Mariell & Sara # 35 – Trøst

35

Ein ny episode av podcasten er ute! Tenk på det! Me snakkar om ammetåka som gjorde at eg sletta den forrige podcasten me spelte inn for nokre veker sidan, om dødsangsten som tok meg tilbake til barndommen, om å gi seg sjølv verktøy til trøst og #velferdssamfunnet.
There’s a new episode of my podcast out right now! Still in norwegian though, I’m sorry!

Answers on our wedding, mental health and what is on my nightstand

25.

Jeg har nettopp forlova meg! Og du har snart ett års bryllupsdag. Lurer på om du vil dele litt generelle tanker nå når du har fått ditt eget bryllup litt på avstand? Hva var det beste med å gifte seg? Hva er du takknemlig for at dere brukte tid/energi/penger på? Er det noe dere kunne droppet? Lykke til med permisjonstid og snart baby!
Gratulerer så mykje! Elska å planlegga bryllup, det er så vanvittig gøy og vanskelig! Det aller beste med bryllupet vårt (som me seriøst snakkar om heile tida, framleis) var at me gjorde det på vår måte. Det var det viktigaste for oss, og eg trur det er det første ein må finna ut: kva er viktig? Er det at festen er stor og at det aldri blir nok vin eller er det at ein får tid til å verkeleg snakka med alle? Det gjer det enklare å planlegga om ein har eit mentalt mål sånn. Eg er takksam for at me brukte tid og energi på å finna ut av det eg skreiv om over her, på å finna ut kva me ville gjera sjølve og kva me ville delegera, typ at me fekk tid til å laga vår eigen bryllupskake og faktisk øvde på å laga heile den i veka før dagen. Eg er takksam for at me brukte pengar på fotograf, små ekstravagansar, som skoa mine og blomar frå Mina Milanda i Oslo, og ting som gjorde at dagen såg ut som oss, som ballongar frå Etsy og helium. Eg er glad for at eg sparte pengar på frisør og sminkør (for det gjorde eg sjølv), kake og å ha middag til 100 personar, så me kunne putta dei kronene der det var viktig for oss. Åh, eg kunne snakka om dette i årevis men eg føler det blir så generelt. Spør gjerne om konkrete ting i kommentarfeltet under her, så skal eg oppklara om det er meir du lurer på!

Har du noen gang hatt slitt psykisk? Hvordan ble du bedre, i så fall? Hva tenker du om å spise sunt?
Eg har hatt angst typ heile mitt bevisste liv, det er noko eg forheld meg til kvar einaste dag. I ungdomstida hadde eg óg depresjonar som kom og gikk, men det er heldigvis noko eg slepp å deala med no. Fra 14-18 var eg innom BUP-systemet og gjekk i terapi der, eg veit ikkje egentlig kor mykje det hjalp. For min del, akkurat no, handlar det mest om å finna ut korleis eg kan leva med dei utfordringane eg har på best mulig måte og at Jostein og eg ihop jobbar for å minimera dei greiene som gir meg angst. Å skriva ting ned og å snakka om ting høgt er det som hjelper best for meg, og å ikkje snakka om sånt med folk som minimerer redsler og hangups ein har. Mine tankar om å eta sunt: eg syns det er så innmari kjedelig å tenka at ein skal “leva eit sunt liv”. Eg et pasta og burgerar og is utan å eingang ofra det ein tanke, eg har ingen guilty pleasures når det kjem til mat, for for min del er greia balanse. Og da meiner eg ikkje like mange kaloriar ut som inn, da meiner eg at eg et det eg har lyst på for at eg skal ha det bra i hjerna. Det er ofte vegetariske salatar og gryter med deilige bønner og den slags, og ofte noko søtt til kaffien. Det er ein herleg måte å leva på.

bebisen er like rundt hjørnet og jeg er så spent på navn og kjønn! jeg er så glad på deres vegne :)
jeg lurer på hva du tenker om det å flytte hjem igjen, både fordeler og ulemper og eventuelt hvordan du gjør ulempene om til noe positivt og ikke et problem. har tenkt til å flytte tilbake til hjemstedet mitt etter fire år i nord neste år og jeg har bra blanda følelser omkring det, men gleder meg masse til å flytte sammen med han jeg elsker!
Takk takk takk! Egentlig så flyttar eg jo ikkje heim, for me har no flytta til Jostein si heimbygd. Eg hadde ikkje villa flytta heim til heimbygda mi, så det er vanskelig å svara på det du spør om. :/

sat.

hvordan kommer man frem til en felles stil i hjemmet. eller hvordan syns du man kan løse det på en best mulig når den ene er minimalist og liker duse farger og ting som har funksjoner og den andre liker nips og ting, 50 talls møbler og litt spreke farger :)
Eg syns dette høyrest ut som ei supergøy utfordring! Kva med å køyra minimalistiske String-hyller som ein fyller med fargerike bøker og nips, ein enkel sofa i dansk design med blomstrete puter i? Så lenge ein brukar tid på prosessen og er enige om at ein vil at heimen skal gjenspegla dei som bur der så trur eg det berre er gøy å finna ut av! Det treng liksom ikkje å vera det eine eller det andre, tenkjer eg.

Hva trenger Paris?
Bedre kaffe.

Vil først si at jeg elsker å følge med på livet ditt, og har gjort det i flere år. Podcasten til Sara og deg er fast innslag på øret mens jeg sykler til jobben. Mitt spørsmål: Kan du endre den blinkende, migrenefremkallende reklamen på høyresiden her? (“I make blogs”) Jeg må holde over den med hånden for å klare å lese resten av siden. Er nok ekstra overfølsom for blinking, men vet at det er mange med migrene som har samme utfordring.
Takk, så fint! Ja, det kan eg, men ikkje i dag! Minn meg på det når ting er litt mindre loco, så kan eg fiksa det. Men mitt umiddelbare tips er å dra vindauget litt smalare, for da hoppar sidemenyen ned under innlegget!

Lurer på hvordan tankene dine om å bo på et lite sted har forandra seg siden dere flytta fra bygda til Oslo, og nå har valgt å flytte tilbake igjen! Hva tror du dere kommer til å savne mest med bylivet?
Når me flytta til Oslo skulle eg aldri i livet meir bu i bygd, men for meg kom det gradvis opp behov som ikkje var kompatible med bylivet. Eg trong å ha eige gras og hage, å føla meg heilt fri og å ha plass til å boltra meg. Eg trur at eg var veldig redd for å bu lite igjen, ein eller annan slags FOMO og lett nedlatande tenking om at folk på bygda berre ikkje skjønnar greia som kom fra eit sinne fra min eigen barndom og egentlig var meir kompleks enn eg har sett før. Eg kjem til å sakna kaféar med skikkelig god kaffe og kaker utan å måtta laga dei sjølv og å ha tilgang på alle slags matvarer. Heilt oppriktig er det det eg tenkjer mest på, typ brød og delikatesseforretningar. Kjem til å bli ein sånn person med ein ekstra koffert berre til mat når me reiser til byar.

easter.

Hva har du på nattbordet ditt? Hvilke ting med Jostein irriterer deg skikkelig? Hvilke ting på bloggen har du sett tilbake på og cringet skikkelig av? Hva skal jeg gi i bursdagsgave til kjæresten min, type ting som alle gutter liker?
1. På nattbordet har eg akkurat no: ein tomt gavisconbrett, hårbørsten frå Mason Pearson som Jostein børstar håret mitt med, to hårstrikkar og ein fin kakeboks som er full av alt ein kan komma til å trenga når ein vaknar, typ halsdrops og håndkrem og smertestillande og den slags.
2. Jostein irriterer meg veldig lite fordi me er gode på å sei ifra til kvarandre om at typ “no går eg opp og les ei bok aleine fordi eg er irritabel”. Det einaste som eg verkeleg ikkje orkar er kor treig han er når me skal komma oss ut av døra, eg føler at det tek han fem minutt å knyta skoa og han blir enda meir virrete når eg stressar han.
3. Tidligare har eg vore sjukt flau over måten eg skreiv på då eg først starta å blogga, kor søtt det var, men no føler eg berre kjærleik og omsorg for ho der 18-åringen. Ho var jo så fin.
4. Eg aaaaanar ikkje kva alle killar gillar, Jostein får alltid veldig Jostein-spesifikke ting av meg liksom. Men det betyr av og til at eg kjøper sokkar med flamingoar på eller fine skjorter eg veit han likar og treng.

Hei Mariell, Det er veldig fint å skrive til deg etter så mange år som en usynlig leser. Tusen takk for at du produserer så mye tankevekkende og inspirerende! Mitt spørsmål har jeg hatt i tankene en stund men er vanskelig å formulere. Jeg vender nemlig nesen mot Oslo om noen uker etter 9 år i Paris, London og New York og har gått en veldig lang vei for i det hele tatt å kunne forestille meg å flytte tilbake. Jeg er spent på om Norge kommer til å føles lite og klamt (som det gjorde før jeg flyttet) og om det er ‘plass nok’ til meg nå som jeg er ordentlig voksen og definitivt ferdig med å studere. Jeg vet ikke om du har skrevet om det tidligere, men jeg hadde vært veldig nysgjerrig på tankene deres rundt det å flytte til London i utgangspunktet, om det som gjorde at dere ønsket dere bort har endret seg med tiden og hvordan det føles nå. Lykke til med innspurten og foreldrelivet! Jeg gleder meg til å følge dere videre.
Hei og takk! For oss var det ein del av liksom livsplanen vår fra me var 16 år, at me skulle flytta til London. Så jobba me mot det heile VGS og tida i Oslo. Jostein skulle ta bachelor i Oslo også ta master i London, og da skulle me flytta dit. Så tok det fem år før me kom oss dit, så det var ikkje den umiddelbare frustrasjonen som tok oss ut av landet, meir eit ønske om å ha levd i ein annan kultur og eit anna land, Norge føltes sjølvsagt trangt da me flytta men etter kvart som me har reist meir og møtt meir folk og blitt sikrare i oss sjølve (ikkje minst!) så føles Norge som eit ganske romslig land og med ein romslig kultur, liksom. Og utan så mange begrensingar som ein kanskje kan tru. Med det sagt er det ei vanvittig gave å ha budd andre plassar og ha det mindre klamt i hjerna av den grunn, før me no flytta heim igjen. Og eg veit ikkje om me kjem til å bli buande her for alltid, iallfall er det fint å vita at det ikkje er så vanskelig.

Hva sier du oftest til deg selv (høyt eller inni deg)? Om verden er dum og teit, hva hjelper?
Hva vil du plante i hagen? Hva er det første du gjør når du kommer hjem etter å ha vært ute på reise? Hvilken middagsrett er den perfekte kjappe, enkle for en hverdagskveld? God onsdag, Mariell! <3
1+2. Oftast prøver eg å overtala meg sjølv om at det kjem til å gå bra fordi eg er ein bra person. Eg gløymer det av og til i angst og stress, at eg er jo faktisk bra, og det hjelper å minna seg sjølv på det ved å sei det både høgt og inni seg. Det var kanskje svar på begge dei to første spørsmåla dine!
3. Me skal legga om og få mykje meir hage enn me har no til neste år, så eg gler meg veldig til å planta mange ting. Vil ha eit kvitt syrintre, eit bed med urter og nokre busker som skjermar så me har det stille og privat i vår lille hageflekk. I ein perfekt verden har eg tomater!
4. Det første eg gjer når eg kjem heim er å drikka vatn. NORSKT VATN ER SÅ GODT. Så gløymer eg heilt å pakka ut. Nokon gonger tek det meg to veker å pakka ut, det er det kjedeligaste i VERDEN.
5. Kok opp tagliatelle. Kutt opp cherrytomater i halve, og steik i olje med ein hakka lauk til dei liksom blir litt mjuke og sausete, men ikkje til dei går i oppløysing. Ha pastaen over i panna, så alt liksom får steika ihop i eit halvt minutt (gjerne med litt pastavatn!!). Rist pinjekjerner i ei tørr panne som du har over, og fullfør med så mykje fersk mozzarella du vil. Trur eg må ete dette i kveld! SÅ GODT.

Answers on moving from London and gender equality at home

23.

Hej sötekatten! Snart bebbe så spännande. Är nyfiken på vilka namn ni gillar och hur ni tänker där? Har ni kollat om det är pojke eller flicka? Är själv preggo så mycket tankar här också. Och så sist.. Vad känner du för Brexit? Puss och kram
Hei! Takketakk! Me har gått for navn med norrønne opphav med vage familietrekk (fra begge familiane våre), me har to doble navn (altså fornavn mellomnavn til gutt og jente). Veit ikkje kjønn, så det blir superspennande å finna ut kva bebisen heiter! Ang. Brexit så syns eg det er så forjævlig patetisk og trist at frykt og dumskap fekk avgjera ein så stor greie, og hadde aldri i mitt liv trudd at det kom til å gå slik.

Så spennende med bebis rett rundt hjørnet! Hvordan har dere tenkt å fordele permisjonen mellom dere? Og kommer du til å fortsette å blogge selv om du er i permisjon?
Takk, det syns eg og! Eg tek dei første tre månadane no, som er vanlig, også kjem eg til å i hovudsak ta ut størstedelen av fellespermisjonen fordi eg er den som tjener mest pengar og dermed får mest permisjon fra NAV. Me kjem til å gå for eit gradert uttak fra hausten av, der Jostein kjem til å ta permisjon éin eller to dagar i veka så eg får jobba med mine faste ting, altså spaltar for Kvinneguiden og oppskrifter for Økologisk. Bloggen tjener eg (heldigvis?) ingen pengar på sånn i det daglige, så den får eg liksom styra på som eg vil med!

Hvor stor er bygda dere har flytta til egentlig, hvor langt er det til nærmeste kino eller barneskole? Kan du lage saft av hyllebærblomst? Ha en fin sommer!!
Me bur i Lærdal! Det er ein veldig stor kommune, men det bur berre typ 2000 menneske her, folk bur litt i klumpar som er langt ifra kvarandre. Det er ein kino her, men altså ja, det skal altså gå tre filmar der fra og med i dag til august, sååååå iTunes blir vår beste venn her. Garden me bur på er eit stykke utanfor bygdesentrum, så alt er litt langt unna uansett (spørs jo sjølvsagt kva ein er vant til, men). Eg har aldri hausta hyllebærblomst for å laga noko som helst, kun for å snusa på! Men elllllskar hylleblomst, vil gjerne at nokon skal laga hyllesaft til meg!

Kan du anbefale noen fine grafiske magasiner eller bøker som du liker? Det er så fantastisk at jeg fant igjen bloggen din! Du er så utrolig inspirerende! :D Ha en fin sommer! Og lykke til med bebis <3
Hej og takktakk! Vart ikkje heilt klok på kva du meinte med grafisk, men om eg tolkar det som typ grafiske romanar og sånt så tipsar eg varmt om denne boka. Eg har ikkje så mykje erfaring eller peiling, men veit at Jostein skulle tipsa om både Maus og Logicomics! Også syns eg ein kan snakka med Anja Dahle om sånt, for ho er klok og sjukt flink.

Last week.

Angrer du noe på at dere dro fra London eller kjennes det bare riktig? Hvordan tar man sånne avgjørelser som er så store? Hvordan vet man at man har valgt rett?
Eg angrar absolutt ikkje på at me reiste, det var heilt rett for det livet me skal gå inn i no. For ein panikk eg hadde hatt om eg var så gravid og skulle føda i eit land heilt utan støttesystem og familie rundt oss. For vår del så var det noko me bestemte oss før egentlig før me snakka med kvarandre om det, og når eg først lufta det for Jostein så føltes det som om me allerede hadde bestemt oss, liksom. Eg trur alt sånt stort kjem snikande også plutselig, ein gir seg sjølv nok rom til å finna ut av det bakerst i hjerna også kjem det til overflata når ein er klar for det. Me bestemte oss jo for det før me vart gravide, men om eg hadde blitt gravid før hadde me flytta før, det var ikkje eit alternativ å få ungar i England. Og sjølv om ein har valgt rett betyr ikkje det at det er utan sorg, det er aldri enkelt å snu livet sitt oppned. Med det sagt så betyr ikkje det at eg ikkje saknar utrulig mange aspekt av liva våre der, mest av alt dei fantastiske folka våre men óg rare ting som deodoranten min som eg er på veg til å gå tom for, sjokoladetrøflar frå Charbonnel et Walker, det perfekte surdeigsbrødet, mandelcroissantar, energy bars (som eg har livnært meg på i graviditeten) og limonade på boks. Det er dei raraste tinga ein saknar, og óg som gjer at ein lengtar tilbake.

Eg veit du har nemnd at du følgjer med på ein del youtubarar. Kunne du sjølv tenkt deg å legge ut videoar som “A day in the life”?
Eg elskar å filma, og vil gjera det meir, men vil aldri filma sånn midt i fjeset eller med stemme over bildet eller noko. Du kan sjå alle videoar eg har laga her!

Du er så vakker. Jeg lurer på om du har tenkt mye på likestilling og feminisme ifht å få barn? Både når det gjelder forholdet mellom deg og Jostein, men også hvordan babyen dere skal bli foreldre til skal oppdras? Jeg syntes det er et så inderlig spennende og vanskelig tema. Føler veldig mange mister prinsippene sine når et barn er kommet til verden. Men sånn jeg tenkt det, så er det vel ingen tid det er viktigere å være likestilt i hjemmet, støtte hverandre, ta likt ansvar for bebis, bleie, vasking og mat. Jeg tenker også det er en gave for barnet om det tidlig får lov til å bare være mennesket og ikke kjønn, og at å se pappa bidra på samme måte som mamma bygger en masse underliggende bra holdninger. Uff dette ble jo langt, men jeg funderer så mye på dette og hadde vært spennende å høre dine tanker, virker som dere lever ganske likestilt før baby hvertfall
Takk, fine du! Jostein og eg har levd ilag i mange, mange år no, og bygd ein supersolid grunnmur i kvardagen der likestilling og respekt er det viktigaste i verda. Eg har ingen tvil om at ungane våre skal få sjå oss utføra like utgåver til lik grad, akkurat som det er no. Det er heldigvis ikkje sånn at me må tenka på det på den måten, for mellom oss er det allereie likt. For nokre år sidan hadde me eit megaoppgjer der eg fann ut at min frustrasjon som “kvinne i huset” var basert på at det var eg som skulle bestemma korleis ting skulle vera, også skulle han vera forventa å utføra halvparten av ansvaret for å oppnå det. Eg trur det er mange som lever sånn utan å tenka over det. Det funkar jo berre ikkje, det er ei katastrofeoppskrift. Det er verken mitt ansvar eller min rett å vera den som definerer, så ilag braut me ned heile greia og bestemte oss. Liksom, kva var viktig for oss: kor ofte støvsuger ein? Kor reint skal det vera i kvardagen og når ein får gjester? Det var så ekstremt frigjerande for meg som “kvinne i huset” som alltid var frustrert, for han som “mannen i huset” som alltid gjorde feil uansett og for oss som par som hadde frustrasjonar me ikkje heilt skjønte oss på. Prinsipp er éin ting, ein kan hevda prinsipp til ein blir blå i ansiktet, men VANAR er ein heilt annan sak og det er det viktigaste. For det er det ungar ser, kvardagen, grunnmuren. Det kan ein ikkje forklara seg forbi.

Setubal

Hei Mariell! Skal dere få husdyr nå som dere bor i hus? Katt eller hund? Eller begge deler? Jeg tenker dere hadde kledd en sånn elegant løpehund med langt hår, lange ører og lang hale. Og en rufsete, norsk skogskatt!
Nei, me har nok med oss sjølve og bebis. I framtiden vil eg absolutt ha ein hund (iiiiiikkje ein katt, eg går ikkje overens med kattar), men det er eit stykke fram. No gler eg meg til å kunna leva fritt med Jostein og barn til skulealderen startar, der me kan leva ein månad her og tre månader ein heilt annan plass. Og det kan ein liksom ikkje gjera med hund. Egentlig er det berre ei falsk forklaring, for eg har ikkje lyst på hund no heller, men når eg ser inn i framtida så er det definitivt ein hund der!

Hva tenker dere om kjønn? kjønnede farger, blå tøffe gutter, rosa prinsesse-jenter, Kommer dere til å ha et bevisst syn på kjønn i oppdragelsen? at barna deres får leke med de de vil og gå i de klærne dere vil? ellers, tilykke med duften av ny bebi (snart) Liker bloggen din så godt, den er så rolig og stille og full av fine ting!
Takk! Me har styrt heilt heilt heilt unna alle kjønna greier når det kjem til kva me har kjøpt, og fokus på kjønn er noko av det som har plaga meg aller aller aller mest i graviditeten, fordi folk i min umiddelbare nærhet har så sterke følelsar for det eine kjønnet over det andre og det gjer meg så syka trist at ein kan tenka sånn. Eg tenker at det er ein fin gave å la ungar få komma til jorda berre som dei er også finna ut av det sjølv. Med det meinar eg at om eg får prinsessejenter og traktorgutar så gjer eg det, men det er ikkje fordi eg har plassert dei der. Eg skreiv faktisk ein tekst til Kvinneguiden om dette som du kan lesa her!

Hva slags musikk setter du på når du trenger litt ekstra pepp? Og hva er topp tre låter i sommer-spillelista di? Hva savner du mest og minst med London? Hva er det beste med å flytte hjem?
Musikk: Louis Prima, ti av ti gonger! Det er så tullete og rart og annleis at det gjer meg skikkelig glad. Akkurat no høyrer eg ikkje på musikk av ein eller annan grunn, kun podcasts og Jostein som spelar piano. Eg har nokre sånne fasar av og til, ofte kan det gå over eit heilt år eller iallfall månader, der eg berre ikkje eingang tenker på musikk som eit alternativ.
London: Eg saknar mest folka våre og rutinene våre, dei faste plassane og alt det der, liksom. Eg saknar minst fulle folk som vil yppa. Det er jo så London som det får blitt. Og stresset, både mitt og andre sitt. No har eg andre typar stress, såklart, som kjem av denne nye måten å leva på, men det kan liksom ikkje heilt måla seg med desperasjonen eg har opplevd i London.
Flytta heim: Å ha så mykje plass og så mykje tryggleik. Har sakna det i livet.

Q+A

sogn.

Eg tenkte at medan eg ligg i graset med fine folk og funderer på kva slags utflukter me skal ta oss til, så kunne me køyra ein liten spørsmålsrunde her? Det er jo ei stund sidan sist og liksom nye tema i livet med flytting og hus og bebis og alt det. Ser for meg at eg skal sitta på eit teppe med ei korg jordbær og svara på spørsmål, det virkar liksom berre rett! Så om de har gode spørsmål eller dårlige spørsmål, legg dei igjen under her! Og om du ikkje har nokon, finn på nokon! Det er jo berre gøy, veit du.
I thought while I’m in the grass with lovely people thinking about what excursions to take, we’d do a little Q+A here? It’s been a while and I have some new themes in my life with moving and a house and the baby and all of that. I picture myself sitting on a blanket with a basket of strawberries answering your questions, it just seems right! So if you have good questions or bad questions, leave them under here! And if you don’t have any, make one up! It’s all for fun, you know.

Answers about the belly, photographing in public & driving in the UK

paris.

Hei fine folk! Me er i Paris, i leiligheten til Haleigh, og heile dagen berre kosar me. Eg kunne ha redigert ein masse bilder så de kunne fått sett, men det klør i heile kroppen etter å få komme meg ut til Jostein som sit på ein fortauskafé og skriv på opera, så me kan gå på shopping. Det er så mange søte franske barn overalt som gir oss krupp i kroppen, og Jostein er typ forelska i alle småbarnsfedre som har barn på fanget. SÅ FINT. Her kjem svar på nokre spørsmål eg har fått i det siste istaden! Om du har dine eigne kan du vel legga dei igjen under her, så køyrer me litt svar no og da. Til spørsmåla! Og for min del, croissantane![line]
Hello you lovely people! We are in Paris, in Haleigh’s flat, and we spend all day just cuddling. I could have edited a lot of pictures to prove this, but my whole body is itching to get ut and join Jostein who is at a sidewalk café writing on his opera, so we can go shopping. There are so many cute french kids everywhere and we are constantly affected, J is in love with all the dads with kids in their laps. SO NICE. Here are some answers to questions I have gotten recently, they were all in norwegian but if you do have questions, please leave them below and I will get to them eventually! To the questions, and for me: croissants![line]
Ååå, så heldig du er som har så fin babymage! Eg er 19+3 veker gravid, og magen min ser ikkje gravid ut i det heile tatt! Gjekk ned typ 5 kg dei første månadane og sidan har vekta stått på det same talet. Har ikkje hatt noko behov for å kjøpe nye klede. Veit at det ikkje gjer noko og at alle er gravid på sin måte, men eg har berre så veldig lyst til å sjå like gravid ut som alle andre.
Ikkje egentlig eit spørsmål, men ville berre sei: elsk magen din. Min har ikkje vakse så mykje fram til no, men dei siste vekene har det verkeleg tatt seg til! Og uansett, berre hugs på kor fantastisk det er at kroppen din husar eit heilt anna menneske!

Altså! jeg lurer på en ting. Nå er det kanskje ikke du som har tatt det skillingsbolle/kafébildet i dette innlegget, men når du tar bilder av mat ovenifra, hvordan gjør du det da?? Sier du ‘hehe sorry’ til kaféeieren og klatrer opp på stolen, eller bare holder du iphonen høyt over hodet og håper det beste? Jeg får det bare ikke til. Setter pris på tips. Vil helst ikke drepe meg FOR mye sosialt.
Om du klikkar på linken kjem du til kjelda på bildet! Eg har ikkje gått så langt som å stå på ein stol og ta bilder, men det er ofte eg må stå opp for å få eit godt bilde. Eg prøver å tenka på det sånn: hadde eg brydd meg om nokon andre hadde gjort det? Verkeleg ikkje. Alle tar jo bilder av maten sin these days, og ingen bryr seg egentlig om kva andre folk driv på med. Det tek litt øving, men det er bedre å berre GJERA DET enn å eta opp den vakraste kanelbollen i verda også angra på at ein ikkje våga.

Så fin oppdatering og så fin mage:) Jeg har et lite spørsmål til deg angående mat og graviditet som jeg håper du kan svare på. Jeg er gravid i uke 13 og skal til London i uke 17. Overalt på internett advares det om alle matvarer man må unngå i utlandet. Hvordan gjør du dette når du er ute og spiser i London? Hvilke forholdsregler tar du? Og er det noe spesielt du unngår (bortsett fra det vanlige som rått kjøtt og mjuke oster)?:)
Takk! Det er litt dobbeljobb for meg å holda styr på kva som er lov i dei ulike land, for det er faktisk ikkje likt mellom England og Norge. Til dømes skal ein ikkje eta egg frå kvar som helst i England, berre om dei er merka med The British Lion. Medan i Norge er alle høner salmonellabehandla. Dette er såklart om egget skal etast blautkokt. I Norge kan ein eta leverpostei, men det skal ein ikkje i England. Eg les ikkje artiklar om kor FARLIG det er med forskjellig, eg les kun dei offentlige skriveria om kva ein kan eta, så i England følger eg NHS og i Norge følger eg Helsedirektoratet. Men eg er av dei mindre forsiktige gravide eg veit om, og kan godt eta ei salamiskive om pakka er heilt nyopna, til dømes. Ofte seier eg dog ifra at eg er gravid på restaurant, sånn at dei veit det og kan vera litt nervøse og forsiktige av det, om eg skal eta noko som potensielt kan vera farlig (som typ ein burger eller noko med ein ost som skal varmebehandlast).

Eg skal snart på tur til Italia saman med mannen min og nokre vener. Me skal ta fly til Pisa, og bu i Montecatini. Har du vore i denne byen? Me tenkjer å leige bil for å kunne utforske meir. Har du nokre tips om stader me bør undersøkje?
Å, Italia! Me har ikkje vore i Montecatini, men var på bryllupsreise i Toscana i haust, og da var me i Lucca, Siena og Firenze. Anbefalar veldig sterkt Firenze, sjølv om det kanskje ikkje er den typen tur, fordi det verkeleg var ein heilt unik by med så mykje fokus på god mat og håndtverk. Ein av dei beste shoppingbyane eg har vore i!

jeg lurte på om du kunne skrive litt om hvordan du/dere velger hva dere skal ha med tilbake til Norge og hva som får bli? hadde vært fint å høre noen tanker rundt akkurat det temaet der for det er ganske vanskelig syns jeg. alt i fra klær til møbler. veldig kjekt å ha i tankene når tiden er inne for meg å flytte tilbake til hjembyen min etter studier!
Ja! Me tenker sånn: me skal flytta til eit hus som har det meste allereie, så me vil ikkje berre dra med oss alt fordi det er vanskelig å kvitta seg med ting. Me går gjennom verkeleg alt me eig og ser og tenker på om me ville ha sakna det eller ikkje, og om me er likegyldige så går det i haugen av ting som skal selgast eller donerast. Det har faktisk gått mykje lettare enn me hadde tenkt, og mykje av motivasjonen for å kvitta seg med ting er jo at me vil at huset skal følast som oss no, 2016, og ikkje vera eit kaos av ting me ikkje kan gi slipp på. Og me har lyst til å kunna kjøpa nye greier til vårt nyoppussa hus utan at det blir supercrowded der inne. Ang. klede så eig me så innmari lite klede i forhold til dei fleste andre, så der treng me ikkje nokon utrydding egentlig. Men porselen, åhåhå.

Kunne du være så snill å linke til de gravid-podene du hører på? :D
Eg høyrer på Vattnet går og gravidpodden!

Oi! Hvordan er det å kjøre opp i England kontra i Norge? Jeg hadde fått hetta av at alt er motsatt, men kanskje det føles naturlig? God fredag, Mariell. Håper den bringer en power nap og godt bakverk.
Takk takk takk! Verken Jostein eller eg har nokongong køyrt bil i Norge heller, så det er verkeleg ingen big deal. Ein lærer seg kjapt og treng ikkje så mykje omstilling som ein kanskje kunne tru. Med det sagt så er det dritskummelt å køyra bil uansett, og spesielt i London der ein blir kasta ut i trafikken umiddelbart og må deala med gigantiske lastebilar, skulebussar og sinte menn.

my 3 best productivity tips.

sunday.

Her er dei tre tinga som funkar aller best for meg på kontoret:

Pomodoro One
Dette er teknikken eg har brukt dei siste månadane for å holda på produktiviteten min, det er ein app/program med ei klokke som tel 25 minutt. Ein jobbar i 25-minuttsbolkar også tek ein pause på fem minutt, og etter visst mange bolkar får ein 15 minutts pause. For meg, ein veldig effektiv måte å jobba på fordi eg kun klarar å holda konsentrasjonen visst lenge uansett, og det er godt å vita at det kjem ein pause!

Gode høyretelefonar + Noisli
Eg har kjøpt meg tette høyretelefonar, typ eit av mine beste kjøp, fordi eg har kontorvindauge rett ut mot ein barneskule, ein veg der det køyrer bilar med sirener, og ein togstasjon. Da er det det beste i verda å ploppa dei inn og ikkje høyra nokon av dei tinga. Akkurat no brukar eg óg noko superbra, Noisli, finst både på heimeside og som app, den mest avslappande bakgrunnslyden om ein, som meg, jobbar med å skriva og ikkje kan høyra på musikk med ord.

Ein ryddig pult
Dette er alfa og omega for meg. Både fordi det hjelper hjerna å ikkje ha rot rundt seg, og fordi rotet startar ein kjedereaksjon: om pulten min ikkje er ryddig, jobbar eg frå senga, og da jobbar eg dårlig.

Kva er dine produktivitetstips? Kanskje blir me så produktive at me kan begynna å jobba fire dagar i veka?

Here are the three things that work the best for me at the office:

Pomodoro One
This is the technique I have been using the last few months to stay focused and productive, it’s an app/program with a clock that counts down from 25 minutes. You work for 25 minutes, then get a five minute break, and after a certain amount of sessions, you get a longer break of 15 minutes. To me, a very efficient way of working because I can only stay focused for so long anyways, and it’s so good to know a break is coming.

Good headphones + Noisli
I’ve got close to noise cancelling headphones, one of my favorite purchases ever, because my office window opens to an elementary school, a road with sirens and a train station. It really is the best thing plugging them into my ears and not hear any of that. Right now I’m using something great, Noisli, it’s online and an app. The most relaxing background noise, if you, like me, work with writing and can’t listen to music with words.

A clean desk
This is the most important thing for me. Both because it helps my brain not to have clutter around and because the clutter creates a chain reaction: if my desk isn’t tidy, I work from bed and I’m less productive.

What are your tips? Maybe we’ll get so productive we can start working four days a week?