Image roulette

analog

Det var så gøy med bilderulett sist gong, så eg tok meg ein ny runde! Føler meg jo som verdens rikaste menneske når eg ser kor mange bilder eg har. Og nesten alle bilder har ihvertfall ei bittelita historie å fortelja.

Først ut er dette svartkvittbildet frå fotoskule i Oslo. Eg kan kjenna lufta av framkallingskjemikaliar når eg ser dette bildet og kjenner at eg saknar SÅNN å framkalla mine eigne bilder. Hugsar at eg vart så irritert på meg sjølv når eg såg kor usymmetrisk eg hadde lagt opp makronane og at eg hadde kunna gjort det bedre. Det var ei tid full av så mykje tvil og frustrasjon, men eg lærte så mykje.

It was a lot of fun doing my image roulette last time, so I’ve done a new one! I feel like the wealthiest person alive when I see how many pictures I have. And almost all of them have at least a tiny story to tell.

First one is this B/W from photography school in Oslo. I can smell the chemicals when I see this and I really miss developing my own photos. I remember being so irritated with myself when I saw how unsymmetrical the macarons were and I could have done a better job. It was a time riddled with doubt and frustration, but I learned so much.

the day he proposed and how normal it started.

Dette var kvelden me forlova oss. Det var fest i leiligheten, masse vin, me låste oss inne på badet og Jostein har ALL leppestiften min i ansiktet.
This was the night we got engaged. There was a party in our flat, lots of wine, we locked the bathroom door and Jostein has ALL my lipstick on his face.

friday.

Magasintider. Leiligheten vår i studentsiloen på Grünerløkka var FULL av pappøskjer med magasin og eg fylte smartpost-konvoluttar til den store gullmedaljen. ALT lukta papir, alle kleda mine, hendene mine var fulle av papirkutt. Eg såg alt av Two and a Half Men medan eg fylte konvoluttar. Eg pakka magasin i ein gigantisk gul koffert, eg fekk plass til nesten hundre magasin i gangen, og når eg kom slapp dei meg inn bak kassa på postkontoret, eg var på fornavn med dei som jobba der.
Magazine days. Our flat in Oslo was FULL of cardboard boxes of magazines, and I was packing them up like there was a prize waiting. EVERYTHING smelled like paper, all my clothes, my hands were full of paper cuts. I watched all of Two and a Half Men while packing. I put the envelopes in a giant yellow suitcase, I could fit almost one hundred magazines at a time, and when I got there they let me come in behind the register at the mail office, I knew their first names.

friday night/letter number two.

Ei festnatt, eg hugsar berre at Jostein ikkje var i byen, eg trur han var i Palestina, og at me reiste heim til ein ganske fin leilighet der gangen var verkeleg full av sko. Når eg tenkjer meg om hugsar eg óg Synne, Revolver og Sigrid.
A night I went to a party, I just remember Jostein wasn’t in town, I think maybe he was in Palestine, and we ended up in a pretty nice flat where the hallway was really full of shoes. And when I think about it I also remember Synne, Revolver and Sigrid.

thursday night.

Ein kveld det var fest på Teknisk Museum, me drakk øl og poserte med vifte i håret. Me tok bussen, av ein eller annan grunn hugsar eg at det var ein sjukt humpete tur eller kanskje me var veldig fulle og me endte opp på ein bar på Olaf Ryes Plass.
There was a party at the Museum of Science and Technology, we drank beer and posed with a big fan. We took the bus, somehow I remember it being a very bumpy ride or maybe we were very drunk, we ended up at a bar at Olaf Ryes Plass.

tuesday.

Meg og bittelille Mikla. Når ho var kvalp var eg ofte hundevakt. Søstra til Jostein budde i Kingos Gate, eg tok med meg dataen min og sat og jobba med ho så ho skulle ha selskap, me gjekk turar i parken og snakka med andre hundar.
Me and tiny Mikla. When she was a puppy I dog sat her quite often. Jostein’s sister lived in Kingos Gate, I took my computer and sat there working to keep her company, we went for walks in the park and talked to other dogs.

me & my dad.

Her er eg eitt år og tre månader, elskar dette bildet. Og eg verkeleg elskar barten til pappa. Og eg hugsar ikkje at dette bildet vart teke, såklart, men eg hugsar at den sofaen klistra seg til låra mine.
Here I’m one year and three months, I love this photo. And I really love my dad’s moustache. I don’t remember this photo being taken of course, but I do remember that sofa and how it stuck to my thighs.

the last few days.

I gravferda til morfar hadde eg eit nytt objektiv og fotograferte sjalet til ein samisk slektning. Kameraet har alltid gjort slike dagar enklare for meg, eit stort svart objekt framfor ansiktet gjer ting enklare.
At my grandfather’s funeral I had a new camera lense and photographed a sami relative’s shawl. The camera has always made days like that easier for me, a big black object in front of my face makes things easier.

j in paris.

Gifteringen til Jostein. Eg kjøpte den på ein bitteliten butikk i Paris og gav den til han på ein meksikansk restaurant når han kom på besøk. Den er frå Cartier og er i matt gull, blir berre finare og finare.
Jostein’s wedding ring. I bought it at a tiny shop in Paris and gave it to him at a mexican restaurant when he came to visit. It’s from Cartier, it’s matte gold and only gets prettier.

i heart ikea.

Fredrik, Janne, Jostein og eg reiste til IKEA og lata som om me budde der. La oss under dynene og snorka, sat ved spisebord og skålte med glasa. På veg heim kjøpte me pølser i brød og kjøttbollar.
Fredrik, Janne, Jostein and I went to IKEA and pretended to live there. We laid under the covers and snored, sat by the dining table and clinked our glasses.

balaton sound festival.

Jostein og eg var på elektronikafestival i Ungarn, Balaton Sound Festival. På veg dit vart me forsinka av eit sjølvmord på togskinnene, på veg tilbake krangla Jostein og eg om eit eller anna og eg gjekk to meter framfor han heile vegen til togstasjonen. Men det var den første gongen eg dansa utan å bry meg, det var sommar og det var Chemical Brothers.
Jostein and I went to an electronica festival in Hungary, the Balaton Sound Festival. On our way there we were delayed by a suicide on the train, on our way back Jostein and I had a fight about something and I walked two meters in front of him all the way back to the train station. But it was the first time I danced without caring, it was summer and Chemical Brothers.

When I lived in Paris

alone in paris.

For seks år sidan budde eg i Paris. Eg var der i to månader for å laga ei Paris-utgåve av magasinet mitt (som eg gav ut tre utgåver av), eg hadde nettopp fått eit stipend av Noregs Mållag og følte meg så høg på livet. Jostein fulgte meg til Paris, og dei første par dagane var me ilag men eg grein så mykje, så mykje. Det var så viktig for meg å sjå om eg kunne klara ein sånn stor ting åleine, me hadde forlova oss og eg hadde fått panikk over at me vart ilag då me var 14 og ikkje hadde noko liv utanfor kvarandre.
Six years ago I lived in Paris. I was there for two months to make a Paris edition of my magazine (I published three editions!), and I had gotten a stipend and I was feeling life very much. Jostein came along when I brought all my stuff over, and the first few days were spent together but I cried to much. It was so important to me to see if I could do a big thing like this alone, we had gotten engaged and I was a little panicked at the idea that we became a couple when we were fourteen and didn’t have a life outside eachother.

paris, day one.paris, day one.paris, day two.paris, day two.montmartre.montmartre.

Eg var så innmari forelska i byen, og med rette såklart.
I was very much in love with the city.

alone in paris.

Dei første fem dagane budde eg på eit hotell rett ved Gare du Nord, frå rommet såg eg ned på uteliggarar som akkurat fekk plass mellom søylene. Eg var så sjukt redd, turte såvidt å gå ut av hotellet. Snakka med pappa heile vegen til ein kinesisk restaurant og tilbake. Men så, etter fem dagar, fekk eg flytta inn i leiligheten som eg hadde funne på Craigslist.
The first five days I lived in a hotel near Gare du Nord, and from the room I could look down on homeless people who could just fit themselves inbetween the columns. I was so afraid, I couldn’t really bring myself to walk out of the hotel. I talked to my dad the whole way to a chinese restaurant and back. But then, after five days, I got to move into the apartment I had found on Craigslist.

derek.

Eg budde der med Derrick, ein amerikansk forfattarspire, i rue Joinville. Me prata så mykje om alder og livet, skriving, om foreldrene våre og kjærleiken, mest om kjærleiken. No bur han i Amerika igjen og har to nydelege ungar. Han var den beste ein person som meg kunne ha komt ihop med i ein by som Paris, ein som hadde budd der så lenge men likevel var på utsida, som var så sjukt genuin og behandla meg og vennene mine så fint. Når eg hadde kjøpt ei flaske Chablis som var korka gjekk han og fekk pengane mine tilbake.
I lived there with Derrick, an american writer, in rue Joinville. We talked a lot of age and life, writing, our parents and love, mostly about love. He’s back living in America now with two beautiful kids. He was the best person someone like me could be with in a city like Paris, someone who had lived there for ages but was still on the outside. So genuine and treated me and my friends so gently. I bought a bottle of corked Chablis and he went to the shop and got my money back for me.

pastel.

Eg budde på eit rom med lilla tapet, og skapa og hyllene var fulle av ting som ho som eigentleg budde der eigde. Ho var filmregissør, hadde vilt krøllete hår og då eg flytta ut anklaga ho meg for å ha stole nokre øyredobbar. Faktisk trefte eg ho på ein fest medan eg budde der og da ignorerte ho meg, det var ein heimefest der folk var heilt sjukt dritings og det var fullt av ungar på dansegolvet.
I lived in a room with purple wallpaper, the shelves and closets were full of things the woman who really lived there owned. She was a director, with wild curly hair and when I moved out she accused me of having stolen some earrings. I actually bumped into her at a party while living there and she ignored me. It was a house party where everyone was completely off their tits and there were children on the dance floor.

laurdagskveld.saturday with the in-laws.sunday.helg.helg.helg.zenit.monday/sonja.friday.friday.

Eg traff så mange fine folk dei to månadane, både folk som besøkte meg og folk som tilfeldigvis var i Paris; Sigrid og Inga, svigermor og svigerfar, Fredrik og Janne, Kentaro, Synne, Sonja, Elsa og Pontus. Og Sara, som var der heilt til min siste dag.
I met so many lovely people those two months, people who came to visit and people who happened to be in Paris; Sigrid and Inga, my in-laws, Fredrik and Janne, Kentaro, Synne, Sonja, Elsa and Pontus. And Sara, who stayed with me until my last day.

sunday.

Jostein var på besøk typ heile tiden. Så mykje at folk i kommentarane på bloggen var sure for at eg skulle jo vera sjølvstendig. Så han var hos meg heile helger utan at eg tok bilder av han, tok bilder av min eigen mat og lata som om eg var åleine.
Jostein came to visit me all the time. So much that people in the comments here were annoyed that I was supposed to be so independent. So he stayed with me full weekends without me taking a single photo of him, I pretended to be alone.

a normal paris wednesday.

Som her: her var hans croque berre centimeter ute av bildet.
Like here; his croque mere centimeters out of shot.

jardin du luxembourg.

Denne paien bestilte eg på fransk, så tok eg metroen til Jardin Luxembourg og åt den der medan eg skreiv postkort på ein benk. Det var ein god dag.
I ordered this pie in french, and took the metro to Jardin du Luxembourg to eat it while writing postcards on a bench. That was a good day.

helg.

Eg åt makronar frå Pierre Hermé kvar gong eg hadde besøk, og det gjer eg framleis kvar gong eg er i Paris. creme brulee-makronen er livet.
I had macarons from Pierre Hermé every time I had visitors, and I still have them every time I’m in Paris. The creme brulée macaron is life.

friday.

Eg kjøpte denne sprettballen på Monoprix som blinka, ei natt på ei uteservering på Bastille holdt Kentaro på å komma i slåsskamp med ein fyr som ville stjela sprettballen min. Sara og eg sat og tviholdt i våre vodka redbulls og kunne ikkje tru kva som var i ferd med å skje. Men sprettballen kom heim med oss.
I bought this bouncy ball at Monoprix, and one night at a 24h place at Bastille Kentaro almost got in a fight with a guy who wanted to steal my ball. Sara and I were crouching over our vodka redbulls, very confused. But no one got hurt, and the ball came home with us.

j in paris.

Eg kjøpte óg gifteringen til Jostein medan eg budde i Paris, på ein bitteliten butikk i rue Saint-Honoré, der ein måtte ringa på for å komma inn.
I also bought Jostein’s wedding ring while I lived in Paris, a tiny shop in rue Saint-Honoré where you had to ring a doorbell to get in.

museum.

Denne dagen på Palais de Tokyo ringte eg til Jostein og grein fordi eg ikkje kunne forstå kva som var kunst og kva som var eit byggeområde.
On this day, at the Palais de Tokyo, I called Jostein crying because I couldn’t understand what was art and what was a construction site.

last day sunday.last day sunday.last day sunday.

Alle bildene mine i Paris er så rosa fram til denne dagen. Jostein og eg var på loppemarknad og snakka om livet og om business, om å gjera ting annleis også gjorde eg det. Det var eit superviktig steg for meg som menneske og fotograf, å læra å ta eit steg tilbake og revurdera og gjera noko på ein ny måte der eg før ville vore bombastisk og stått på mitt. Det var nok det viktigaste eg lærte i Paris. Å ikkje vera så redd for forandring og valg eg ikkje sjølv kan rå over. Og at eg verken kan eller vil leva utan Jostein i livet mitt kvar einaste dag. Me er framleis samansveisa ved hofta, og eg trur ikkje lenger det er noko usunt berre fordi verda ofte prøver å fortelja oss det. Det er ikkje det at me treng å gjera alt ilag, det er det at me vil det.

Etter to månader kom eg tilbake til Oslo. Jostein henta meg på flytogterminalen, og når me kom heim, til studentsiloen på Grünerløkka stakk han hånda inn i snøen utanfor døra og tok ut ei bøtte Ben&Jerry’s.

All of my pictures from Paris are so pink up until this day. Jostein and I went to a flea market and talked about life and business and doing things differently and then I did. It was a very important step for me as a human and a photographer, learning to take a step back and reevaluate, do things differently instead of going straight ahead because my way was the only way. That was one of my most important lessons from Paris. Being less afraid of change and the choices I’m not the one making. Also, I can’t and don’t want to live without Jostein in my life every single day. We’re still joined at the hip and I no longer think that’s unhealthy just because people try to tell us that sometimes. It’s not that we need to do everything together, it’s that we want to.

After two months, I came back to Oslo. Jostein picked me up at the train and when we came home to our building, he stuck his hand into the snow and pulled out a pint of Ben&Jerry’s.

drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.

Nokre dagar etterpå hadde me fest i leiligheten, ein eksplosjon av kjensler og heimkjærleik som vart til altfor mykje vin og eg sovna på eit golv og kjærleg kom gjestene ein og ein og bøygde seg ned og klemte meg farvel, har eit så blurry minne av det. Berre to månader til budde me der, så flytta me til London.
A few days after that we had a party in our flat, an explosion of feelings and loving being home that turned into way too much wine and I fell asleep on a floor. I have a vague recollection of our guests bending over to hug me goodbye. We lived there for two more months, and then we moved to London.

2016

Secrets

Egentlig orkar eg ikkje nyttårsaftan i det heile tatt, det er altfor mykje forventning og eksplosjonar. Me feirar i det stille, med bouef bourgignon, champagne og Casablanca. Og med ei bittelita oppsummering, såklart:

Då 2015 gjekk mot slutten, og eg skreiv dette innlegget, hadde eg ein kvalme i kroppen. Både fordi eg visste at eg bar på noko høgst viktig i kroppen, men óg fordi eg visste at 2016 skulle bli eit år av så mykje forandring. Me pakka ihop og flytta frå London når eg var 6 månader gravid, det var som eit sjokk frå eine til annan og eg forstår det kanskje ikkje enno heilt fordi det skjedde så mykje samtidig. No, som det er over, og ikkje før no, føler eg at eg kan trekka pusten. Det er først no eg føler at me har landa. Landa i huset, landa i Norge, landa i foreldreskapet. Det har vore eit år av styrke og vekst, det har vore intenst og til tider totalt utslitande, til tider med ein ekkel uro og angst i kroppen og så hiiiiiiimla mykje tårer.

På midten av året fødte eg dotter vår, og fødselen min var så sjukt power. Den var så flott og sterk og intens at eg har hatt dårlig samvit for å snakka om den. Er så takksam for den, så takksam til kroppen, så takksam til herlege jordmødre og til Jostein som er den beste partner in crime eg kunne ha hatt. I starten på året var eg så himla redd, så usikker på om me var klare, på om det var for tidlig, på om alt kom til å bli annleis i ekteskapet vårt. Eg var redd for at eg skulle føda inn i familien ein person som skulle bli ei hindring, ein mur mellom oss. Men det var umogleg å forstå, før ho var her, at å få born var som å forsterka alt, forsterka kjærleiken. For ho, som er det finaste i livet, er jo halvt meg og halvt han, og kjærleiken har meir enn dobla seg. Så ufattelig rart og fint.

I jobblivet har eg vore mest frustrert, frustrert over å vera så trøytt i graviditeten, over å ikkje klara å konsentrera meg om skrivingen, over å ikkje kunna fotografera bryllup i det heile tatt. Eg har hatt så mykje pepp og ambisjonar, men kroppen og livet har ikkje klart det. 2017 blir eit sjølvrealiserande år, kanskje klisjé etter eit år av svangerskap og babyliv, men sånn blir det i alle fall. Og eg vil skriva, masse masse masse. Vil dra ut internettet eller reisa på fjellet. Vil gi det til meg sjølv i gåve, likar meg sjølv aller best når eg får skriva og ikkje har alt i hovudet heile tiden.

Eg saknar London og vennene våre der, eg saknar å ta toget mellom London og Paris. Eg saknar croissantar laga med ordentlig smør, skikkelig sure franskmenn og pengar på sparekontoen. Men alt det er sånt som eg kan fiksa, og det har eg tenkt å gjera, i 2017.

Eg håpar de óg feirar på den måten de ynskjer dykk, anten det er på rave eller i badekaret. Og at de veit kor fine de er.

Happy New Yeaaaaaar!

It was the day before christmas

ChristmasChristmas

Tenk at det er lille julaftan! Det er jo heilt sjukt! Jostein og eg gjer klar heimen til jul litt og litt og passar på å gjera det utan for mykje stress, for me tenker at om me gjer det med stress no så lagar me nervebaner i hjerna som lar oss tru at det må vera slik. Det er overhovud ikkje eit plettfritt reint hus, men me har mange typar konfekt og blomar på bordet. Detaljar heller enn rydding er det me går for! Og med pausar for masse kos og høgtlesing. Eg gler meg sånn til Saga skal ha på seg juleantrekket i morgon. I kveld er det middag hos mamma og pappa, bestemor er alltid hos oss på lille julaftan som føles som ein sånn luksus når pappa tross alt har fire søsken. Det er lutefisk og mjølkegryn, så eg et alltid berre graut lille julaftan medan alle rundt bordet prøver å fortella meg at eg kjem til å lika lutefisk om eg berre prøver. Kunne ha spelt bingo med dette, ting folk seier til meg kvart år. “Du likte det då du var liten” skulle vore eitt av punkta!

Er de klare til jul? Det er så rart at dette året snart er over, det mest innholdsrike i livet mitt så langt, men egentlig er det ei rar jul. Det er den første jula med baby og den første gongen (sidan me vart ilag for 12 år sidan) at Jostein og eg feirar julaftan ihop. Og sjølv kor koseleg det er, er det definitivt ein sorgprosess over barndomsjula mi som på sett og vis er over. Har voksesmerter i hjartet, men på eitt eller anna tidspunkt måtte det jo skje. Foreldrene mine og lillesøster skal feira hos oss i morgon, og det skal bli veldig veldig fint. Eg skal laga verdens beste kolrabistappe, det lovar eg meg sjølv. Mykje fløyte, smør og salt. Ikkje for mykje væte, ikkje for glatt, og eit par poteter må i. Litt pepper – perfekt.

No må eg starta på dagen! Saga søv framleis, så da får eg kryssa nokon ting av lista mi før ho bestiller seg mat. Håpar du har det fint i det lange land og utanfor og at du feirar med nokon du er glad i.

I can’t believe it’s the day before christmas! Jostein and I are getting the house ready little by little, careful not to get stressed out, because our idea is that if we do that, our brains will pave new memory and think it has to be this way. It is in no way a clean tidy perfect house, but we are stocked up on candy and have flowers on the table. Details rather than tidying are what we are going for! With lots of cuddles and reading in between. I can’t wait for Saga to wear her outfit tomorrow. This evening, we’re going to my parents’ house, my grandmother always spends the 23rd with us which feels like such a luxury since my dad has four siblings. They are making traditional lye fish and a milky rice porridge, so I always just eat porridge on this day while eeeeeeeveryone at the table tries to tell me I’d like it if I just tried it. I could have played bingo with this, things people say to me eevery year. “You liked it when you were little” should be one of the points on the list.

Are you ready for christmas? It’s so strange that this year is over soon, the most full year of my life so far, but it’s really kind of a weird christmas. It’s my first christmas with a baby and the first time (since we became an item 12 years ago) that I am spending christmas eve with Jostein. And even though that is amazing, I am going through such a grief process about my childhood christmas that is, in a lot of ways, over. My heart aches, but it had to happen at some point. My parents are celebrating in our house tomorrow, and I am excited. I am going to make the world’s best mashed kolrabi (a norwegian christmas staple!), I vow that to myself. A lot of cream, butter and salt. Not too much liquid, not to smooth, and I have to have a couple potatoes. Some pepper – perfect.

I have to start my day now! Saga is still asleep so I’ll cross a few things off my list before she wakes up and does a food order. I hope you are happy, wherever you are, around people you love.

København, 2016

I København gjorde Jostein og eg ein av dei tinga me likar aller best å gjera ilag: me laga film! Eg filma litt klipp her og der, sjølv om det viste seg utfordrande med bebis, og Jostein har laga musikk av opptak han gjorde. Eg elskar korleis det vart, dog, og har laga ein eigen versjon til familiearkivet der ein kan høyra alle dei rare og fine tinga me snakkar om.
In Copenhagen, Jostein and I did one of our favorite things to do together: we made a little film! I filmed a little here and there, even though it was quite the challenge with a baby, and Jostein has made music out of the recordings he made. I love how it turned out though and have even made a version for our family archives where you can hear the weird and funny things we talk about.

My best nine, 2016.

hjartesmil

I år, som i fjor, var eg kjapp på avtrykkaren med å sjå kva som var mine mest likte bilder på Instagram frå dette året (du kan gjera det sjølv her), og samansetningen av desse ni bildene fekk meg faktisk til å gråta. For eit satans fint år, fylt av så mykje intensitet, kjærleik og kos. Frå å annonsera graviditeten i London i januar til å bu i hus i Norge med verdens finaste lille babyjente i desember.
This year, like last year, I was quick to see what were my nine most liked photos on Instagram from this year (do it yourself here), and seeing these nine photos together actually made me cry. Such an epic year, filled with intensity, love and cuddles. From announcing my pregnancy in London in january to living in a house in Norway with the most beautiful little baby girl in december.

Rituals and regulations

Thursday

Alle familiar har vel sine små rituale? Her er nokre av våre:

Morgonkaffi og fyra i omnen
Kvar morgon vaknar me ihop når Saga vil ha frukost. Då ammar eg ho i senga og tek livet med ro, medan Jostein står opp, går ned for å fyra i omnen vår og laga kaffi. Han kokar kaffi på mokkakanne og skummar mjølk, og me drikk kaffien vår fra store glas frå Libby medan me tenkjer på kva me vil ha til frukost.

Every family have their own rituals, right? Here are some of ours:

Morning coffee and making a fire
Every morning we wake up together when Saga wants breakfast. I nurse her in bed and we wake up slowly, while Jostein gets up, goes downstairs to light a fire in our woodburning oven and make coffee. He makes coffee on a mocca pot and foams milk, and we drink our coffees from big glasses from Libby while we think about what to make for breakfast.

This week

Laurdagsgrauten
Kvar laurdag et me graut hjå foreldrene til Jostein. Mora til Jostein lagar den beste grauten, og faren til Jostein byr på spekemat.
Porridge on saturdays
Every saturday we have rice porridge at Jostein’s parents. His mom makes the best porridge, and his dad offers up charcuterie.

Untitled

Kveldsbadet
Kvar kveld badar eg Saga. Eg kler av ho også får ho sprella naken ei lita stund medan eg fyller i vatn i badekaret, akkurat no likar ho best å fanga sine eigne føtter. Eg fyller i akkurat nok til at ho kan ligga og plaska, omtrent opp til øyretippen. Det samme skjer kvar kveld: eg plukkar ho opp for å putta ho i badekaret, ho blir bittelitt redd akkurat når ho treffer vatnet men så hugsar ho at ho elskar det også plaskar ho i veg. I kanskje ti minutt får ho ligga der og plaska medan eg får vaska ho med klut på alle dei lure plassane: mellom tærne, på halsen, inni hendene. Så tek eg ho ut og tørkar ho før ho får ein liten massasje med olje, da sluttar ho å sprella og blir heeeeeeeeilt rolig. Så er det pysjen på!
Evening Bath
Every night I give Saga a bath. I undress her and let her flail a little while I get the tub ready, right now her favorite thing to do is to catch her own feet. I put in just enough water for her to splash around in, up to her earlobe. The same thing happens every night: I pick her up to put her in the tub, she gets a little scared when she hits the water but then remembers she loves it and goes on splashing. I let her bathe for around ten minutes while I wash her in all the good spots: between her toes, on her neck, in her hands. Then I get her out and dry her off before I give her a little massage with oil, she completely quiets down and becomes suuuuper calm. Then it’s time for PJ’s!

Thursday

Royal Copenhagen
Me fekk jo det finaste serviset til bryllupet vårt som me har lyst til å bruka litt, men ikkje alltid. Så avtalen er derfor at me brukar Royal Copenhagen-serviset vårt i helga. Nærmare bestemt etter klokka 16:00 på fredagar, og heilt ut søndagskvelden.
Royal Copenhagen
We got the prettiest china for our wedding that we want to use a little, but not always. So our deal is that we use our Royal Copenhagen on weekends. To be more exact, fridays after 4pm through sunday night.