11 pieces of advice you never asked for

Å gi råd er jo ein interessant og intrikat sak, ein må vinkla rådet til personen som mottar og korleis den vil motta det. Derfor er det jo gøy å berre kasta om seg med råd som ingen har bedt om. Under her kjem det 11 råd! Og om du har eigne, så kast dei inn i kommentarfeltet.

Strømpebukser som held og er lett å legga i lag:

Asos sine i 200 denier med spanx/sykkelbukse over for å holda strømpebuksa oppe og magen varm.

Middag når ein ikkje har noko i kjøleskapet:
Tomatsuppe med scones. Har du hakka tomater og mjøl er du good to go, typ. Eller makaroni og ost, såklart. Det finst alltid ein liten ost i kjøleskapet.

Korleis vera effektiv på mathandling:
Å skriva handlelista etter layouten i butikken

Dåpsgåve som er solid og likevel leiken:
Treleiker som kan vara eit heilt liv frå Sarah Bendrix.

Å få Saga til å sova gjennom natta:
Å sjå og justera etter hennar behov (ho sov mellom oss, så ved sidan av meg, så i vugge på rommet vårt, så på sitt eige rom) og ein sunn dose av CIO kombinert med å vera sikker i sin sak. Kunne skrive heile avhandlingar om det.

Fine bh-ar for puppar type store:
Chantelle og Triumph

Noko å baka til eit kakebord:
Kladdkaka med lime, tek null tid å laga.

Korleis å fanga mus:
Feller, type rapp, rigga med salami langsmed veggar

Korleis få kanelbollar til å bli så blanke som på bakeriet:
Sukkersyrup (kok opp like mengdar sukker og vatn) som penslast på når dei kjem ut av ovnen

Om du har lyst til å drikka vin, men ikkje kan drikka ei heil flaske:
Denne saken frå Le Creuset.

Korleis holda planter i live:
Hold vatningen på ein fast dag i veka. Skriv det opp i kalenderen og lag til og med alarmar i mobilen om du treng.

Giving advice is an interesting and intricate thing, to angle the advice to the person receiving it and how they’ll receive it. That’s why it’s just such a hoot to give advice nobody really asked for. Here’s 11 of them. And please feel free to throw in some of your own!

Tights that don’t break and are easy to layer:
Asos has ones that are 200 denier, so those with spanx/shorts over to keep everything up and that belly warm.

Dinner when there is nothing in the fridge:
Tomato soup with scones. If you have tinned tomatoes and flour you’ll be good to go. Or a little macaroni and cheese? There’s always a little bite of cheese in the fridge.

How to be efficient at the grocery store:
Writing the shopping list with the shop’s layout in mind

A gift for a baptism that is solid but playful:
Wood toys for a lifetime from Sarah Bendrix.

How we got Saga to sleep through the night:
Constantly adjusting after her needs (she slept between us, then on my side, then in a crib in our room, then in her own room) and a healthy dose of CIO combined with being confident. I could write so many pages on this.

Pretty bras for boobs type big:
Chantelle and Triumph

Something to bake for a party:
Kladdkaka (wet brownies) with lime, takes no time to make.

How to catch a mouse:
Rapp traps rigged with salami, put them along walls.

How to make cinnamon buns shiny like at bakeries:
Sugar syrup (boil equal amounts sugar and water) that you brush on as they come out of the oven

If you want to drink wine but can’t finish a bottle:
This thing from Le Creuset.

How to keep plants alive: 
Do the watering on a set day every week. Write it in your calendar and make alarms in your phone if you have to.

Tankar som eg har

Oslo

– Eg tenkjer mykje på hagen vår til neste år. Eg vil ha meir blomar. Me bur jo på ein stor eigedom med forskjellige små klima, og eg har lyst til å så frø som igjen sår seg sjølv så me får mange interessante markblomar her til slutt. Eg sådde ein masse markblomar før sommaren, men ikkje ein einaste ein har komme opp, veldig merkeleg. Såg ein hjå Elsa og tenkte at sånne må me jo ha! Stokkroser, løvemunn (eg har nokre i eit bed og dei er det finaste eg har sett), erteblomst, amarant, astilbe. På den andre sida kjenner eg minst behov for blomar inne når me er så mykje ute. Det er ei klype, det der.

– Eg har masse tomater i drivhuset mitt, det er framleis heilt utruleg at eg sådde frø som var ein millimeter store i FEBRUAR og no er dei blitt planter nesten like høge som meg med grøne tomater over heile seg. Eg sjekkar dei heile tiden om dei har byrja å modne, men det gjer dei ikkje. Me har jo typ ingen sol akkurat no, berre regnskyer på værmeldingen. Squashen er på veg til å bli riktig stor, og hokkaidograskara poppar fram som små ballar. Det er så sinnsjukt gøy med hage, og eg har så mange tankar om kva me må ha meir/mindre av neste år. Meir gulrøtter, kanskje mindre fenikkel og reddik. Kjem me til å eta 40 fenikkel? Me kjem i alle fall til å eta alle 60 lauk. Lauk, forresten, er som godis når dei er små ungdommar, dei har ein så mjuk herleg smak.

– Denne veka kjem Carrie og Miguel på besøk! Me har ikkje sett dei sidan dei gifta seg i mai i fjor og eg gler meg SÅNN.

– Før den tid skal me mala stova vår, ENDELEG. Død over furuhelvetet.

– Kroppen min har sagt ifrå i mange dagar at den ikkje aksepterer dette nivået av påkobling mot jobb. Eg er verkeleg på jobb heile tiden. Mailar distributørar i kaffiselskap, researchar når Jostein og eg ser på TV om kvelden, noterer ting i mobilen når eg egentlig bør sova, redigerer ting i bilen. Det er på samme tid uakseptabelt og heilt nødvendig, for eg gjer jo dette åleine. Er forelska i alle som handlar i nettbutikken, og når eg ser venner sine navn dukka opp i bestillingane så tek eg det som reine kjærleikserklæringar, som rein støtte. Det er så fint. Denne prosessen har lært meg kor stolt eg er og kor både viktig og øydeleggande det kan vera. Får lyst til å skriva heile bøker om det, liksom.

– I dag har eg sendt Årdalsfjøli til produksjon, og velger ut fotografi som skal blåsast opp og vera til salgs i butikken. I dag er det ein månad til vår første opne dag, det er jo heilt sinnsjukt kor mykje som står igjen å gjera.

– Skulle ønska det var null etiske problemstillingar rundt å betala nokon for å vaska kleda og golva i heimen. Tenk kor herleg det hadde vore.

Ingvild skreiv at dei har booka seg inn på Sanden Pensjonat den helga me skal opna butikken og det er jo typ DET finaste. Notat: Jon og Hallvard som driv Sanden er óg dei som eig bygget som Fredag er i! Tenk at ein har slike internettvenner som ein får fotografere bryllaupet til og følga reisa til, liksom. Lurer mykje på den helga. Skal me ha fest? Orkar me det? Vil jo laga ei gigantisk skål med punsj og nyta alt arbeidet.

Sumar

Denne sommaren skal me:
This summer we’re going to:

fredrik's 23rd birthday.

– Spretta mange bobleflasker med fine folk.
– Drink a lot of bubbles with friends.

summer days.

– Jordbær med fløyte og sukker.
– Strawberries with cream and sugar.

field day.

– Reisa til bokbyen og stikka innom hotellet.
– Go to Fjærland and stop by the hotel.

bits & bobs.

– Drikka mykje kaffi hos bestemor.
– Drink a lot of coffee with my grandmother.

saturday.

– Eksperimentera med isproduksjon og læra meg å laga isvafler.
– Experiment with ice cream and learn to make ice waffles.

Summer

– Plukka kvart einaste solbær.
– Harvest every single blackcurrant.

Synne

– Stoppa ved alle loppisar me finn.
– Stop at every flea market we can see.

sogn.

– Eta utevennlig mat.
– Eat outside-friendly food.

23.

– Henga på nydeleg plassar, som på Åmot.
– Visit beautiful places, like Åmot.

paris.

– Reisa til Paris med Saga for første gong.
– Go to Paris with Saga for the first time.

saturday.

– Laga utrulege mengder iskaffe, og lesa bøker i sola.
– Make incredible amounts of iced coffee, and read books in the sun.

summer.

– Ha gode folk på besøk.
– Have the best people over.

.

– Reisa med Frøy, Jostein og Saga til Sverige. Bu på fine hotell i Gøteborg også gå i bryllaup.
– Go to Sweden with Frøy, Jostein and Saga. Stay in nice hotels in Gothenburg and go to a wedding.

summer.

– Reisa på hytta så ofte me kan for å samla krefter til den travle hausten.
– Go to our cabin in the mountains as often as we can, to collect ourselves for a busy autumn.

FREDAG

Small things

I haust opnar eg butikk og fotostudio i Lærdal! Ein draum eg har hatt heile livet, har sommarfuglkvalme annakvar dag av kor spennande det er. Så no skal eg starta aksjeselskap, laga forretningsplan og legga alle pengane mine i haug så eg har råd til å kjøpa varer. I tillegg til butikken i gamlegata her i Lærdal, blir det óg nettbutikk såklart! Enn så lenge ser butikklokalet slik ut, men det kjem seg vel. Gler meg sånn til å dela heile denne greia med dykk!
I’m opening up my own shop and photography studio this fall! It’s exxxxtremely nervewrecking and exciting, and I’m looking forward to sharing this JOURNEY (I only caps the things that are cringe) with you! So I’m starting a new company, making a business plan and putting allll my money together so I’ll afford to buy stock for the shop. It’s also going to be an online shop, of course! For now, the shop looks like this, but it’ll start looking better real soon!

A long weekend


Me hadde ei herleg helg, så herleg at eg filma det. Her er det leiking og kaffidrikking og kanelbollar og klapping og to små tenner og husking og ein veldig kry bestefar. Me filma óg at Saga åt eit egg i 13 minutt, sånt som er så rart og fint å sjå på når ein er vaksen tenkjer eg. Musikken er det såklart Jostein som har laga.

Ein annan ting eg har filma i det siste: alle tantebarna mine. Spurte dei spørsmål om livet og kjærleiken, som ein sabla fin tidskapsel. Berre eit tips, om du som eg tykkjer tiden går så altfor altfor fort.

PS: har fått litt spørsmål i mailinnboksen og dei ulike kommentarfelta i det siste om litt ulike ting egentlig, så eg tenkte å ta eit svarinnlegg på dei i neste veke, men tenkte å óg sei ifrå her i tilfelle de har andre brennande spørsmål så kan eg sopa dei inn der, dei óg!

We had a lovely weekend, so lovely I even filmed it. Here’s some playing, coffee drinking and cinnamon buns, clapping and two little teeth and swinging and a very proud grandfather. We also filmed Saga eating an egg for 13 minutes, things like that are so weird and great to have later in life. Jostein made the music, of course.

Another thing I’ve filmed recently: my niece and nephews. I asked them questions about love and life, like a time capsule. Just a tip if you, like myself, think time passes way too quickly.

PS: I’ve gotten a few different kinds of questions lately in my email and my different comments, so I thought I’d to an answers-post next week. Just letting you know in case you were curious about something too, I could throw it in there!

10 random facts about me

Secrets

1. Eg var født med sølvfarga hår, dei kalla meg for sølvreven på sjukehuset, og då Saga vart født hadde ho óg sølvfarga striper i håret. No som resten av håret hennar er lyst er det vanskelegare å sjå, men om ein ser etter så er dei der framleis.

2. Her er mine husdrømmar akkurat no: Ny seng. Ny sofa. Ei fin hylle i stova. Ei fin drinkvogn. Ein deilig kontorstol (tips?).

3. Eg føler meg som mest vaksen når eg gjer rekneskap og ikkje gret av det.

4. I årevis har eg lengta etter det perfekte svarte skjørtet, som går rett til kneet med litt vidde men med tynt nok materiale til å ikkje gi meg meir hofter, pluss som ikkje blir påverka av vasking. Finst dette skjørtet? Trur ikkje det.

5. Etter graviditet og amming har eg fått ein sånn ammelugg i vikane mine, der nesten alle dei korte håra er grå. Ser ut som eit fashion statement, typ ein sidecut i panna, men er berre #livet.

6. Draumen er å laga ei skikkeleg fin kokebok.

7. Eg storgrein, altså hulka ned i dyna mi, av dette diktet denne veka.

8. Mitt favorittbær er bjørnebær fordi det er finast på bilder.

9. Kvar kveld når eg badar Saga, må eg sei høgt “Opp Av Badekaret!” så ho skal vita at badet er over, det er som ei rute som må avkryssast.

10. Akkurat no eig eg ingen bh-ar som passar.

1. I was born with silver grey hair, and they called me the silver fox at the hospital. When Saga was born, she had silver stripes in her hair too. Now that the rest of her hair is so much lighter it’s difficult to see but they are still there.

2. Here are my house dreams right now: A new bed. A new sofa. A pretty shelf in the living room. A bar cart. An office chair (any tips?)

3. I feel my most grown-up when I’m doing paperwork and not crying about it.

4. For years I have looked and longer for the perfect black skirt, at knee length with a little width but the material has to be thin enough to not give me more hips than I have, and that also washes well. Does it exist? I think not.

5. After pregnancy and nursing, I have a little fringe where almost all the short hairs are grey. Looks like a fashion statement, like a sidecut on my forehead, but no. Just #life.

6. My dream is to make a beautiful cook book.

7. I bawled into my duvet from reading this poem this week.

8. My favorite berry is the blackberry because it photographs so well.

9. Every night when I bathe Saga, I have to say “Out of the tub!” so she’ll know her bath is over, like a box I have to tick.

10. Right now I own no bras that fit me.

Image roulette

analog

Det var så gøy med bilderulett sist gong, så eg tok meg ein ny runde! Føler meg jo som verdens rikaste menneske når eg ser kor mange bilder eg har. Og nesten alle bilder har ihvertfall ei bittelita historie å fortelja.

Først ut er dette svartkvittbildet frå fotoskule i Oslo. Eg kan kjenna lufta av framkallingskjemikaliar når eg ser dette bildet og kjenner at eg saknar SÅNN å framkalla mine eigne bilder. Hugsar at eg vart så irritert på meg sjølv når eg såg kor usymmetrisk eg hadde lagt opp makronane og at eg hadde kunna gjort det bedre. Det var ei tid full av så mykje tvil og frustrasjon, men eg lærte så mykje.

It was a lot of fun doing my image roulette last time, so I’ve done a new one! I feel like the wealthiest person alive when I see how many pictures I have. And almost all of them have at least a tiny story to tell.

First one is this B/W from photography school in Oslo. I can smell the chemicals when I see this and I really miss developing my own photos. I remember being so irritated with myself when I saw how unsymmetrical the macarons were and I could have done a better job. It was a time riddled with doubt and frustration, but I learned so much.

the day he proposed and how normal it started.

Dette var kvelden me forlova oss. Det var fest i leiligheten, masse vin, me låste oss inne på badet og Jostein har ALL leppestiften min i ansiktet.
This was the night we got engaged. There was a party in our flat, lots of wine, we locked the bathroom door and Jostein has ALL my lipstick on his face.

friday.

Magasintider. Leiligheten vår i studentsiloen på Grünerløkka var FULL av pappøskjer med magasin og eg fylte smartpost-konvoluttar til den store gullmedaljen. ALT lukta papir, alle kleda mine, hendene mine var fulle av papirkutt. Eg såg alt av Two and a Half Men medan eg fylte konvoluttar. Eg pakka magasin i ein gigantisk gul koffert, eg fekk plass til nesten hundre magasin i gangen, og når eg kom slapp dei meg inn bak kassa på postkontoret, eg var på fornavn med dei som jobba der.
Magazine days. Our flat in Oslo was FULL of cardboard boxes of magazines, and I was packing them up like there was a prize waiting. EVERYTHING smelled like paper, all my clothes, my hands were full of paper cuts. I watched all of Two and a Half Men while packing. I put the envelopes in a giant yellow suitcase, I could fit almost one hundred magazines at a time, and when I got there they let me come in behind the register at the mail office, I knew their first names.

friday night/letter number two.

Ei festnatt, eg hugsar berre at Jostein ikkje var i byen, eg trur han var i Palestina, og at me reiste heim til ein ganske fin leilighet der gangen var verkeleg full av sko. Når eg tenkjer meg om hugsar eg óg Synne, Revolver og Sigrid.
A night I went to a party, I just remember Jostein wasn’t in town, I think maybe he was in Palestine, and we ended up in a pretty nice flat where the hallway was really full of shoes. And when I think about it I also remember Synne, Revolver and Sigrid.

thursday night.

Ein kveld det var fest på Teknisk Museum, me drakk øl og poserte med vifte i håret. Me tok bussen, av ein eller annan grunn hugsar eg at det var ein sjukt humpete tur eller kanskje me var veldig fulle og me endte opp på ein bar på Olaf Ryes Plass.
There was a party at the Museum of Science and Technology, we drank beer and posed with a big fan. We took the bus, somehow I remember it being a very bumpy ride or maybe we were very drunk, we ended up at a bar at Olaf Ryes Plass.

tuesday.

Meg og bittelille Mikla. Når ho var kvalp var eg ofte hundevakt. Søstra til Jostein budde i Kingos Gate, eg tok med meg dataen min og sat og jobba med ho så ho skulle ha selskap, me gjekk turar i parken og snakka med andre hundar.
Me and tiny Mikla. When she was a puppy I dog sat her quite often. Jostein’s sister lived in Kingos Gate, I took my computer and sat there working to keep her company, we went for walks in the park and talked to other dogs.

me & my dad.

Her er eg eitt år og tre månader, elskar dette bildet. Og eg verkeleg elskar barten til pappa. Og eg hugsar ikkje at dette bildet vart teke, såklart, men eg hugsar at den sofaen klistra seg til låra mine.
Here I’m one year and three months, I love this photo. And I really love my dad’s moustache. I don’t remember this photo being taken of course, but I do remember that sofa and how it stuck to my thighs.

the last few days.

I gravferda til morfar hadde eg eit nytt objektiv og fotograferte sjalet til ein samisk slektning. Kameraet har alltid gjort slike dagar enklare for meg, eit stort svart objekt framfor ansiktet gjer ting enklare.
At my grandfather’s funeral I had a new camera lense and photographed a sami relative’s shawl. The camera has always made days like that easier for me, a big black object in front of my face makes things easier.

j in paris.

Gifteringen til Jostein. Eg kjøpte den på ein bitteliten butikk i Paris og gav den til han på ein meksikansk restaurant når han kom på besøk. Den er frå Cartier og er i matt gull, blir berre finare og finare.
Jostein’s wedding ring. I bought it at a tiny shop in Paris and gave it to him at a mexican restaurant when he came to visit. It’s from Cartier, it’s matte gold and only gets prettier.

i heart ikea.

Fredrik, Janne, Jostein og eg reiste til IKEA og lata som om me budde der. La oss under dynene og snorka, sat ved spisebord og skålte med glasa. På veg heim kjøpte me pølser i brød og kjøttbollar.
Fredrik, Janne, Jostein and I went to IKEA and pretended to live there. We laid under the covers and snored, sat by the dining table and clinked our glasses.

balaton sound festival.

Jostein og eg var på elektronikafestival i Ungarn, Balaton Sound Festival. På veg dit vart me forsinka av eit sjølvmord på togskinnene, på veg tilbake krangla Jostein og eg om eit eller anna og eg gjekk to meter framfor han heile vegen til togstasjonen. Men det var den første gongen eg dansa utan å bry meg, det var sommar og det var Chemical Brothers.
Jostein and I went to an electronica festival in Hungary, the Balaton Sound Festival. On our way there we were delayed by a suicide on the train, on our way back Jostein and I had a fight about something and I walked two meters in front of him all the way back to the train station. But it was the first time I danced without caring, it was summer and Chemical Brothers.