One year ago

bryllupsreisa.bryllupsreisa.bryllupsreisa.bryllupsreisa.bryllupsreisa.bryllupsreisa.bryllupsreisa.bryllupsreisa.bryllupsreisa.bryllupsreisa.bryllupsreisa.

For eitt år sidan, på bryllupsreise, feira me at me hadde vore ilag i 11 år. Me drakk vin og åt pasta, og visste ikkje at me berre dagen etterpå skulle finna ut at eg var gravid.

I dag feirer me 12 år ihop, på turné med bebis, og tenkjer på kor innmari fort ting kan skje.

One year ago, on our honeymoon, we celebrated our 11 years of being together. We drank wine and had pasta, and didn’t know that just the day after we’d find out that I was pregnant.

Today we’re celebrating 12 years together, on tour with the baby, thinking about how fast life can happen.

Saga + Sara

<3<3<3<3<3<3

For nokre veker sidan var Sara på besøk og rett før ho tok bussen tilbake til Oslo (no også kjent som paradiset med det gode aprikossyltetøyet, bokhandlarar, Tim Wendelboe og kaffi ein ikkje lagar sjølv) tok ho bilder av oss, familien. Allereie syns eg ho ser så liten ut på desse bildene. Og at me er så fine, at me ser skjøre og nyfødde ut alle saman.
A few weeks ago, Sara came to visit us, and right before she took the bus back to Oslo (now also known as the paradise of apricot jam, book shops, Tim Wendelboe and coffee we don’t make ourselves) she took some pictures of us, the family. I already think she looks so small in these. And that we look so nice, so fragile and newborn all of us.

<3<3

Og her er dei, bestisane. Saga og Sara.
And here they are, the besties. Saga and Sara.

Anniversary gifts: paper

Anniversary

Jostein og eg hadde bryllupsdag den 25. juli, papirbryllupsdag (1 år) og sidan me nettopp var heimkomne fra sjukehus med vesle S tok me det heilt med ro. Men gåvene var langt ifra nedstrippa. Eg såg desse kortstokkane gjennom butikkvindauget hos Hermés i Lisboa, og hjartet slo litt ekstra hardt. Jostein og eg er kortspelarar, me har alltid ein kortstokk med oss og det er ein så fin måte å vera ihop på. Ein blir jo pensjonistar etter 12 år saman, og eg elskar det. 12 år med varm sjokolade og kortspeling, ein kan jo ha det verre. Medan han var nede i første etasje og henta meir bleier til stellebordet oppe og me nettopp hadde gnidd den vesle søvnen ut av augene etter den første natta heime, la eg den oransje boksen i senga. Så kvardagsromantisk og lunt. Av han fekk eg billettar til Nøtteknekkeren på Den Norske Opera og Ballett i desember, eg har ønska meg det i tusen år og vart så vanvittig glad for det. Gler meg til å pynta meg og drikka vin i pausen, så innmari fint å gi nokon noko å gle seg til.
Jostein and I celebrated our one year anniversary, the paper anniversary, on the 25th of july, and since we had just arrived home from the hospital with little S we chilled completely out. But the gifts were not so chilled. I saw these cards in the window at Hermés in Lisbon, and they made my heart beat so fast. Jostein and I are card players, we’ve always got one on hand and it’s such a lovely way to spend time together. You do sink into things after 12 years together, and I love it. 12 years of hot chocolate and cards, life could be worse. While he was downstairs fetching more diapers for the upstairs changing station, and we had just wiped very little sleep out of our eyes after the first night home, I put the orange box on his side of the bed. So everyday romantic and cosy. He gave me tickets to see the Nutcracker at the Opera in December, I’ve wanted to go for ages and it made me so happy. I can’t wait to get dressed up and drink wine in the intermission. Such a nice gift, something to look forward to.

Our first year

_MG_9556_MG_9200bw

Foto: Heidi Furre

I dag har Jostein og eg vore gift i eitt år, vår første bryllupsdag, og det er vår første dag heime med dotter vår. Kvar gong eg vakna såvidt i natt, måtte eg sjekka klokka fordi eg var så pepp på å gi Jostein gåva hans, også måtte eg holda meg for å kyssa dei til dei vakna, for me er jo tre som bur i denne senga no. Det er ganske fantastisk kva som kan skje på eit år, tenk at me får leva så tett på dette vesle mennesket som smiler i søvne og har sølvfarga striper i håret.

Me åt frukost på bryllupsserviset, gjekk for å sjå at ho pusta annakvar gong og tre sekund etter eg hadde ete opp var ho svolten igjen. Istadenfor kaka eg hadde tenkt å baka et me pinneis frå frysen og søv totimerslur midt på dagen med dotter vår. Ikkje fanst det vel betre vis å feira på enn det.

Today Jostein and I have been married for one year, our first anniversary and our first day home with our daughter. Every time I opened my eyes last night I had to check the time because I was so eager to give Jostein his gift, and also keep myself from kissing them so they’d wake up, because there are three of us in the bed now. It’s pretty incredible what can happen in a year, I can hardly believe we get to exist in the same space as this little person who smiles in her sleep and has stripes of silvery grey in her hair.

We ate breakfast on our wedding china, both went to check she was breathing and three seconds after finishing my meal she was hungry again. Instead of the cake I was planning to bake, we’re eating popsicles out of the freezer and taking two hour naps in the middle of the day with our babe. I can’t think of any better way to spend the day.

11 years with you.

copenhagen, day two.

i dag har det vore oss i 11 år. for kvart år som går blir det vanskeligare å forstå og lettare å sjå kor heldig eg har vore.

 

*translation:
today we’ve been together for 11 years. for every year that passes, it gets more difficult to understand but easier to see how lucky i have been.

hot air balloon.

Untitled

det sjukaste me fekk til bryllupsgåve var frå vennene våre som hadde lagt pengar i haug og kjøpt gåvekort på varmluftsballongtur med champagne til jostein og meg. då bestemor såg det sa ho “det tør ikkje han jostein” og det har ho kanskje rett i. men nokon gongar gjer ein ting ein ikkje tør for å tøffa seg for kjæresten sin.

 

*translation:
the most awesome present we received for our wedding was from our friends who had put their money in a pile and got us a gift certificate for a hot air balloon ride with champagne. when my grandmother saw it she said “i really don’t think jostein can do that” and she might be right. but sometimes you do things you’re afraid of to look cool for your girlfriend.

just married.

Untitled

min finaste vakraste ektemann. som smilte så mykje på laurdag at han fekk gnagsår av brillene sine. me er så lykkelege og så slitne, og no ventar dagar med kvile, kjærleik og kakerestar. tusen takk for alle lykkeønskingar og helsingar!

*translation:
my beautiful husband. he smiled so much on saturday that his glasses made his face sore. we are so happy and so tired, so ready for days of rest, love and leftover cake. thank you so much for all your kind words and love.