Min stødige granola

5 liter granola

Føler meg så trygg når eg veit eg har granola i huset, derfor lagar eg alltid mykje når eg først lagar. Eg eksperimenterer litt, og lagar av og til med krydder eller kakao eller med meir nøtter eller ja, de skjønnar. Men når eg skal laga noko som er heilt bombesikkert, så er det denne oppskrifta eg brukar. Eg tek fram den største skåla eg kan finna, også blandar eg ihop alt dette:

1 liter små havregryn
1,5 liter store havregryn
4 dl graskarfrø
4 dl solsikkefrø
4 dl cashewfrø
1,5 dl linfrø
4 dl grovhakka mandlar
2 dl honning, flytande
2 dl kokosolje, flytande
1 ts havsalt

Spre utover tre bakeplater med bakepapir, og steik på 160 grader i 25-30 minutt. Halvvegs inn i steikingen kan du røra litt rundt, så alt får ein jamn steik. La den kjøla seg ned, og ha over på tette glas eller boksar. Også kan du óg føla deg trygg, og aldri gå svolten.

Korleis laga iskaffi

Ein iskaffi kan gjerast vanskeleg eller lett, men sånn lagar eg min! Eg gjer ingen nøyaktige mål, men det viktigaste er: vanilje, brunt sukker og rett temperatur.

Eg startar med å laga kaffi. Me abonnerer på Tim Wendelboe-espresso som me lagar med ein Bialetti. Medan kaffien framleis er varm, blandar eg i litt brunt sukker og god vanilje i ein mugge. Eg brukar denne, livet er for kort for vaniljesukker. Så tømmer eg kaffien fram og tilbake mellom to mugger, for å få raskt ned temperaturen.

Så fyller eg eit glas med isbitar (ein får ikkje vera gjerrig med isbitane, da smeltar isen så fort også blir heile greia vatna ut), og fyller glaset litt meir enn halvt med mjølk, eg brukar heilmjølk frå Røros-meieriet. Så heller eg i kaffi til den er berre litt mørkare enn eg vil ha den, og har til slutt i litt meir mjølk. Et voila! Så enkelt, og sååååå godt.

Pikekyss

Pikekyss

Eg hadde skrive dette innlegget før me reiste til Gøteborg og skulle publisera det medan me var der, men så orka eg ingenting sånt medan me var i Sverige. Den første kvelden i Gøteborg braut nokon seg inn i bilen vår og stjal ein koffert som inneholdt alle kleda mine, alle kleda til Saga, Hasselblad-kameraet mitt og mykje anna. Så sjukt meiningslaust og traumatisk, føler meg framleis så krenkt liksom, har vore ei berg-og dalbane av kjensler. Det er jo berre TING, men greiene mine er viktige for meg. Kjolen eg hadde på meg då vatnet gjekk, det første skoparet til Saga, kameraet som eg har opplevd så mykje med. Medan eg skriv dette sit eg i baksetet i bilen på veg mot Lærdal, Frøy og Jostein (Frøy er sopran, Jostein er librettist) sit i framsetet og snakkar om opera og Saga søv i setet sitt ved sidan av seg i sin nye pysj. Det vart mange nye barneklede i Gøteborg, og få nye klede til meg. Eg har gått i den samme strømpebuksa i fem dagar. Det er slitsomt å trenga at ting er på ein viss måte også ikkje ha tilgang på den måten. Lengtar heim mot kleda mine, me er nok framme til midnatt. I veka som kjem skal eg kosa meg i hagen, eg har fått sjå tomatene mine på facetime av lillesøster som har lånt huset vårt medan me var i Sverige. Eg har kjøpt med matvarer heim som Jostein himlar med augene av, men ein sånn person er eg. Kjøper gjerne knekkebrød på tur, elskar at me har ein bil eg kan fylla med mine rare vanar.

Men uansett. Eg hadde tenkt å dela ei oppskrift på pikekyss, det er jo så enkelt og godt. Så om du finn deg sjølv med ekstra eggekviter i sommar, ikkje fortvil! Det er jo typ det enklaste i verda. Du tek eggekviter, og 1,5 gongar så mykje sukker (må bruke vekt, altså!). Pisk eggekvitene til dei er stive, og tilsett sukkeret litt av gangen til blandingen er glatt og stiv. Sprøyt ut på bakeplater, og steik i omnen på 100 grader, i ca 3,5 timar.

I had written this post before we went to Gothenburg and I was planning on publishing it while we were there, but I didn’t have any energy for it at all while we were in Sweden. On our first night in Gothenburg, someone broke into our car and stole a suitcase containing all of my clothes, all of Saga’s clothes, my Hasselblad 500 and a lot of other things. So meaningless and traumatic, I still feel so icky about it. It’s just things, but my things are important to me. The dress I wore when my water broke, Saga’s first pair of shoes, the camera that I’ve been through so much with. Right now I’m in the backseat of the car, Frøy and Jostein are in the front seat discussing opera (Frøy is a soprano, Jostein is a librettist), Saga is sleeping in her seat next to me in her new pyjamas. We bought a lot of new clothes for her, and not so many things for me. I’ve wore the same pair of tights for five days. It’s not great being the kind of person who needs things a certain way and then that way isn’t available. I long for my clothes, we’ll be home by midnight. In the upcoming week I’m going to relax in the garden, I’ve seen my tomatoes on facetime, my sister has been staying at our house. I’ve bought some food home from Sweden, it makes my husband roll his eyes but that’s who I am. Buying random food things on holiday, I love that we have a car I can fill with my weird habits.

But anyway. I wanted to share this recipe for meringues, it’s so simple and good. So if you have any leftover egg whites, don’t despair! They’re called girl’s kisses in Norwegian. It’s so simple! You take the weight of your eggwhites times 1,5. Whip the egg whites until they’re stiff, then add sugar little by little until it’s shiny and stiff. Pipe onto a baking sheet, cook for 3,5 hours on 100 celsius.

Pikekyss

L’oignon

lauk

Eg kan eta lauk igjen! Eg har ikkje kunna ete det fordi S fekk vondt i magen av det, så det har vore seks månader av ikkje-lauk i alt og “er det lauk i?” og cravvvving av lauk som eg elskar så høgt. Og plutseleg reagerte ho ikkje på det lenger, og no vil eg laga alt med lauk. Dette er kanskje for veldig spesielt interesserte. Laukentusiastar, er de her? Her er ni oppskrifter til dykk.

  1. Bhajis
  2. Dip
  3. Mejadra
  4. Laukringar
  5. Linsemat
  6. Lauksuppe
  7. Karamellisert raudlauk
  8. Lauksaus til pasta
  9. Piroger

I can eat onions again! I haven’t been able to eat them because they gave S a stomachache, so it’s been six months of non-onion in everything and «are there onions in this?» and craving onions that I love so much. And suddenly she had no reaction to them at all, so now I’m in an onion frenzy. This is maaaaybe for those particular onion enthusiasts (you here?), here are nine recipes for you.

  1. Bhajis
  2. Dip
  3. Mejadra
  4. Onion rings
  5. Lentils
  6. Onion soup
  7. Caramelized red onions
  8. Onion sauce for pasta
  9. Pierogies

I siste liten-konfekten

Candy

Om du har lyst til å laga eigen konfekt, men verken har tid eller sjølvtillit skal du laga desse. Eg har eit stort glas ståande i kjøleskapet, og dei er så sjukt enkle og kjappe å laga. Fint óg å ha på eit glas, ta på litt bånd og gi vekk om nokon har vore ekstra snille i år. Oppskrift finn du HER!
I made these nougat almond candies, you can find the recipe here in norwegian!

 

Wien-kjeks med sjokolade

Viennese cookies

Desse kjeksa har typ ingenting med Wien å gjera, utanom at britane kallar lignande kjeks for Viennese Whirls fordi dei gir Austerrike-vibbar, og det er eg tilbøyeleg til å vera einig i. Dei er i alle fall supergode, veldig reine i smaken og enkle når ein får inn teknikken med sprøyteposen. Med eller utan sjokolade, det velger du sjølv. Oppskrift finn du HER!
These cookies have little to do with Vienna, other than the brits call them Viennese biscuits for their Austrian vibes which I’m inclined to agree on. They are super good either way, very pure in flavour and simple when you come to master the piping bag! With or without chocolate, that’s up to you. The recipe is here, it’s in norwegian but I’m sure you can figure it out!