white, pink & gold.
no er det jo straks berre eitt år til eg skal gifta meg med det finaste mennesket eg veit om, og tenker ein million bryllupstankar kvar einaste dag. heldigvis finst det tusenvis med bryllupssider og kjolar på internettet, og ein av mine beste nettsider er bhldn. der har dei sånt:



sånt som ein har i håret og på hovudet.
translation:
since i’m getting married next year i think about wedding approximately 1000 times a day, and that’s why i’m so glad there are so many pages on the internet with beautiful things to plan around. my favorite online shop at the moment is bhldn. click the links under the images to find the categories!
i do.
eg er veldig i bryllupsmodus for tida, sidan han der fine si søster skal gifta seg straks og eg skal fotografera tre bryllup i sommar så kastar eg meg inn i verda der alt er mjukt og varmt og pastell og kvitt og glade fjes. sjølvsagt tenkjer eg ekstremt mykje på mitt eige bryllup da óg, neste vår/sommar, og til mitt syns eg at dette er perfekt:

i’m in wedding mode these days, as j’s sister is getting married and i have three weddings to photograph this summer! it also, of course, makes me think about my wedding a lot, and i think these pictures are just perfect.
duse pastellar og sirkus og sand.
det er så kjipt at ein kun får gifta seg éin gong. no seier eg ikkje at eg ikkje skal gifta meg fleire gongar enn éin(men med samme person såklart), men at det liksom er forventa av samfunnet at ein giftar seg punktum ferdig med det. eg skulle så gjerne hatt ein masse typar bryllup:
ute på ei strand utan sko med tusenvis av blomar. bryllup på femtitalet. tredagarsbryllup med streng kleskode. bryllup med born og bryllup utan born. sirkusbryllup. bryllup på ein båt. bryllup med berre nære venner og familie. bryllup der alt går i pastellar. men om eg får berre eitt einaste eitt så vil eg at det skal følast sånn:
eg vil at det skal vera trygt men samtidig ha det pirret i magen som seier at ein skal binda seg til nokon som ein elskar og feira det til dei små timar. eg vil at det skal følast som ein to dagar lang søndagsbrunsj. eg vil at det skal følast som surret i hovudet etter å ha kjederøyka ti sigarettar. eg vil at det skal følast som å flyta i eit basseng. eg vil at alle menn har sløyfer og alle jenter har blomar.
neste år skal eg gifta meg. eg og han der fine, det føles heilt absurd og heilt fantastisk. éin ting har me i alle fall bestemt, og det er at bryllupet blir i london. og det er framskritt berre det. anten i eit stort majestetisk hus med snirklete tapetar og tak, eller i eit stort telt i ein nydelig hage. og så som eg gler meg. til invitasjonar og fargeskalaar og kjolar(!!!!) og snop og makronar og smoking og sløyfer og sussing og grining også å reisa vekk til ein magisk plass som kanskje ingen veit om.

next year i’m getting married and although i’m very much looking forward to it i wish it had been more acceptable to have more than just the one wedding, i’m going to be so sad when i don’t have a wedding to plan for anymore. i want it to feel like a two day long sunday brunch and floating in a swimming pool. i want it to feel like the buzz from smoking ten cigarettes while sitting down and then standing up. at least we know one thing: the wedding will happen in london, which is progress no doubt.
oh la la.






om han som du skal gifta deg med ein søndagskveld seier “hei, kom hit, me skal sjå på ringar” og opnar heimesida til dior, da seier du ingenting. det meste du kan få lov til er å peika og sei oh la la og oi oi oi. desse er mine favorittar, kva seier de? tenk å skulle gifta seg med ein sånn ring.

my fiancee asked me to come watch rings with him on sunday, and opened dior’s homepage… i’m a very lucky girl. these are my favorites!
om ringen.
okei, no trur eg at eg er klar for å dela litt meir av forlovelseshistoria. nokon gongar når noko så fint skjer så vil ein berre holda det tett tett inntil kroppen for ein er redd for at det forsvinn om ein seier det til nokon. men no er eg klar, og første del i frierihistoria handlar om ringen.
oktober 2009: eg skriv eit blogginnlegg om at når eg skulle forlove meg og om eg fekk bestemma ringen sjølv skulle det bli denne fra dior, i gull.
desember 2009: han der fine startar jakta på ringen, som skal visa seg å bli veldig lang og komplisert. franskmenn hatar epost og telefonsamtalar er vanskelig å skjula frå nokon ein bur med. han tar meg med på gullsmed for å måla fingerstørrelsen min.
januar 2010: eg reiser med klassen min til berlin, og hedvig(i klassen) har ein konto full av pengar fra han der fine. ho skal henta ringen i berlin og ta den med heim utan at eg merkar det. han der fine får vite at dei har fått ein ring, men det er feil ring, og hedvig må reisa heim utan.
mai 2010: han der fine går på gangen for å snakka i telefon, og på engelsk, og eg skjønnar at det er ugler i mosen men fantaserar om alt anna enn ein forlovelsesring.
22. juni 2010: ei pakke kjem på døra fra dhl. han der fine er ikkje i oslo. pakken er fra galerie lafayette, og har veldig lite diskret innpakking, eg er nittiåtte prosent sikker på kva som er i boksen og klarar ikkje å sitta i ro i parken med janne og om natta drøymer eg at eg går i søvne og opnar den.
23. juni 2010: fredrik og christine kjem, eg har hatt så lyst til å opna pakken at eg ville bita av meg fingrane. eg seier det til christine og fredrik og skjønnar at fredrik veit noko. han der fine skal komma med bussen ca klokka ti. me kjøper mat på lille asia, set oss i parken og midt i nudlane snur eg meg og mange timar før han skal komma med bussen kjem han gåande opp bakken i dior-dressen og lilla sløyfe med ein kvit dior-pose i hånda. eg blir: overraska, overlykkelig, supernervøs, veldig veldig glad og veldig veldig skjelven. me veit begge kva som skal skje og eg drar han med meg inn i skogen og eg klemmer han så hardt at tårene berre renn før han går ned på kne og da klarar eg ikkje å snakke så eg berre nikkar ja og det var greit også opnar han boksen og eg hyler.
(akkurat den eg ville ha og i kvitt gull og eg er så redd for å mista den at eg syklar bysykkel med knyttneve)

about my engagement ring. my fiancee looked for the ring for six months before he finally got it, and proposed. my beautiful white gold dior oui with a diamond to dot the i. <3







































