Fint akkurat no

Det er søndag og for første gong sidan lenge, søndagskjensle i huset. Eg har dusja, vaska håret lenge, me har ein heil kylling me skal steika i ovnen og ein heil pose plommer eg vil lage syltetøy av. Saga søv i vogna med eit ullteppe tulla rundt seg, og den der fantastiske lukta av september er på veg.

Opninga i helga gjekk over all forventning, og eg har vore så overvelda og stolt. Å føla at folk er interesserte og positive til noko som er så viktig for ein sjølv, det er ei uslåeleg kjensle. No vil eg berre utvikle konseptet vidare og gjera meir med det. Me må i alle fall bestille meir varer, og det kjapt. Og det er ei ganske gøy problemstilling å ha to dagar etter opningen. Me har mange nye varer som ikkje enno ligg i nettbutikken, og i løpet av dei neste dagane skal eg få lagt opp det meste, til dei som har spurt om det.

I går var eg på bryllupsfotografering i Stryn, som jo i utgangspunktet var ein sinnssjuk plan. Eg sat og duppa i bilen heile vegen dit, så var eg så himla PÅ og hadde ein utrulig fin dag på jobb med supergode herlege folk, før eg igjen sat meg i bilen og halvsov heile vegen heim igjen (obs, eg var ikkje sjåføren).

Medan eg var i Stryn var Fredrik, Christine og Ingvild bak kassa, og to besteforeldrepar tok seg av Saga. Kor heldig får ein bli i denne verda, liksom? I morgon kjem Veera på besøk, som me ikkje har sett sidan me flytta frå London i april i fjor. Det skal bli så himla fint, og me tek fri med det beste samvitet.

It’s sunday, and for the first time in a long time, I have all the sunday feelings. I’ve showered, really washed my hair, we have a chicken to roast in the oven and a bag of plums to make into jam. Saga is sleeping in her pram rolled up in a wool blanket, that smell of september in the air.

The shop opening this weekend went down so well, I’ve been so overwhelmed and proud. Feeling like people are interested and positive about something so important to me is an unbeatable feeling. Now I want to develop the concept further and do more with it. First thing is ordering more products, which is such a good problem to have two days after we’ve opened.

Yesterday I went to Stryn to shoot a wedding, which was an insane plan to begin with. I was half-sleeping and head bopping all the way, and then I was ON and had such a nice day at work with lovely good people, before I got in the car again and half slept all the way home again (ps I was not the driver).

While I was in Stryn, Fredrik, Christine and Ingvild were running the shop, and two sets of grandparents watched Saga. How lucky can you get? Tomorrow, Veera is coming to visit, we haven’t seen her since moving from London in april last year. Very much looking forward to that, and taking some time off too.

Ein blandingsbukett heime, me hadde for lite vasar. Hortensia frå Åse, som eg lagar kokebok med akkurat no, saman med ein bukett frå Avdem Gardsysteri.

A mixed bouquet at home, we don’t have enough vases. Hydrangeas from Åse, who I am shooting a cook book with at the moment, with one from Avdem Gardsysteri.

Då me kom heim frå Stryn i går, hadde Fredrik, Christine og Ingvild laga middag, kjøpt øl og hengt opp ballongar i vindauga. Som barnebursdag, berre bedre pga øl.

When we got home yesterday, Fredrik, Christine and Ingvild had made dinner, bought beer and put up balloons in the windows. Like a kid’s birthday party, only better because beer.

Saga fekk ein gåve i posten frå Boden. Saman med verdens finaste cardigan, fekk ho strømpebukser og strømper av beste slag: ribba/med dyrefjes på.

Saga received a gift in the post from Boden. With the cutest cardigan ever, there was also tights and socks of the best kind: ribbed/with animal faces on them.

Eg vart så glad då eg fann Lisen får ikke sove på eit loppemarked nylig, sidan det var ein av mine beste bøker som born. Men Saga elskar å riva i gamle bøker (kvifor!), og no trur eg at eg skal heller ramme inn denne sida og henga den på veggen på rommet hennar.

Saga loves tearing up old books (why!), so now I’m thinking I should frame this page and put it up in her room.

Her er eit lite bilde av det eine bordet i butikken! Lovar å ta bilder med kamera i neste veke. Det er så fint at alt føles så mykje roligare no.

A little sneaky shot of one of the tables in the shop. I’m going to take some photos with my proper camera next week. Everything feels so nice and relaxed now.

Hei, Fredag!

I dag føles det så fint at det er fredag, for i dag opna butikken min! Føler meg heilt paff av kor fine folk er og sjølvsagt så himla sliten. Har fått sååå mange blomar og såååå mykje skryt i dag. Om ein time kjem det folk hit for å feira saman med oss, kor fint er ikkje det? Ha ei nydeleg helg, alle saman!♥

My shop opened today! ♥

Hei, Fredag!

Hei, Fredag! I dag er det altså to veker til butikken opnar, og eg trur ikkje at eg overhovud forstår at det er så nære sjølv om det er det eg jobbar med heile dagen. I morgon har eg bryllaup i Bergen igjen, så i kveld må helga maksast, har eg tenkt. Om eg klarar det gjenstår jo å sjå. Men med Poirot og Ben&Jerry’s må det vel gå på eit vis?

Mamma skal passa Saga heile dagen i morgon, og ho er såååå pepp på det (Saga er verdens heldigaste barnebarn). Eg er ikkje like pepp, som har ein tendens til å gråta når eg ikkje får muligheten til å legga ho sjølv om kvelden. I framtida har eg tenkt at me må snakka mykje om det her, om å vera mamma og å starta AS. Det er beinhardt. Har hatt så mykje angst i år, meir enn i fjor og året før til sammen, som om psyken er i konstant protest mot planane mine.

Saga har vore sjuk denne veka óg, med feber som har gjort at ho berre vil sitta i fanget og berre vil eta mat frå posar, takk og pris at me er foreldre i 2017 og kan kasta pengar på problemet. Takk og pris for grautposar.

Forresten: apropos at me opnar butikken om berre to veker. Me skal ha fest. Og de må gjerne komma, dei som kan! Det blir punsj og kake og eg kjem sikkert til å vera sveitt og stressa og superglad! Det blir klokka 18:00, fredag 8. september i Oddebui (Øyragata). Om du vil komma, må du klikka deg inn hit og trykka på delta.

Det har vore enda ei veke av total jobbing på dagen, og møter på kvelden. Og mitt lille audmjuke lager er på veg til å sprengast av varer. Igjen, tusen takk til alle som bestiller. Håpar de veit kor mykje enklare de gjer denne prosessen for meg. For kvar og ein av dykk som legg igjen ein bestilling blir det enklare for meg å pusha meg sjølv, ta risikoar med grunnlag i all den deilige kunnskapen desse bestillingane gir meg. Så tusen, tusen takk. Skulle aldri ha turt å gjera dette utan dykk. Denne veka har det gått mest av ulike kolabitar(bringebær og salt lakris er heilt klart mest populær), Earl Grey-sjokoladen frå Coco og denne dagboka. Men ta ein titt der borte om du har lyst! I dag ligg det oppe mange nye ting frå House of Rym, og seinare i dag kjem det opp superfine papirvarer frå danske Kartotek. Det fine er at eg sålangt selger klart best på fredagar, det er jo sikkert fordi eg skriver litt her men det føles likevel så passande for ein fredagsbutikk.

Oh hi, Friday! I can’t even begin to understand that the shop opening is two weeks away. I can’t wrap my head around it, and it’s all I’m working on at the moment. Tomorrow I’m doing a wedding in Bergen again, so tonight has to be the max a weekend can be. If I can, that is. But with Poirot and Ben&Jerry’s that should be good, no?

My mother is watching Saga all day tomorrow and is very excited (she’s the luckiest grandbaby ever). I’m not so excited, I have a tendency to weep whenever I’m not the one putting her to bed. In the future I think we’ll have to talk a lot about this, being a mom and starting a new business. It’s really hard. I’ve had more anxiety this year, more than last year and the year before put together, like my psyche is constantly opposed to my plans.

Saga has been sick this week too, with a fever that have made her a lap baby, and only eating food out of pouches, thank god we’re parents of 2017 and can throw money at the problem. Thank god for porridge pouches.

It’s been a week of total work in the day and meetings in the evenings. And my humble storage room is going to burst at any moment. I’m so grateful to the people who have chosen to spend some money in my shop this far, it makes me feel so much safer and confident when it comes to ordering new fun stuff!

Eg følger Hovelsrud gård på Instagram, og dei la ut dette nydelege bildet av eit steinbygg og eg tenkjer at JA. Sånn må me óg ha på garden ein plass.

I saw this at Hovelsrud farm’s Instagram, and I thought YES. We have to have something similar here.

Likte veldig godt denne guiden hos NYTimes om korleis ein best tek vare på kleda sine.

Denne oppskrifta på fiskepai skal eg prøva i veka som kjem. Har blitt så sugen på å laga pai etter eg fekk Falcon Enamelware i nettbutikken min!

I’m going to try this recipe for fish pie in the upcoming week!

Beste Ban.Do har opna ein såkalla Self Expression Shop, som heilt enkelt er hjelp til å setta personlige preg på varer dei har. Men sååå mykje fint.

Ban.Do has opened a so-called Self Expression Shop, which is really just help to put a personal touch on their stuff. So many pretty things.

Ganni har fått såååå mykje fint i det siste. Altså, den kjolen er sjukt dreamy. Men eg trur det får bli eit par scrunchies på meg, altså.

Ganni have a lot of great stuff now. This dress is to die, but I think I’ll stick to getting a couple of scrunchies.

Anja Dahle, ein illustratør som eg er superfan av, har starta podcast med ei anna i Blokk Forlag om depresjon – men morsom! Ustabil heiter den. Høyr på den i helga.

I like this new funny podcast on depression! It’s in norwegian though.

Hei, Fredag!

Hei, fantastiske fredag! For ei veke det har vore. Me har hatt besøk, vore på hytta, sendt ut mange bestillingar og tatt imot ein heil del varer. Det er mange herlege nyheter i nettbutikken, så ta ein titt der om de har lyst. Me reiser til Bergen i morgon tidlig, for bryllaupsfotografering. Det skal me neste helg óg! Er det nokon der ute som vil booka fotojobb i Bergen neste søndag kanskje?

Også ville eg berre spørja om noko, butikkrelatert: om det finst ting de skulle ønska de kunne få tak i, men ikkje får tak i, kan de ikkje ta å maila meg? For eg kan jo kanskje fiksa det? Å ha butikk er jo litt som å ha superkrefter.

Her er linkar! YAY!

Hi, amazing friday! What a week it has been. We’ve had visitors, been to our cabin, sent a lot of orders and received so many packages too. We’re going to Bergen tomorrow, to shoot a wedding. We’re doing that next weekend too! Open for bookings in Bergen next sunday.

Here are your links! Yay!

Kate Nash har den mest dreamy Instagram-profilen. Ho er på turné akkurat no, og alt er glitter og fantastiske klede og vennskap og faenskap og alt som er fint.

Kate Nash has the most dreamy instagram right now. She’s currently on tour, and everything is glitter and amazing clothes and friendship and getting into trouble and everything that is good.

Noko av det aller beste med å ha nettbutikk er å vita at det finst så mange fine folk rundtomkring i distrikta i Norge som kan få tak i ting dei har lyst på. Dei som egentlig må nøya seg med Spar når dei egentlig har lyst på Gutta på Haugen kan bestilla seg ein skikkeleg digg sjokolade eller fantastisk te og få det i postkassa. Derfor elskar eg abonnement! Eg har nettopp bestilt meg to posar med granola frå Imres Granola, som snart snart skal komma i postkassa og eg gler meg så mykje. Deilig (glutenfri!) granola laga av bra folk.

I love ordering food online! It’s not so common in Norway and makes me so happy to know there is now some granola from Imres Granola on its way to me.

Eg har ikkje vore nokon superfan av This American Life, egentlig, men no byrjar eg å komma inn i det. Berre så fantastisk når ein sender ut bestillingar og tek ut av oppvaskmaskina og den slags. Denne episoden, The Seven Things You’re Not Supposed To Talk About, er så god. Det er Sarah Koenig som er verten, og samtalar med mora si om dei sju tinga ho ikkje aksepterer samtale om ved middagsbordet. Syns den var så interessant og intim.

I haven’t really been a fan of This American Life, but I’m starting to enjoy it. It’s so nice to have something to listen to as I’m sending out orders and emptying the dishwasher. This episode, The Seven Things You’re Not Supposed To Talk About, is so good. Sarah Koenig is hosting, and talking to her mother about the seven things you don’t talk about at a dinner table. Very interesting and intimate.

Johanna Bradford har kjøpt haustgarderobe til sønnen sin og den var så fin at augene nesten datt ut.

Johanna Bradford bought her son an autumnal wardrobe and it’s sooo pretty my eyes almost popped out.

Weekend loves & links


Hei! Håpar du har ein fin laurdag. Eg er i Hedmark, i natt overnatta me i ei hytte på Hoel Gård med nydeleg mjuke senger og lyden av Mjøsa som sovemedisin. Saga spradar no rundt her naken og riv ned ting, klatrar og spør om ho kan få bær. I dag reiser me vidare mot Gudbrandsdalen og Avdem Gard. Men først tenkte eg å sei ifrå om at eg har to nye merker i nettbutikken! Pretty Paper og House of Rym. I går bestilte eg ein del sjokolade. Altså, 125 pakkar med sjokolade, frå Coco Chocolatiers. Håpar de likar sjokolade, eeeehehe. Og te frå Lippe kjem det óg, for dei som vil venta på det! Og her kjem det linkar:
Hi! Hope your saturday is wonderful. We’re on a trip! Saga is waltzing around naked ripping things out of cupboards and asking for berries. Today we’re moving towards Gudbrandsdalen and Jostein’s family’s farm, Avdem.


Ban.do har gitt ut eit sett med klistermerker for iphone som eg elskar! Ein kan lasta dei ned her.
Ban.do made stickers for iphones! Download here.


Før me reiste til Sverige laga Jostein ei heilt fantastisk speleliste med italiensk musikk. Den er heilt perfekt til bilkøyring og pizzamaking. Link!
Before we went to Sweden, Jostein made an amazing playlist with italian music. It’s perfect for driving and pizza making. Link!


Fredrik sendte meg denne instagram-profilen der dei går gjennom alle antrekk frå SATC. Perfekt for sånne som oss som berre hadde DVD-spelaren ståande på heile vidaregåande.
Fredrik sent me this instagram profile where they go over all the outfits from SATC. Perfect for people like us who just kept the DVD player going when we lived together.


Til slutt vil eg berre tipsa om det nye Netflix-programmet, GLOW. Jostein og eg har brukt dei siste par vekene på å sjå det, det er ein veldig passande serie å sjå om sommaren når ein føler seg litt sløv.
I just want to give you a tip about the new Netflix show GLOW. Jostein and I have spent the past few weeks watching it, a very good choice for summer when you’re feeling a little tired from the sun.