i dag den dag.

+ + + + +
Avreise til Bergen i dag, med ei søster som tar imot oss på bussplassen og fine jobbar som ventar der. Og middagsplanar med Fredrik i kveld

+
Sjuk baby i natt som hadde vondt og var trist og ikkje kunne trøstast

+
Flynervene som meldte seg samtidig som gråten

+ + + + +
Fine nye ting til alle i familien

+
Pengeangsten som alltid melder seg

+ +
Eg saknar plantene mine og rutinene mine og det stille. Kvifor kan ein aldri vera fornøgd med det ein har når ein har det? Har lengta sånn mot denne turen, liksom. Er irritert på trikkar og ungar og bygningsarbeid som held ungen min frå å sova

+ + + +
Gode råd frå ein framtidig kollega, og det gjorde ingenting at Saga var med på møtet og rulla på golvet og drog i ledningar og vart trøytt.

+ +
Nye deilige magasin som eg såvidt har turt å opna på og vil spara, men ikkje veit når eg skal få ro til å nyta

+
Ein dyr te eg kjøpte som ikkje var verdt pengane. Min minst gode kombo = dyrt og ikkje bra.

+ + + + +
Har tatt bilder av to månadsgamle babyar denne veka og herregud så verpesjuk ein blir.

+
Jostein og eg som var sure på kvarandre i ein heiskø på Steen og Strøm, det gjekk fort over men var eit så perfekt eksempel på kva stress gjer med oss. Kven gidd å stressa meir enn nødvendig, liksom? Stress er sånn valuta i våre dagar, jo meir ein har jo meir suksessfull er ein og det er sånn bullshit. Det gjer ein berre uoppmerksom og sjølvsentrert.

+ + + + +
Ei natt i hotellseng framfor meg. Faktisk tre netter i hotellseng framfor meg.

+ + + + +
We’re so spoiled by Jostein’s sister and her family with delicious food and wine. Last night we had an indian cashew chicken, soooo good I want it again todayyyyy.

+ + + + +
Leaving for Bergen today, with a sister waiting for us at the bus stop and good assignments waiting there. And dinner plans with Fredrik tonight!

+
A baby who was in pain and sad last night and couldn’t be consoled

+
My fear of flying that came rushing back during her tears

+ + + + +
Pretty new things for everyone in this little family

+
My anxious feelings about the money I spent

+ +
I miss my plants and my routines and the quiet. Why can’t I ever be happy with what I have when I have it? I’ve longed so much for this trip, I’m annoyed by trams and kids and construction work that keeps my baby from sleeping

+ + + +
Good advice from a future colleague, and she didn’t mind Saga joining in on our meeting, rolling around the floor pulling at wires, getting tired

+ +
New lovely magazines that I’ve barely opened and want to save but don’t know when I’ll have the time calm to enjoy

+
An expensive tea I bought that wasn’t worth my money. My least favorite combo = expensive and not good

+ + + + +
I’ve photographed two month-old babies this week and oh my god, the broodiness!

+
Jostein and I grew sour as we waited for a lift in a shopping centre. It passed quickly, but was such a perfect example of what stress can do to you. Who can be bothered to stress more than necessary? Stress is such a strong way to measure success these days, the more you have the better, it’s such bullshit. It just makes you unattentive and self centered.

+ + + + +
A hotel bed night in front of me. Actually three hotel bed nights in front of me.

 

Great things


Sidan året starta har eg hatt ein automatisk overføring på 200 kroner i veka til ein personlig sparekonto. Eg tenkte som så at 200 kroner er ei mengd pengar eg ikkje egentlig legg så veldig merke til at forsvinn. Så i nokre månader no har det berre forsvunne litt og litt utan at eg har hatt vondt av det, og no fantaserer eg om kva eg vil bruka mine partusen kroner på. Kanskje eg skal venta til bursdagen min om ein månad og kjøpa noko ordentlig fint til meg sjølv?
Since the beginning of this year I’ve had an automatic transfer for 200 kroner (around 20 GBP) a week to a personal savings account. I thought 200 kroner is an amount of money I wouldn’t really think about going out of my account. So for a few months it’s been seeping out without me even noticing, and now I’m fantasizing about what I want to spent my money on. Maybe I’ll wait for my birthday and buy myself something great?

Jostein og eg utviklar eit fiskerepertoire akkurat no, og det går veldig bra. Fisk er jo ikkje min favoritt, men eg pushar meg sjølv veldig til å finna rettar som funkar med mykje smak. Til no har me ein kick-ass fiskegrateng og ein super fiskefingerburger (i brioche-brød med remulade!), også blir eg titt og ofte fysen på bacalao. Forrige veke kom foreldrene mine på middag, og da laga me asiatiske fiskekaker og det var SÅ godt. Eg brukte oppskrift frå youtube over her
Jostein and I are developing a bigger selection of fish recipes right now and it’s going really well. Fish isn’t my favorite, but I’m pushing myself a lot to find dishes that work with a lot of flavour. Now we have a lovely fish gratin, a delicious fish finger sandwich (in a brioche bun, with tartar sauce!), and I also crave bacalao. Last week, my parents came to dinner, and we made asian fish cakes that were SO good. I used a recipe from youtube (it’s in danish, but I think the recipe underneath it can be easily translated)

 

 

Weekend loves & links

Hei frå søndagskvelden! Me er i Oslo, hos søstra til Jostein og lever life. Ungen har som ved eit sjokk sovna kvart over sju i dag. Ho vaknar med lyset no, og det blir jo lyst klokka seks om morgonen. Det gjer óg fetteren til S på tre år som sneik hovudet inn døra litt over seks og sa “nå er det morgen!”. Så innmari fint.

Me har det travelt både på jobb og sosialt, og undervurderer konstant kor annerledes det er å ha med seg vogn og bebis i by. Men i dag hadde eg på meg solbriller for første gong i år. Eg har nokre linkar til dykk, og håpar de framleis er i helgemodus!

Hi sunday! We are in Oslo, at Jostein’s sister’s house, living life. The baby has as by a shock decided to fall asleep at 7:15pm today. She wakes up with the light now, and it gets light at 6am. S’ three year old cousin wakes up with the light too, he poked his head through our door this morning and said “it’s morning!”.

We’re busy both at work and socially, and we’re constantly underestimating how different it is to bring the pram and baby in a city. But today I wore sunglasses for the first time this year. I have some links for you too, hoping you’re still in weekend mode.

Bonlux på Etsy har så utrulig søte produkt!
Bonlux at Etsy has very cute products.

Carrie har laga ein så inspirerande og proppfull Amsterdam-guide som får meg til å lengta SÅNN dit. Jostein har jo aldri vore der heller!
Carrie has made such an inspiring and full guide to Amsterdam that makes me long there. Jostein had never been there!

Sesong 3 av Broadchurch, er det nokon andre som ser? Jostein og eg var veldig MEH til heile sesong to, men denne sesongen er jo så bra! Veldig spennande og intrikat.
Season 3 of Broadchurch, who else is watching? Jostein and I were very MEH to season two, but this season is really good this far. Thrilling and intricate.

Til sist vil eg berre få tipsa om ein Airbnb-leilighet! To venner av meg i London har nemlig kjøpt og pussa opp ein leilighet i Margate (som er dit alle dei kule kidsa flyttar no fordi det er så kreativt miljø og så vakkert der), som dei leiger ut via Airbnb. Det er Mariell som har tatt bildene, såklart, så sjukt fine.
Lastly I want to give you an Airbnb tip! Two friends of mine in London have recently bought and redecorated a flat in Margate (which is where all the cool London kids are moving because of the creative environment and also, it’s beautiful), that they are renting out via Airbnb. Mariell took the photos of course, so pretty.

 

I like these

insta

Det er egentlig noko vakkert over kva bilder eg lagrar på Instagram, det er så transparant at det er dei tinga som mest får meg til å lengta eller som passar inn i bildet av eit liv eg ønskar meg. Her er ni stykk som eg har lagra i det siste!

  1. @hovelsrudhagen, minna meg på om at eg snart må finna ut kva blomar eg vil ha i hagen i sommar. Tenkte å ha mengder av georginer, så eg kan laga fine bukettar inne og dessutan ha det så fint i hagen.
  2. @elsabillgren’s sitt kjøkken, alltid så vakkert.
  3. Ein nydeleg jungel som eg såg hos @herz.und.blut, eg vil óg ha det sånn i huset. Har ønska meg planter til bursdagen av svigermor!
  4. @underbaraclaras åt blåbærcrumble til middag = life goals.
  5. Òg frå @hovelsrudhagen, syns emballasjen var så fin.
  6. @mariellamelie sine pologenserar.
  7. Ein veldig morsom tatovering hos @kellikikcio.
  8. Óg life goals: Paris-born på kafé, hos @sweetcabane
  9. Søndagsbakst hos @salikons_roser.

There is something beautifully transparent about the photos I save on Instagram, the things that most make me long and fit into an image of the life I want. Here are nine that I’ve saved recently!

  1. @hovelsrudhagen, reminded me I need to figure out what flowers I want in the garden this summer. I thought I’d have lots of dahlias to make bouquets and also just enjoy outside.
  2. @elsabillgren’s kitchen, always inspiring.
  3. A beautiful jungle that I spotted at @herz.und.blut, I want my house to be like this too. I’ve asked for plants for my birthday from my mother in law!
  4. @underbaraclaras had a blueberry crumble for dinner = life goals.
  5. Also from @hovelsrudhagen, liked the packaging.
  6. @mariellamelie‘s polos.
  7. A very funny tattoo at @kellikikcio.
  8. Also life goals: Paris children in cafés, at @sweetcabane
  9. Sunday baking at @salikons_roser.

A very important list

Korleis har du det emosjonelt akkurat no?
Akkurat i dette sekundet, 12:16, medan sola står inn vindauget her, er eg ganske stressa. Sånn vondt-i-magen-stressa, kanskje-eg-skal-grina-stressa.
How are you feeling emotionally right now?
Right this second, 12:16, with the sun coming through the window, I’m feeling very stressed out. Like my body aches, like I might cry.

Ein sang frå den første CD-plata du eigde:
A song from the first CD you owned:

Ein song du har høyrt på 10 gonger på rappen:
A song you’ve listened to 10 times after one another:

Det viktigaste du eig:
Teppet som Mariell laga til Saga som velkommen til verda-gåve, Hasselblad-kameraet mitt som både er fantastisk men óg minnar meg om kjerna i meg  sjølv, og gifteringen min som eg har arva av mormor.
The most important things you own:
The blanket that Mariell made for Saga when she was born, my Hasselblad camera that is both amazing but also reminds me of my core, and my wedding ring that I inherited from my grandmother.

3012-264

Ein augneblink frå ein tidligare fase i livet:
For ni år sidan, i huset me bur i no. Me elska å reisa på oppdagelsesreise hit, sjå i skuffer og skap. På den tida var det eit oppbevaringshus, med kjøkenet fullt av planter.
A moment from a different time in your life:
Nine years ago, in the house we live in now. We loved exploring here, look through drawers and cupboards. At the time the house was mostly for storage, the kitchen was full of plants.

f.

Kven har vore dine beste lærarar i livet?
Vennene mine, Jostein og Saga.
Who have been your best teachers in life?
My friends, Jostein and Saga.

Kva gjer du best?
Bakar, gir råd og spinner på kreative idéar. Også er eg ein skikkeleg fin mamma og tante.
What do you do best?
Bake, give advice and go into creative loops. Also, I’m a really good mother and aunt.

Kva håpar du å få gjera i livet?
Å få jobba kreativt med tusen ulike ting, akkurat som no. Å skapa arbeidsplassar. Å utvida familien vår og utvida dette huset. Å reisa på eventyr i verda og i vår eigen hage, å framleis vera kreativ i morskapet. Å få vera forelska i Jostein sjølv når det er vanskeleg.
What do you hope to do in your life?
To work creatively with a thousand different things, just like now. Make jobs for people. Extending our family and this house. Going on adventures in the world and in our backyard, staying creative even in motherhood. Staying in love with Jostein even when things are really hard.

Om du fekk gjenoppleva éin dag i livet, kva skulle det vera?
Bryllupsdagen vår. Den var perfekt uperfekt, så innmari innmari gøy.
If you could go back and relive one day of your life, what day would it be?
Our wedding day. It was perfect in its imperfection, and it was so much fun.

Dine siste 5 Google-søk:
1. Kartotek DK
2. Ulrikke Falch
3. Første skuledag fylkesarkivet
4. This works pillow spray norge
5. Zoella guardian
Your latest 5 Google searches:
1. Kartotek DK
2. Ulrikke Falch
3. Første skuledag fylkesarkivet
4. This works pillow spray norge
5. Zoella guardian

b6f02c41993e73d672d55f3a81fbda63

Ditt favoritt-dikt:
Dette av Bukowski.↑
Your favorite poem:
This one by Bukowski.↑

Eit bilde som var på veggen din i tenåra:
A picture that was on your wall during your teens:

01ed4c15e1ad1445e52f92ca2c9674d1
Korleis definerer du suksess?
Når ein søndag er ein søndag.
How do you define success?
When a sunday is a sunday.

Kva likar du best med arbeidsmiljøet du er i?
Så mange fantastiske kreative kvinner som gjer ting sjølv, for seg sjølv.
What do you enjoy most about the work environment you’re in?
So many amazing creative women doing things on their own, for themselves.

Kva er det beste med alderen du er no?
At eg er vaksen og blir tatt seriøst men framleis har tid igjen før eg blir 30.
What is the best thing about the age you are right now?
That I’m a grown-up that is taken seriously but I still have some time before I hit 30.

Ein song frå den første konserten du nokon gong var på:
A song from the first concert you ever went to:

Ein undervurdert film
Carnage
An underrated film
Carnage

1472655642-pocahontas-only-disney-princess-tattoo-1

Den første filmen du kjøpte for dine eigne pengar:
Pocahontas. Får framleis frysningar av den.
The first film you bought for your own money:
Pocahontas. Still gives me chills.

Untitled-1

Kunst du vil ha heime:
Chad Wys, Helen Frankenthaler, Landon Metz og Cy Twombly
Art you want in your house:
Chad Wys, Helen Frankenthaler, Landon Metz and Cy Twombly.

Skjermbilde 2017-03-07 kl. 12.23.14

Eit bilde du nylig la ut på instagram, og ærlige tankar om det?
Dette. Eg abonnerer på dette danske magasinet og elskar å få det i posten kvar månad, men eg har ikkje lest dette. Eg hatar bildet av at mødre ikkje har tid til å lesa magasin, men akkurat no legg dei seg i haug for meg. Eg fortel meg sjølv at eg skal få tid, men kanskje ikkje. Og det er kanskje okei. Men bollen var fantastisk.
A photo you recently posted on instagram and some honest reflections?
This one. I subscribe to this danish magazine, and I love getting it each month, but I really haven’t read this particular one. I resent the implication that moms don’t have time for magazines, but right now they are kind of piling up. I try to tell myself I’ll get around to it, but I might not. Maybe that’s ok. The bun was amazing though.

Den siste linken du sendte til nokon:
Denne.
The last link you sent someone:
This one.

Den siste tingen du kjøpte på internett:
Denne bestilte eg i går, ein av fingrane mine er heilt tragisk oppsprukke og tørr, treng hjelp.
The last thing you bought online:
Ordered this yesterday, one of my fingers is cracked and I need help.


Eit youtube-klipp som får deg til å le
A youtube clip that makes you laugh

Weekend loves & links

God laurdags ettermiddag! Den første delen av dagen i dag har gått med til vedhogst. Me har vore eit stort team med nokre som saga ned tre, nokre som kappa opp trea, nokre som kløyva (meg!) og nokre som brukte øks. Me fulgte med på sola sekund for sekund medan den kom over kanten på fjellet, den varma så innmari godt i fjeset. I går vaska eg eitt vindauge på huset, så sabla mykje jobb når ein må vaska dei på innsida óg, det er så mykje nytt med å ha hus. Har omtrent aldri vaska vindauge før no! No har me ete graut, pappa har reist tilbake til Årdal og no er det berre puslejobb som står igjen. Også er det berre helga igjen! Her kjem det nokre kjappislinkar:
Happy saturday afternoon! The first part of the day today have gone to chopping wood. We’ve been a big team with people sawing down trees, someone chopping them up and someone splitting them up (me) and someone with an ax. We watched the sun, second by second as it peaked over the mountainside, it was so warm and lovely on my face. Yesterday I cleaned one window of this house, so much work when you have to open them (four surfaces instead of two!), a lot of new things with having a house, that’s for sure. I’ve almost never washed a window before. Now we’ve had our saturday porridge and my dad has gone back home to Årdal, there’s just little things left to do. And then it’s alllllll weekend things left. Here are a few quick links:


Fantastiske Little Dragon har ein ny singel som eg høyrte tusen gonger på rappen i går. Den er så VÅREN!
Amazing Little Dragon has a new single out, I listened to it a thousand times yesterday. It’s so very SPRING.


2E772FFF-9ADA-4A84-B88A-01E68F4BC0E2b

Eg las om Son Venin nylig, eit norsk parfymeselskap. Når eg skal til Oslo om eit par veker skal eg SÅ innom Heaven Scent og snuse!
I read about Son Venin recently, a norwegian perfume company. When I’m going to Oslo in a couple of weeks soon I’m stopping by Heaven Scent to smell!

Weekend loves & links

Denne veka har vore heilt sinnsjukt full, både i hovudet og i huset. Me har hatt fem besøk, tre av dei var i går. Meir enn null, som er normen her. Og sjølv om det er utrulig gøy at det skjer ting og at det er travelt, la eg meg med eit trykk over brystet som er så ubehageleg kjent.

Så etter eg har trykt på Publish her no, så tar eg fri! Skal gjera ting på garden, i huset, i hovudet. Baka og fletta håret og sikkert ta tusen bilder av det så de kan sjå alt om det seinare. Men eg har tenkt å ikkje ta i datamaskina mi for noko anna enn å sjå ein film resten av denne helga. Kryss fingrane for meg! Det er jo ikkje så lett når ein har det så sjukt gøy på jobben, men det får eg berre gløyma i eit par dagar. Snakkast på mandag!

This week has been so crazy full, both in my head and in the house. We’ve had five visits, three of them were yesterday. More than zero which is what we’re used to. And even though it’s so much fun that things are happening, that we are busy, I went to bed with this sinking, all too familiar feeling in my chest.

So after I’ve pressed Publish here now, I’m taking the weekend off! I’m going to do things on the farm, in the house, in my head. Bake and braid my hair and probably take a thousand pictures of it so you can see all about it later. But I plan not to touch my computer for anything other than watching a movie for the rest of the weekend. Wish me luch! It’s not always easy when work is so much fun, but I’ll try and forget that for a few days. See ya monday!

hanna_stefansson_goteborg_basta_tips_guide_3

26862

Jostein og eg starta å sjå “The People v. O. J. Simpson: American Crime Story” denne veka, og den er SÅ bra. Finst på Netflix no. Om me ikkje hadde ein baby hadde me sett tre episodar kvar kveld.
Jostein and I started watching “The People v. O. J. Simpson: American Crime Story” this week, and it’s SO good. On Netflix now. If we didn’t have a baby we’d watch three episodes every night.

bb5b089e650232478a91c13be69826d0

Det er ikkje sååååå lenge til eg har bursdag, og denne er på ønskelista.
My birthday isn’t too far away, and this vase is on my wish list.

IMG_0794_1024x1024 IMG_0743_1024x1024

il_570xN.933750659_7m5ril_570xN.934007064_3c4j