Min økologiske kjøkenhage

Kjøkenhagen min

Så, endeleg kan de lesa om det nye prosjektet vårt! I 2017 samarbeider me nemlig med Økologisk.no om å dyrka vår eigen mat. Så eg kjem til å skriva der og på instagram-profilen vår om dette, heilt frå starten med forkultivering og frø til me skal tørka og safta og sylta og oppbevara. Me kan jo ingenting om dette, så me skal læra oss ALT, både av det som går bra og det som ikkje går bra. Den første artikkelen kan de lesa her!  Håpar så innmari at de andre som óg skal dyrka eigen mat i år vil dela bilder på instagram, merka med #kjokenhagenmin

Er så glad og spent for dette, så det håpar eg de óg er pepp på å høyra om!

In 2017 we are growing our own food, and writing about it for økologisk.no (økologisk means organic). Follow our journey here, here and here!

Seeds and sprouts

summer.sogn.sogn.summer.hasselblad.

Det skjer ting i tunet her! I sommar skal Jostein og eg nemlig ha vår eigen kjøkkenhage på garden, mellom jordbæråkeren og eit epletre er det akkurat nok plass til oss og sånt me ønskar oss. Det er litt skummelt for meg, eg er litt redd for dette sidan eg aldri har gjort det før men det føles viktig og veldig, veldig fint å dyrka vår eigen mat no som me kan! Og me har heldigvis svigerforeldre i nabohuset som har drive med økologisk landbruk i tusen år. Eg har bestilt økologiske frø og lest masse, snakka med flinke folk og kvinna meg opp! No ventar eg berre på å få frø i posten så eg kan byrja å så dei seigaste slaga allereie no i februar (inne!). Gler meg til å teikna opp kjøkkenhagen med dei ulike slaga og laga plan for åra framover, eg skal læra så masse. Håpar dette er noko som interesserer dykk óg, kjem til å skriva ein del om det frå no av og fram til i haust! Det skal bli ein fin sommar, eg har mange bryllupsjobbar og anna enn det skal me berre sulla heime, jobba mindre enn ellers, få hjelp av alle som er på besøk til å plukka ugras og eta mat rett frå jorda.
Things are happening right now! This summer, Jostein and I will be growing our own vegetables here on the farm, between the strawberry field and an apple tree there is just enough space for us to grow the things we want to grow. This is a little scary for me, I’ve never done anything like this before but it feels important and very, very good to grow our own food now that we can. Luckily I have in-laws in the house next door that have been running an organic farm for like a thousand years. I’ve ordered organic seeds and read a lot, talked to people who know this stuff and womaned up! Now I’m just waiting for my seeds so that I can plant my early seeds now in february. I can’t wait to make a sketch of our kitchen garden with our different kinds and make a plan for the years to come as well, I’m going to learn a lot. I hope this is something that interests you as well, I’ll be writing about it from now on until the fall. It’s going to be a great summer, I have a lot of wedding jobs and other than that we’re just going to hang out at home, work less than the rest of the year, get help from everyone who comes to visit and eat our food straight out of the ground.