tired of london, tired of life.

lærdal.weekend.thursday.sun days.

av og til kan eg få akutt nostalgi til å flytta på landet, planta busker og ligga på eit teppe i hagen og drikka saft. plukka rabarbra, få jord under neglene og bli sveitt i luggen av å hogga ved og bygga benkar. eg tenker egentlig at eg aldri kjem til å bu på landet, eg søker meg til byane og til millionane av historiar som eg får i fanget, fritt til å skriva om folk sine telefonsamtalar og kranglar på kafé.

derfor føler eg meg så sjukt heldig at eg har ålt meg inn i ein svigerfamilie som gjer det mogleg å ha det beste av begge. sitta på ein benk i primrose hill og transkribera andre sine samtalar éin dag og grava i bed i sogn den neste. for utan det fine gamle huset hadde me aldri kunna budd så store lange periodar i sogn som me gjer. i sommar skal me stå opp med sola både i sogn og i london. og sommaren etter der, og etter der. det er herlig naivt å sei at eg aldri vil flytta herfra, men oi så sant det er. det er jo desse kontrastane som gjer livet så bra, og som gjer det så fantastisk gøy å vera forfattar. men eg vil bu ein stad der folk trimmar hekkane sine til rare formar, knuser ølglas utanfor pubar og les obskøn litteratur på tuben. ein stad der eg kan få kirsebærvodka og surdeigsbrød levert på døra. der paris berre er ein togtur unna og ein kan gå på meksikansk restaurant i ein gamal strippeklubb.

 

 

translation:
sometimes i ache for the countryside in norway, planting bushes and staying outside, drinking cordial on a blanket. picking rhubarb, getting dirt under my fingernails and sweat in my bangs from chopping wood, building benches. i don’t actually think i’ll ever live in the countryside, i always want to be in the city, with the millions of stories there.

i feel so lucky to have the best of both worlds. transcribing people’s conversations and then digging a hole in the ground in norway, all in one week. this summer we’ll be getting up early with the sun both in norway and in london. and the summer after that, and the summer after that. it’s deliciously naive to say that i never want to leave here, but it feels so true. these contrasts make life good, and they make being a writer so much fun. but, i do want to live where people trim their hedges into weird shapes, break beer glasses outside pubs and read obscene literature on the tube. somewhere i can get cherry vodka and sour dough delivered. where paris is just a train ride away and i can go to a mexican restaurant in a strip club.

 

 

 

 

 

important lady action.


av ellen amanda

her er ei liste over sånt som eg har syns har vore viktig og bra på internett den siste tida:

- mina som oppfordrar alle til å droppa det billige fæle grillkjøttet, om berre for éin dag i veka(kor mange rekk opp handa med ein gang?).

- hanapee som skriv om korleis ein skal(og i kor stor grad ein kan) takla å vera kjæreste med ein ikkje-feminist.

- angelina jolie som er open om å fjerna begge bryst på grunn av høg risiko for brystkreft.

- sigrid som tar eit oppgjer med kjønnsrollebygging som skjer i media.

- moa som fjernar seg sjølv frå bloggportalen radarmagazine etter ho ikkje kunne stå inne for reklamen deira av halvnakne jenter når mykje av det ho skriv om er om korleis kvinner blir utnytta av kommersielle krefter(noko eg ofte har tenkt på, kva seier det egentlig når nokon skriv om GIRL POWER med retusjerte seksualiserte bilder eller slankereklame mellom innlegga?). dette skreiv ho på instagram etter at radar hadde plukka ned innlegget hennar om kor misfornøgd ho var: “Oj, var ska jag börja. Utan att meddela eller förvarna mig gjorde radar om hela sin sida så min blogg nu består av ganska precis 50% reklam. Just nu är det bikinireklam för H&M. Något man kan tycka att jag skulle fått veta, då jag drar in väldigt många sidvisningar till dem i månaden, vilket i sin tur genererar pengar för deras företag. När jag upptäckte reklamen som ramade in mina inlägg (som delvis handlar om den uttjatade och manipulativa projiceringen av nakna airbrushade kvinnokroppar som sker i säljsyfte) så publicerade jag ett inlägg med ett förlåt till mina läsare. Att jag tog avstånd från reklamen, att jag redan hade mejlat radar och frågat vad fan som händer med sidan och att jag skulle sluta blogga på deras domän. Det inlägget plockade radar ned idag. Och jag förstår, de kan inte ha bloggare som kritiserar deras annonser och annonsörer. De är ett företag som precis som alla andra behöver gå med vinst. Faktumet att de plockade bort mitt inlägg är ändå ett övertramp och en censurering av något jag vill säga till er som följer min blogg. De bytte även lösenordet på min användare, men det har jag fått tillbaka nu. Ifall de kontaktat mig och berättat om sidändringen så hade det här kunnat skötas så mycket bättre, jag hade kunnat flytta min blogg innan det skedde. Slutar såklart blogga för radar och vet inte riktigt var jag ska ta vägen. Och radar är inget ont företag, det var bara kass kommunikation och väl hårda ord från mig som resulterade i det här trasslet med borttagna inlägg och lösenord. Ny blogg på något nytt ställe snart. ❤”

 

har de lest noko som har vore viktig og bra på internett i det siste?

 

translation:
these are some things that i have found to be some kick-ass lady action lately. most of it is in norwegian and swedish, and also the new york times piece that angelina jolie wrote about having a double mastectomy. click the links and try and translate. please share things you have read that have been smart and clever and thought-provoking!

 

on sleeping and waking up.

Untitled

eg har begynt å stå opp tidlig. noko eg aldri i mitt liv hadde trudd skulle skje. etter fleire år med frilanssoving helst til elleve og å ikkje rekka postkontoret til eitt, etter trassige tenår med søvnmønster som gjekk ut på å sova helst til etter middag i helgene og nesten ikkje i heile tatt i veka. eg veit ikkje kva som skjedde, plutseleg i vinter ville eg ikkje meir. etter å ha forsvart mine rettar til min eigen døgnrytme i så mange år følte eg berre at eg ikkje ville leva sånn meir. heilt ut av ingenting. det tok ei veke å snu døgnet, og det var sjukt krevande og til tider ville eg gje opp. men det lønte seg.

eg unnar alle frilansarar å få legga opp dagen akkurat som dei vil, det er eit hardt liv om ein skal måtta gjera som alle andre i tillegg. men eg trur eg trivst bedre i rytmen av døgnet, føler eg har meir kontroll og eg er mykje mindre stressa. etter så mange år i mørket føler eg meg som eit supermenneske når eg har kryssa av nokre boksar før klokka eingong slår ti. å stå opp med lyset er eit heilt anna liv enn å sova til midt på dagen i trass. eg blir svolten klokka tolv og gløymer at det er mange timar sidan sist eg åt, eg kjedar meg lett midt på dagen etter alt arbeid er gjort og det framleis er for tidlig til å berre sjå på tv til sovetid, men eg er så fantastisk pepp i heile kroppen, skuldrene sit der dei skal og livet liksom flyt litt bedre.

tenk at det kan vera så eksotisk å stå opp med resten av verda. for meg er dette heilt absurd. i dag tidlig vakna eg halv åtte av at sola skein rett inn gjennom vindauget og laga geraniumforma skuggar på jostein sin kropp, og eg strekte meg etter telefonen og skrudde av alle alarmane før dei eingong hadde gått, sneik meg inn i jostein sin armkrok og  slumra i fem minutt før eg stod opp og lagde frukost.

translation:
i’ve begun getting up early, something i never thought could happen. after years of freelance sleeping until eleven and not making the post office at one, after angry teenage years with sleep patterns consisting of sleeping until dinner in the weekends and not at all in the week. i don’t know what happened, all of the sudden i didn’t want to anymore. after defending my rights to sleep in for so many years i just didn’t want to live like that anymore. out of nothing. it took a week to turn the day around, and it was very demanding but so worth it.

i think all freelancers should do whatever they wish, it’s a tough life if you also have to consider what everyone else does. but i think i’m more comfortable in the rhythm of the day, i feel more in control and my stress levels are way down. after so many years in the dark i feel super human when i tick some boxes before it’s even ten. getting up with the light is a completely different life from sleeping until mid-day out of spite. i get hungry at noon and forget that it’s been hours since i ate, i get bored in the middle of the day when i’ve done all my work and it’s still too early to just watch tv until bedtime. but i feel so much more energized, my shoulders have come down to their normal level and life just flows a little better.

isn’t it funny how it can be so exotic getting up with the rest of the world? for me this is absurd. today i woke up half past seven from the sun shining through our window, making flower shaped shadows on j’s body. i fetched my phone from the window sill and turned off all the alarms before they’d even rung, snuck onto j’s arm and stayed there silently for five minutes before i got up and made us breakfast.

gray.

g.

dei siste månadane har eg lagt merke til dei, små korte grå hår som stikk seg ut mellom mine raude strå, dei er stive og annleis enn dei raude og skil seg litt ut. når eg såg det første kjente eg etter i magen, i hjarta, kva eg syntest og følte rundt det. og det kom ingenting. ingen overveldande kjensler av tapt ungdom, inga bekymring, ingen skam. andre syns derimot at det er ganske fælt med mine grå hår, damer som kviskrar for å spørja og liksom krympar når dei spør, om det er sant, KAN DET VERA SANT, at 22-åringen har fått grå hår. og igjen søkte eg i hjarta for å sjå om eg fann noko, men ingenting. heilt likegyldig. og da følte eg at eg har vunne over systemet. kanskje ved å ikkje lesa dumme magasin, ikkje ha tv, bekrefta meg sjølv på andre måtar, har eg låst vekk dei kjenslene som vanligvis blir tvungen på unge jenter om korleis dei skal sjå ut og reagera når dei grå håra kjem. kva betyr egentlig det grå håret? betyr det at eg er klok, at eg er vaksen, at eg har tatt ungdommen for gitt? faktisk betyr det null og ingenting. det betyr berre at kroppen min har bestemt det, det er genetikk. mamma fekk óg grå hår då ho var 23.

men kvifor skal det vera ein dårlig ting med grå hår? kven er det som har bestemt det? er det ikkje berre genetikk, det óg, som så mange andre ting? eg er så lei av at jenter skal føla eit press utanfrå for korleis me skal sjå ut, til og med alt me ikkje kan kontrollera. skostorleik, kor lange tærne våre er, kroppsform, stemme. men det er ingen som bestemmer at me skal føla det presset utanom oss. me kan faktisk bestemma å ikkje føla det, men da må me óg velga vekk dei påverknadane utanfrå som får oss til å ha det sånn. kjipe magasin og bloggar, venner som får ein til å føla seg dårlig, klede ein ikkje føler seg vel i. og ta valg basert på kva me faktisk vil, og ikkje kva ein trur at andre forventar. me må slutta å legga makt i hendene på andre og bestemma sjølv korleis me vil ha det. eg kjem til å halda fram med å farga håret mitt raudt. ikkje fordi eg ikkje vil ha grått hår, men fordi eg elskar min raude man. kanskje kjem det til å stikka fram eit grått hår her eller der rett før frisørbesøket, men det bryr eg meg faktisk ikkje om. den dagen eg blir lei av frisørbesøk kjem eg til å la det gro seg ut og bli lange grå bølgjer. om det blir når eg er 30 eller 75 er heilt opp til meg.

eg lurer på kva tankar de har om dette? om dei små grå, om de har sett noko til dei eller om de gruar dykk til dei kjem, korleis de hadde reagert? dette er sånt eg kan prata om i timesvis, kvifor ein reagerer som ein gjer på noko som er heilt ute av vår kontroll, fordi me har lært at det er sånn det skal vera.

translation:
in the past few months, i’ve noticed some gray hairs poking through my red mane. when i saw the first one, i had to take a minute to really search my soul for reactions. nothing. no overwhelming sense of lost youth, no worries, no shame. some people think my gray hairs are bad, like grown up women who whisper to ask and kind of cringes when they do, if it’s true, CAN IT BE TRUE, that the 22 year old has gray hairs. again, i searched my heart for signs, but nothing. completely indifferent. i really felt like i had beat the system. maybe by not reading stupid magazines, not having a tv, affirming myself in other ways, i’ve locked away the feelings that are normally forced down young girls’ throats, how we should react when the grays come. what does the gray mean? does it mean i’m wise, that i’m grown up, that i’ve taken my youth for granted? actually, it means nothing. it just means my body has decided, it’s genetics. my mother had her first gray hairs at 23 as well.

more interestingly, why are gray hairs a bad thing? who decided that? isn’t it genetics too, as so many other things are? i’m so sick of girls having to feel this pressure to look a certain way, even the things we can’t control. shoe size, the length of our toes, body shape, voice. but noone decides for us to feel that pressure but us. we can decide not to feel it, but it means exluding the things that influence us in a bad way, like stupid magazines that break you down just so they can sell self-help tips the next week, friends who make you hate yourself, clothes you don’t feel comfortable in. and make choices based on what we really want, and not what we think other people expect fromus. we have to stop putting power into other people’s hands and start deciding for ourselves how we want to live. i’m going to keep dyeing my hair red. not because i don’t want to have gray hair, but because i love my red mane. maybe a gray will poke through here and there between salon visits, but i really don’t care. when i get tired of going to the salon, i’ll let it grow out and become long gray waves. if that day is when i’m 30 or 75 is entirely up to me.

i wonder what your thoughts are on this? about the little grays? if you’ve seen them or dreading them, how you would react? this is the kind of thing i can talk about for hours, why we react the way we do about things that really are out of our hands, just because society says.

dear diary.

diary.diary.

då eg såg moleskine sine nye fantastiske kvite notatbøker etter vekesvis med tanketenk og eit behov om å få skriva saker ned, bestilte eg endeleg ei. eg fekk følga den på vegen, gjennom italia og hit til postkassa mi, og hoppa litt når eg hadde ho i hendene. eg har elska å skriva dagbok sidan eg var lita, alltid skrive masse, men tidlig i tenåra slutta eg og skreiv heller i dagboka på blink.

eg skriv når eg føler for det, men kun tankar og ingen sjekklister eller webdesignskisser. det finst det andre bøker til. dette er tankeboka. og det føles utruleg bra å berre få skriva det ut. eg treng ikkje å passa på korleis eg skriv ting fordi andre skal lesa det, treng ikkje skriva fint så andre skal forstå det. det er ikkje nøye om eg forstår det sjølv eingong, det viktige er å få formulert tankane på papir, liksom få dei ut av hovudet så ein får sett dei og putta dei i skuffene der dei høyrer heime. også kan ein elta og fundera, for evig og alltid. og drøyma om vår og kirsebærtre.

 

 

diary.

 

translation:
i’ve finally started writing a journal again. it’s a white moleskine, only for thoughts. it feels so good to have somewhere to write things down, seeing my thoughts on paper lets me understand them better. it makes me happier.