framside.

no tenkte eg at det var på tide at de fekk sjå framsida til hjartemagasinet #3. den er så fin at eg begynte å grina når eg såg den. som eg gler meg til den kjem fra trykkeriet. åh.


introducing: the cover of heart magazine #3!

hjartemagasinet.








magasinet er på veg til å ta endelig form, det er så magisk kvar gong det skjer og eg samanlignar det ofte med å føda. eg og caroline sat i mange mange timar i går for å gjera det heilt perfekt, og no syns eg det er så fint at eg vil eta det opp og bruka det som pute når eg ligg i senga og fantaserer om paris, på om alt berre var eit eventyr om ein heilt annan person liksom.

men no, folkens! no syns eg at de skal bestilla til fingrane blør for i morgon sender eg magasinet til trykkeriet! eg har måtta ta hensyn til at eg faktisk flyttar til eit anna land til hausten og ikkje har mulighet til å ta med meg kassar fulle av magasin til england, og opplaget er deretter, så eg vil anbefala at dei som har lyst på magasinet bestiller det snart. alle plassane der det har vorte solgt utanfor internett vil óg selga nummer tre, så om de heller vil venta og kjøpa det på ein utsalgsstad, så er det jo berre å tvinna tomlar imens.

de bestiller i menyen til høgre på hovudsida. klikk her for å komma dit! suss, de er best.



yesterday caroline and i worked at the magazine for hours and hours and tomorrow morning it will be sent to the printers office!!! so if you want a copy i would advise you to order one now as i haven’t ordered too many compared to last issue(which sold out).

magasinlivet.




her i magasinland så skjer det ikkje så veldig mykje, men eg tenkte at de likevel skulle få sjå litt. kva seier de? de kan bestilla i menyen til høgre, om de vil.


all day everyday is indesign and photoshop. magazine land.

synne.

i dag redigerar eg bildene eg tok av synne i paris og det kriblar sånn i magen for det der magiske magasinet som eg får meir og meir tru på for kvar dag som går.

(forrige gong eg skreiv om magasinet var det fleire som spurte om det framleis går an å kjøpa det og det gjer det sjølvsagt! ein bestiller i menyen til høgre.)


today i’m editing these pictures of synne from paris and growing more and more exited about the magazine!

magasin.




dette driv eg på med i dag. magasinfikling og bildeutvelging, det er så spennande og så nervevrakande. om litt over ei veke skal magasinet vera ferdig, trur eg. håpar eg. og heilt heilt i slutten av april kjem det tilbake fra trykkeriet(eg håpte meir på rundt tjuande men det vart tull på grunn av påskeferien).


today i’m playing around with the magazine, trying out some different things and trying not to have a meltdown.

for så høgt har eg elska.

IMG copyIMG_0001

i det siste har eg vore litt i ei bjørn sortland-tåke. boka som eg les akkurat no heiter for så høgt har eg elska(som utdraget over er fra), og er ei heilt nydelig bok på nydelig nynorsk som er veldig komplisert om kjærleik og familie og ein veldig forvirra ung mann. eg har lest bjørn sortland sine bøker heilt sidan eg var ganske ung og det har kanskje de óg, og han har ein av dei søtaste forfattarheimesidene eg har sett. i alle fall, eg er i tåka og fint er det for han skal faktisk vera med i magasinet! så da veit de det. og ellers så burde de lesa denne boka, for den er innmari fin uansett kva dag i veka det er.


an excerpt from a beautiful book by a beautiful author who i’m working with for my upcoming magazine!

forhåndssal!

no, folkens, no startar forhåndssalget av den fantastiske paris-utgåva av hjartemagasinet! eg har så mange nydelige navn på plass og så mange fine personar involvert at de kjem til å få pusteproblem, men på ein fin måte. ganske fint å kjøpa det no óg, så kan ein heller bruka 130 kroner på vin i april(når magasinet kjem) for da kan ein sitta i parken. om de ikkje heilt veit kva magasinet er, kan de trykka på kategorien som heiter “om magasinet.”, for der står omtrent alt de treng å vita!

om de vil kjøpa fleire magasin enn tre får de gjerne senda ein mail til hjartesmil@gmail.com, så skal eg prøva å få svart så godt og fort eg kan, men mailinnboksen min er ikkje heilt enkel for tida. håpar de kjøper og at de blir like gira som meg! kjøp kjøp kjøp!

ps: noko som er skikkelig bra er at ein kan få kjøpa både magasinet og debutplata til han der fine i ein pakke! det er den som heiter “package” i menyen her:

kjøp magasinet her.


it’s now possible to pre-purchase issue #3 of heart magazine! to read more and buy, click the link above!