exploration friday! salted caramel cake, fig jam, bicycling along the canal and a fairly large cookie.

vår utforskingsfredag starta med litt shopping i hackney. me prøvde eit par ting, men kjøpte ikkje noko.

så satte me oss ned for å eta kake på kafé, me delte eitt kakestykke og drakk espresso medan me skribla på eit nytt skriveprosjekt me driv på med.

og mellom gode idéar las eg bloggar og såg dette fantastiske bildet på sandra sin blogg. så fekk me telefon om at bokhyllene våre var på veg, så me fekk komma oss heim igjen og ta imot dei med sko og skjerf på, og rett etter dei var i hus reiste me nordover igjen og til hoxton.


der åt me endeleg lunsj, me var skrubbsvoltne og åt baguettar med cheddar og fikensyltetøy. også kjøpte me med oss litt proviant før me reiste vidare til neste store mål: sykling.


dette var første gongen me køyrte syklar i london, og det var så sjukt gøy!











me sykla langs kanalen, gjennom victoria park og til bethnal green også til parken igjen.



der drakk me saft på glasflaske og delte eit stort kjeks og spionerte på to ungar som hadde piknik inni skogen åleine, også sykla me tilbake til hoxton med syklane, drakk øl på pub, ringte besteforeldre og kjøpte steinovnsbakt brød før me reiste heim, og det var den utforskingsfredagen. veldig nyttig å ha ein heil dag i veka satt av til utforsking når ein driv på og skriv byguide!
translation:
on friday, we had our usual exploration! we went second hand shopping in hackney, we shared some cake and espresso and talked about new writing projects and then we got a phone call saying our bookshelves would arrive within an hour. we went home, kept our shoes on and immidiately after placing the shelves inside we got on the train again, and went to hoxton. we had lunch, baguettes with cheddar and fig jam, and then we rented bicycles! we had never bicycled in london before and it was so great! we went to victoria park and had a little picnic and spied on some kids having their own picnic in the park, we had some beer at a pub, called some grandparents and bought a whole lot of bread before we went home. so nice to have a day of the week dedicated to exploring, especially when i’m writing this city guide!
friday! lemon cupcakes & house boats, pink cherry blossoms & book shops.

fredag fant me tilbake til vår gamle tradisjon: utforskingsfredag! me tek ein fredag her og der også reiser me ut i byen vår og berre liksom går. leitar etter alt og ingenting. denne fredagen starta på kafé i camden med veera og cupcakes. så gjekk me i parken og såg på utsikten over byen, langs kanalen og såg på husbåtar og båtbussar og palass og ut frå regents park såg me det største vakraste kirsebærtreet eg nokon gong har sett. me kunne skjønna at det var noko for alle asiatiske turistar stoppa og tok så mange bilder og var så glade. så gjekk me til marylebone, åt frukost til middag og snoka i bokhandel, etter det gjekk me til paddington og tok bussen heilt heim og når me kom heim hadde me vore ute av huset eit halvt døgn.
translation:
on friday we returned to our old tradition of exploration friday! we take a friday here and there and just go out into our city and walk. look for everything and nothing. this friday started at a café in camden with veera and cupcakes. then we went to the park and looked at the view over the city, we walked along the canal and looked at some house boats and boat buses and palaces, and coming out from regents park we saw the biggest cherry blossom i had ever seen. we knew it had to be something because the asian tourists were stopping to photograph and looked so happy. then we walked to marylebone, had breakfast for dinner and snooped around in a book shop. after that we walked all the way to paddington and took the bus all the way home, and when we got there we had been out of the house for almost half a day.
thursday in greenwich!


torsdag gjekk me til greenwich. sidan me flytta tar det rundt ein halvtime å gå dit, og det er sjølvsagt fantastisk. torsdag er den beste dagen å reisa til greenwich på, for da er det vintagemarknad. så me gjekk dit og kjøpte ingenting men helsa på alle som kjenner oss att og som jobbar der(super kjensle), åt ein sandwich på paul rhodes også gjekk me i greenwich park, der me ikkje har vore sidan me var på leilighetsleiting sommaren 2011. me gjekk til toppen og såg på utsikt. supervarm og fin dag!
translation:
on thursday we walked to greenwich. since the move, we can walk there in about half an hour which is awesome. thursdays are the best days because of the vintage market. we went there but didn’t buy anything but talked to a lot of people who recognize us(awesome feeling), we had a sandwich at paul rhodes and then we went to greenwich park, where we hadn’t been since we were looking for apartments in the summer of 2011! we walked to the top and looked at the view. super warm and lovely thursday.
norsk 17.mai i london!
alle fine nordmenn som bur i london, de lurer kanskje på kva de skal gjera på 17.mai? eg veit kva eg skal, i alle fall. først skal eg i southwark park og eta pølser og drikka solo og høyra norsk barnekor og prinsesse märtha louise holda tale. så skal eg på norskfest på pub i haggerston! der kjem det til å finnast jarlsberg og brunost og laks og pølser og vafler og fine nordmenn. bildene er frå i fjor, då eg til mi store overrasking syns det var fantastisk med 17.mai i london sjølv med stor heimlengselsklump i magen.
translation:
17th of may is norway’s national day! i am celebrating in southward park and at a pub in haggerston!
friday in london.

fredag vakna me tidlig og gjekk ut for å få oss frukost i notting hill.


me bestilte, og jostein sat i mellomtiden og las i ei bok om muslimsk mosaikkunst.

eg åt ein sandwich med avokado, tomater og bacon. så utrulig godt.

etterpå måtte eg stikka avgarde, for eg skulle til frisøren. der tar eg aldri bilder fordi eg mest sit med ein plastpose på hovudet, men det var bra! fekk til og med bursdagsgåve av dei fordi eg hadde hatt bursdag same veka.




så reiste eg til tottenham court road og møtte jostein i covent garden. me gjekk på fransk kafé der dei såklart var litt sure som vanlig. eg åt marsipan og jostein åt sitronterte, og me vart dagens heltar då me fann husnøklane deira.



me gjekk lengre ned i covent garden og kjøpte nokre bursdagsskattar(sånn er det når ein får pengar til bursdagen, ein kan kjøpa gåver i evighet). og jostein hadde mista ein kalosj, noko me ikkje visste da men fann ut seinare men som me sjølvsagt skulle ha sett når me tok bilder av skoa hans. så fekk me for mykje å bæra på, så me måtte reisa ein liten tur innom hotellet før me måtte på overground sørover, for me skulle møta dei som eig leiligheten!



og me var litt nervøse og litt for tidlig så me gjekk litt rundt i parken og tenkte at det kunne ikkje vera sant at me skulle få bu her med alle desse kirsebærtrea. så fekk me møta dei, verdens finaste par og den fire månadar gamle sønnen deira henry, med smilehol. me gjekk derfra ekstatiske. nederst tar jostein eit bilde av bygget vårt for å rapportera heim.


også var me så slitne og svoltne at me hoppa på burger-vogna for andre kveld på rad. og morgonen etter flytta me inn!
translation:
on friday we got up early to get some breakfast in notting hill.
we ordered, and j spent the wait reading about muslim mosaic art.
i had a sandwich with avocado, tomatoes and bacon. so good.
after, i had to run to the hairdressers! i never photograph there because i mostly spend my time there with a plastic bag on my head. i even got a birthday gift since i’d had my birthday that week.
then i went to tottenham court road and met j in covent garden. we went to a french café where i had some marzipan and he had some lemon tart, and were heroes of the day when we found their house keys.
we walked further down into covent garden and i bought some birthday treasures(the results of birthday money, getting presents for ever). j had lost one of his rain shoes, which we didn’t know then but found out later but we should have seen it when i took this photo. then we had too much to carry, so we had to stop by the hotel before going south on the overground to meet the people who own the apartment we had gotten!
we were nervous and too early and walked around the park and pinched eachother because it was hard to believe that we were going to live there soon. then we met them, the nicest couple ever and their four month old henry. we left bursting with joy. at the bottom, j is taking a picture of the house to send home.
then we were tired and hungry and jumped on the burger wagon for the second day in a row. and the morning after, we moved in!




























































