hjartemagasinet.
dei siste vekene har eg fått himla mange spørsmål om det framleis går an å kjøpa parisutgåva av hjartemagasinet, og det gjer det! eg har nokre boksar igjen. etter eg flytta til london har dog min fantastiske og snille svigermor tatt seg av distribueringen, så utsendingen kjem an på kor fort eg får gitt ho adresser og kva anna ho har på tapetet. rekn inn ca ti dagar leveringstid. ein kan bestilla her, men kun til noreg, er de snille. me gjer det så enkelt som mulig. det er ei perfekt julegåve, eller egentlig kva gåve som helst. er så himla stolt av det der magasinet. om de vil kjøpa det utanom paypal kan de maila meg på hjartesmil(at) grayzine.no, så fiksar me det sånn. litt må ein jo fire på når det er førjulstid. (:
ei ny utgåve av hjartemagasinet kjem ikkje i år, heilt enkelt for at eg har for mykje å gjera. de får sjølvsagt vita om det når noko skjer i det området.
translation:
only for my norwegian readers!
siste frist.
i dag er eg fullstendig utslitt etter ei veldig lang helg som har gjort vondt i hjartet og dårlig med søvn, så eg vil berre sei éin sak: siste frist for å få kjøpt hjartemagasinet på tilbud er i morgon, i morgon 00:00 stenger eg slusa og da går det tilbake til normal pris igjen! så, om de vil spara litt pengar anbefalar eg at de handlar raskt. hugs at det kun er for dei som bur i norge!

just reminding my norwegian readers of the deal on my magazine. only for readers in norway.
flyttetilbud på magasinet!
i desse dagar flyttar eg ut fra denne leiligheten, og eg vil helst ha så få magasin som mulig med meg når eg reiser. derfor lanserar eg no eit magasintilbud som gjeld til søndag! ganske så bra tilbud om eg får sei det sjølv. kun for lesarar i norge!

only for my readers based in norway: a sale on the magazine.
til salgs.

takk for alle tilbakemeldingane eg har fått dei siste dagane, herregud så fine de er og herregud så glad eg er for at de likar magasinet! eg er sjukt stolt av det og håpar at de berre vil holda fram med å bestilla og gi dei bort i gave og vakuumpakka dei til dei blir mykje verdt ein dag, haha. om du vil kjøpa eit i helga og bur i oslo, bergen eller trondheim kan de gå hit:
oslo:
balanzera frisørsalong, sofienberggt. 2b (rett ved olaf ryes plass)
frøken dianas salonger, markveien 33 (olaf ryes plass)
tronsmo bokhandel, kr. augustsgt. 19 (ta trikk 11 til tullinløkka også er du rett ved sidan av)
bergen:
kostym, skottegaten 21
trondheim:
pryd, mercursenteret

i’m so happy about all of your words about the magazine in the last couple of days, thank you ever so much. it means a lot to me, i’m so proud of it. i hope you’ll continue to order it and be happy about it. these are the adresses that sell the magazine in oslo, bergen & trondheim.
eit lite ps:

no har hjartemagasinet fått seg ei heimeside! den er ganske så basic, men det er fint likevel. etterkvart trur eg at dei tidligare utgåvene skal få vera der óg, så ein kan få bla i internettversjonen av dei. hjartesmil.com er det ihvertfall! hurra!

i made a website for the magazine! hjartesmil.com.


























