Some questions and their answers

Untitled

Korleis fungerer det for Jostein og deg med frilansjobbing og permisjon? Har de søkt barnehage frå haustenav?
– Akkurat no funkar det slik at eg har 60% permisjon og Jostein har 40%, men det er ekstremt flytande og me har konstant dialog om kven som skal jobba når. Snart skal Jostein dog ha resten av sin permisjon, og da blir det 100/0 ei lita stund. SÅ deilig å dela på permisjonen frå tidlig av, neste gang skal me starta delingen enda tidligare. Saga skal ikkje i barnehage i år, men kanskje neste haust. Me har mulighet til å ha ho heime, så da gjer me det.

hvordan syns du det er med alle businessting som frilanser? ting som har med enkeltpersonforetak/selskap å gjøre, økonomi, skatt, moms, etc.? og hvordan legger du det inn/håndterer det i hverdagen? jeg skal starte enkeltpersonforetak for første gang i mitt liv og tenker en del på dette for tiden, så det hadde vært interessant å høre noen andres tanker
– Eg syns det er dritskummelt og så innmari kjedelig. Så derfor prøver eg no å gjera det så godt eg kan, og kasta meg litt uti ting. Prøver å ikkje la den der pengeangsten ta over livet mitt. I ein perfekt månad fører eg over all MVA til ein eigen konto som så berre kan betalast rett ut den 10., annakvar månad, men det skjer jo typ aldri akkurat no. Eg prøver å gjera rekneskapa mine kvar månad, ei stund gjorde eg det kvar måndag og det var HERLEG avslappa, så det anbefalar eg veldig. Eg legg ein god del pengar på rekneskapsførar i løpet av eit år, har følt at eg trong det i starten då eg føler at eg er *verdens verste* med pengar. Men no skjønnar eg at eg ikkje kjem til å bli fengsla om noko blir feil, det er lov å gjera feil. Så eg har starta å bruka Fiken, og syns så lang at det er skikkelig bra.

hvilket råd skulle du ønske du kunne gi til deg selv som 16 åring nå?
– Skulle ønska eg kunne fortella ho at det kom til å gå bra. Og tenk om eg kunne fortalt ho om Saga! Om eg skulle gi ho eit råd så skulle det vera «gjer ditt beste», for det gjorde eg verkeleg ikkje då og det er ei god kjensle, å gjera sitt beste.

Da du var gravid skreiv du noe om at du var nervøs for vennskapene dine og hvordan en baby kunne komme til å påvirke dem, er spent på å høre dine erfaringer siden jeg óg skal bli mamma?
– Gratulerer! Ah, dette er litt vanskeleg å skriva om, for JA, det er mange ting som er annleis men det er liksom ikkje så nøye? Eg noia mykje for vennskapa mine i graviditeten, men akkurat no er det veldig begrensa kor mykje tid eg har for venner uansett. Det kan ta meg fleire dagar å svara på enkle meldingar, og det skjer ofte ting som eg ikkje får med meg alls, eg berre aksepterer det no. Eg har eit par venner som, allereie i graviditeten, har vist seg å vera ganske uinteressert i dette nye livet. Som syns at eg klaga og noia mykje som gravid, som fekk meg til å føla meg irriterande. Du har dei vennene som eg sender bilder av Saga til og dei svarar med tusen emojis, også har du dei eg ikkje sender bilder til fordi eg ikkje føler meg trygg på at vedkommande ikkje syns det er irriterande, liksom. Og det er ubehagelig å føla at ungen min er til irritasjon, så da blir det ein avstand der. Prioriteringane skifta for meg etter eg vart mamma, og vennskap er heldigvis veldig levande, så ting går opp og ned. Og eg veit at det kjem til å komma tider då dei fleste av oss har bebisar og familiar og da trur eg det blir både enklare og vanskeligare. Men eg saknar av og til å ha nære venner som skjønnar heile mammagreia. Heldigvis har me mange nære venner som er obsessed med Saga og berre vil skypa når ho er vaken, liksom

Ellers lurer jeg på hvor du har kjøpt Libertysengesettet til Saga, og om du vet om det finnes til voksne? Også har jeg lenge tenkt at det kunne ha vært hyggelig om du laget et blogginnlegg om alle de fine kjolene og skjørtene dine. Der du viser de frem, og forteller hvor du har kjøpt de og lignende ;)
– Det har eg kjøpt på Barn Igjen, fekk det sydd. Du mailar ho, liksom! Så det kan godt henda ho óg kan sy voksensengeklede, men det er altså dyrt, for stoffet er veldig dyrt i utgangspunktet. Eg har lurt litt på å få sydd putetrekk, faktisk. Typ til gjesteromma, heilt enkle dynetrekk men Liberty-putetrekk, trur det hadde vore fint. Det er det MJUKASTE stoffet óg, egyptisk bomull.

Jeg har lenge tenkt tå spørre deg om arbeidsflyten din. Jeg er selv fotograf, men er så utrolig ustrukturert når det kommer til private bilder. Du lager jo bloggen med bildene dine, men jeg regner med at du har mange flere bilder også. Hvordan organiserer du bildene? “Rydder” du i de allerede når du legger de inn på dataen? Lager du fotobøker eller henger kjempe mange bilder på veggen? Dette høres kanskje merkelig ut, men mine egne bilder (inkludert vidunderlige bilder av familie, venner og opplevelser) gir meg i blant mer besvær enn glede. Jeg føler det på en måte urettferdig ovenfor både bildene og minnene at bildene ikke får komme til sin rett, men snarere ligger i rotetet mapper og tar opp harddiskplass og gjør maskinen treg! Også lurer jeg på hvilket program du redigerer film i? Har du svart på det før? Og til sist vil jeg (igjen) si at du er så utrolig inspirerende! Takk for at du deler av livet ditt via bloggen – og heia selvstendig næringsdrivende mammaer <3
– Hei og heia! Sjukt fint med slike kommentarar, blir SÅ glad! Sånn gjer eg det når eg legg inn bilder: Eg legg alle bilder inn på datamaskina via Adobe Bridge, og alle bildene legg seg i mapper med dagens dato og får tittel med dagens dato. Så sorterer eg bildene ved å markere dei bildene eg vil bruka, og alle andre bilder slettar eg. Når dataen min blir treig og ikkje orkar meir, fører eg over ein heil masse mapper på ein ekstern harddisk, der eg har mapper for kvart år. Men det er ganske lett å finna fram i sidan eg har datoar i alle titlar. Eg har laga ei bok for kvart år gjennom Blurb, syns det er innmari fint. Også har eg lova meg sjølv å bli flinkare til å få printa ut eigne bilder, for me har så mange bilder av heilt andre ting på veggane og det er jo fint óg, men eg har lyst på meir kjente fjes på veggane. :) Eg redigerer film i iMovie! Eg klypper og stiller på hastigheten i klippet, men aldri noko fargejustering eller sånn, det gjer eg når eg filmar.

Hvor ser dere Trial & Error?
– Hulu!

hvordan står det til med kjøkkenhagen i alt styret?
Me ligg litt bak, men med sjølve plantene trur eg det går bra. Tomatplantene mine oppfører seg ikkje heilt som eg vil, så me får sjå korleis det går. Og purren gjekk dukken! Kanskje kan eg kjøpa purre på hagedagen 20.mai! Men eg sådde 11 typar frø forrige helg og der spirer det mykje no (spirer agurk, squash, timian og oregano), så det er veldig spennande. Og no er åkeren vår både pløyd og fresa, så snart kan me så frø ute óg. Denne helga driv me og bygger eit drivhus av gamle vindauge! Me får sjå korleis det går. Det er litt godt at læringskurva er så bratt, sjølv om det óg er litt brutalt, såklart.

 

 

The saga of my magazines

Hjartemagasinet

I 2010 budde me i Oslo. Jostein gjekk på Blindern og eg gjekk på fotoskule. Eg mistrivdes sånn, prøvde mitt beste men sleit med å godta at det ikkje var tida for meg å gå på skule. Ein dag etter skulen gjekk eg berre heim også gjekk eg aldri tilbake, gradvis etter kvart som dagane gjekk, gjekk det opp for meg at eg hadde slutta på skulen. Eg hadde såvidt begynt å tenka på å laga mitt eige magasin, noko å holda i, det var ei tid så proppfull av inspirasjon, leiligheten vår var til eikvar tid oversvømt av papirutklypp til ulike prosjekt.
In 2010 we lived in Oslo. Jostein was in university and I was in photography school. I wasn’t happy at all, I tried my best but had such a hard time accepting that it just wasn’t the time for me to be in school. One day after school hours I went home and then I just never went back. Gradually, as the days went, I realized I had quit school. I had just barely started thinking about making my own magazine, something tactile, it was a time so full of inspiration. Our flat was at all times drowned in paper for different projects.

HjartemagasinetHjartemagasinetHjartemagasinet

Hjartemagasinet


HjartemagasinetHjartemagasinetHjartemagasinetHjartemagasinetHjartemagasinetHjartemagasinet
Var så sjukt stolt av det, det var milevis bedre enn det første.
I was so proud of it, it was so much better than the first one.

Hjartemagasinet

Det tredje og siste handla om Paris, eg hugsa at eg nesten klikka av glede då Caroline sendte meg framsida. Eg hadde med nokre verkeleg fantastiske fotografar, blant anna Anna Malmberg og Julie Pike.
The third and last one was about Paris, I freaked out when Caroline sent me the cover. I had some really amazing photographers in it, like Anna Malmberg and Julie Pike.

HjartemagasinetHjartemagasinetHjartemagasinetHjartemagasinetthe magazine.
Diktet skreiv Fredrik kvelden då eg hadde min vesle Au Revoir-fest. Var så sjukt redd og grein så mykje, trur kanskje ikkje Fredrik hadde sett meg gråta før.

Hjartemagasinet

Desse tre var verkeleg starten på heile jobblivet mitt, karrieren min. Eg lærte så mykje om InDesign, om trykkeri, om fargeprofilar, om komposisjon. Det var sånn eg lærte meg at ein ikkje trengte å vera ansatt for å ha ein jobb, at eg ikkje måtte jobba luselønn for å “bygga meg oppover”. Eg var veldig heldig som kunne gjera det og eg var sjukt tøff som turte, eg er takksam til tjueåringen som berre gjorde først og tenkte seinare, for livet mitt hadde sett ganske annleis ut no om eg aldri hadde laga desse tre.
These three magazines were the start of my whole work life, my career. I learned so much about InDesign, printing, color profiles, composition. It was how i learned that I didn’t have to be employed to work, I didn’t have to get paid next to nothing to “work my way up”. I was so lucky to be able to do it and I was so brave that I did, I’m so grateful to that twenty-year old who just did things before thinking, because my life would look quite different if I had never made these three.

Finn ein venn

25fd8ce58a62aad5efbcb2d316b61ef2

Noko av det gøyaste eg har gjort på denne bloggen er å kobla ihop lesarar, og eg blir så sjukt glad når de sender meg bilder av vennedates de har vore på på grunn av bloggen her. Eg har lyst til å legga til rette for at alle som leser her skal finna likesinna fine folk, men det finst det liksom ikkje tid til i livet mitt no. Det som finst, derimot, er det finaste og enklaste: denne facebook-gruppa som eg nettopp har starta. Klikk dykk inn dit, bli medlem og legg ut nokre ord om dykk sjølve. Har skrive litt meir detaljert der, så hopp inn dit og sjå. Elskar internett! No må eg legga ungen min, men i morgon når eg vaknar håpar eg at det finst mange små annonser der inne. SUSS.
I love it when my readers become friends with one another, so I made a Facebook group for people to find eachother!

Q+A, three

skjermbilde-2017-01-09-kl-15-03-57

Elsker bloggen din, men kommenterer sjelden (sorriii<3). Spørsmål: reisetips til København med baby? :) vi skal dit med vår da 3,5 mnd gamle jente, tips om kafeer og slikt som er babyvennlige? :)
– Takk! Verdt å vita om København: veldig barnevennlig by, men ikkje så veldig barnevogn-vennlige! Ein må oftast setta igjen vogna ute, så ta med babycall/monitor om ungen søv når de skal gå inn, og gjerne óg ein sykkellås til vogna (dei fleste låser fast vognene sine ute!). Me kosa oss veldig på Mad&Kaffe, da sat me i vindauget sånn at Saga kunne ligga i vinduskarmen og det var kort veg ut når ho vart varm eller urolig. På Kompa’9 var det óg veldig chill, og på Granola syns alle servitørane at ungen var veldig søt, ehe. Andre tips: barneavdelingen på Illums Bolighus, OMG så mykje fint dei har der. Chickids (i gåavstand frå Mad&Kaffe) har berre fine barneklede. Og butikken Limonade (i gåavstand frå Granola), ganske så dyrt men der plukka me opp eit par fine ting som me brukar heile tiden og har så mykje glede av. Oi, saknar København allereie! Finaste byen.

Først og fremst vil jeg si at bloggen din er bare vanvittig fin.
Hvordan overgangen til å være foreldre? Hvordan har det å få barn forandret deg? Så lurer jeg på om dere ønsker flere barn?
Og til slutt; i et egentlig veldig kjønnsdelt/preget samfunn, hvordan oppdrar en unger som unger og som ikke jente og gutt om du forstår meg? Hva tenker du/dere om det? Hadde vært gøy å hørt dine synspunkter!
Klem!
– Takk!! For meg har det vore ein glatt overgang, eg innsåg først då ho kom at eg har følt meg som ei mor minst halve livet, så i rolle var det ikkje så himla annleis. Men ansvaret og kjærleiken er enormt, såklart. Korleis det å få barn har forandra meg trur eg me får venta litt lenger med å sjå, det har jo gått eit knapt halvår enda, men eg er definitivt skjørare på nokre vis og sterkare på andre. Eg er meir beskyttande for livet me har laga oss her, meir sjølvsikker, mindre sjølvbevisst. Men ja, me får vel sjå. Me vil ha fleire barn, heilt klart. Ang. det med kjønn så trur eg at ein oppdrar ungar som ungar ved å behandla dei som ungar og ikkje som kjønn, og eg trur ikkje det er enklare eller vanskeligare enn det. Å vera open og ikkje la andre voksne setta standardar eller reglar for korleis det skal vera. Å tilby alternativ, å vera gode med kvarandre og eksistera utanfor kjønnsbobla for ikkje å legga press eller verdi i verken det eine eller det andre. Med det sagt så vil eg ikkje at ungane våre skal føla at me har oppdratt dei anti-kjønn heller, at det ligg element av skam der som gjer at me har pusha unna konseptet av kjønn. Det er vanskeligare, men viktig, å tenka at ein skal hjelpa dei å bygga kjønnsidentitetane sine og ikkje utsletta dei, for det er vel egentlig poenget, som eg ser det. Er så himla redd for å snakka om kjønn, kjenner eg, sjukt slitsomt.

Hva er dine beste tips til å starte opp som freelancer?
– Om du kan, spar opp litt pengar først (!). Det er godt å ha ei lita støttepute i ryggen når du kastar deg utfor, liksom. Ha ei profesjonell heimeside og ein LinkedIn-profil som ser proff ut, snakk med folk i feltet der du vil starta og spør om råd, i det heile tatt snakk med folk og la folk vita at du er tilgjengelig. Masse av mine oppdrag har eg fått fordi eg har rett fram spurt om det er bruk for meg, liksom.

Hvordan er det å være mamma?
– Det er det finaste i livet.

Hva er de fineste tingene med å bo der dere bor nå?
– Å bu i hus. Å ha plass. Å ha dører ein kan lukka og likevel ha plass. Badekar. At me bur så nære ei elv og høyrer den heile tiden. At eg føler meg så trygg her.

Hei! Jeg lurer på om du/dere planlegger å skrive en bok til? Jeg fikk inntrykk av at dere syntes det var et spennende og utfordrende prosjekt? Jeg har ikke fått lest boken ennå, men jeg liker veldig godt hvordan du skriver på bloggen og har fulgt i mange år. Jeg har virkelig kost meg med magasinene, både tekst og bilder og innhold fra andre bidragsytere. Er det noe du tenker på å gi ut igjen? Håper det!
– Hei! Me er i prosessen med å skriva ei bok no, akkurat no handlar det mest om å sjå i kalenderane og finna ut når me kan få til konsentrert skrivetid, det er ikkje så himla lett no. Me jobbar veldig godt ihop, og kjem til å skriva mykje både ihop og kvar for oss framover! Vil heilt klart gjera fleire magasinprosjekt, det er supergøy men óg veldig risikabelt, så eg kan ikkje driva med i hytt og pine. Må berre få ein god idé først!

Hvordan er det å bo i Lærdal sammenlignet med London?
– Kanskje heilt motsatt på alle måtar, haha.

Hva med venner osv, hadde du stort nettværk i Lærdal fra før du flyttet dit?
– Kun familie og bekjente, me har ikkje egentlig folk me treffer her, men det funkar for oss. Me får masse besøk, typ heile tiden, og reiser jo ein del, og resten av tiden er det stille og det er derfor me flytta hit.

Jeg lurer på en praktisk ting rundt det å ta et stort valg i livet sitt, som det å flytte fra London og livet der til Sogn og Fjordane: Hvordan introduserte og presentere du og Jostein denne ideen for andre? Spurte dere andre om råd, eller la dere dette fram først da det var bestemt og avgjort? Hvordan håndterte dere reaksjoner og spørsmål fra nære? Jeg synes du virker veldig trygg i avgjørelsen dere har gjort, men lurer likevel på om du synes det er slitsomt/vanskelig at folk stiller spørsmål ved det – eventuelt om du har noen tips til en som synes det kan være vanskelig å måtte forsvare valgene sine i tide og utide. PS – veldig glad i bloggen din, og har lest den siden 2009, og kanskje ikke kommentert nok – skal prøve å bli bedre på det :)
– Dette er eit bra spørsmål!! Har gode svar!! Me spurte ikkje om råd, og gjer egentlig sjeldan det, me forteller folk ting når det er «ferdig». Ikkje éin einaste gong sa me «me tenker på å flytta» med håp om å opna ein diskusjon, for andre kjenner jo aldri heile bildet. Eg syns det er såååååååååå slitsomt å få råd eg ikkje har bedt om/treng eller når folk trur at ting er oppe til diskusjon som ikkje er det og som slenger inn kommentarar utan å tenka seg om som ein seinare blir gåande og tenka på. Me fekk igrunn ikkje så mykje reaksjonar og spørsmål, men det var kjipt å sei det til dei som bur i London som me flytta ifrå. Som du seier, så er me jo veldig sikre i valget me tok, så det er ikkje vanskelig eller slitsomt, men irriterande når folk stiller spørsmål ved det. Om ein ikkje er så himla sikker så kan ein vel sei det óg? Berre sei at eg har tatt dette valget, men eg føler meg litt usikker og syns det er slitsomt/vanskelig at andre folk skal synsa ting eller tenka høgt om det. Det er lov!

Heisann! Eg lurar på kordan det var å reisa til Italia når S var så liten? Eg og sambuaren min drøymer om ein tur til Nord-Italia når lille er 4 mnd i september. Berre lurte om du hadde nokre tips til flytur feks? God bedring til alle!
– Hei! Eg var veldig redd for flyturen, men det gjekk veldig fint og da var ho berre 2 månader. Det einaste eg vil sei er: reis på rett tidspunkt på dagen. Då me reiste ned til Italia var S kool med det meste, men medan me var der fekk ho ein mykje meir definert døgnrytme og flyturen heim som ikkje var før seint på kveld, var mykje meir slitsom. Så kanskje lurt å fly på formiddagen om det går, da brukar dei jo å vera på sitt beste humør! Også berre tenk: JA, kanskje blir flyturen slitsom, men det kjem til å vera fint å komma fram og SÅ KULT å tenka på seinare at ein faktisk gjorde det. Til flyplassgåing og sånt så er ein babywrap GULL verdt for meg, når ein ikkje kan ha vogn men må ha med bebis overalt, me har ein frå Solly Wrap som eg elskar, men ein får jo kjøpt brukte frå typ Ergobaby og sånt som er supre óg. Og ja, når dei kallar opp og seier at folk i rullestol eller med ekstra behov kan gå på flyet, GÅ PÅ FLYET. Det er ingen som stoppar ein person med ein baby frå å gå på flyet da, også setter du deg i setet også ammar du til det absolutt siste, det funka veldig fint for oss på flightane me har vore på. Også var det veldig godt for meg at Jostein var den som hadde ho på fanget under flyturen utanom i ammingen, så ikkje alt den fysiske byrden landa på meg berre PGA puppar.

Via bloggen slipper dere oss inn på dere på en nær og fin måte, og jeg koser meg hver gang du legger ut en ny post. Mest fordi for meg har du blitt et bilde av noe ekte. Et håp i en overfladisk verden, om du vil. Men hva tenker du om hvordan blogglivet har forandret seg siden du startet? Og er det kun positivt å ha så mange mennesker tett på seg? Blir grensen mellom det mest private og det som deles tydligere for hvert år? Og tenker du mer på dette etter du fikk Saga?
– Oi, takk, så fint. Svarte litt på det første du spør om tidligare her, men det med grensa for det private: absolutt. Det er mykje meir eg ikkje deler no som eg har born, og eg er meir klar på kva eg deler og ikkje. Med det sagt er det sjølvsagt fint å dyppe tåa i det de ikkje får sjå av og til (som med mobilbildene mine, for eksempel), men som regel så kjenner eg det i magen når det ikkje er ok. Eg trur greia egentlig er at eg er meir bevisst på den grensa, kanskje ikkje nødvendigvis at den er strengare enn før, men eg veit bedre kvar den går, liksom. Eg syns det er viktig at S kan sjå tilbake på dei heilt tidlige dagane i livet sitt og sjå noko som både er representativt men der me har fokusert på alt det fine. At ho óg kan sjå at når ho først skulle eksistera på internett så var det med ein omsorg for det som står igjen og med respekt for hennar privatliv, liksom.

Alltid så fint å få lesa tankar og om livet dykkar!
1) Eg har lenge lurt på korleis de løyste etternamnsspørsmålet på Saga? Ein ting er å behalda sitt eige namn når ein giftar seg (om ein ynskjer det), men når det er bornet ditt blir det jo til sjuande og siste det siste etternamnet som “tél”. Så kva har de tenkt og korleis har de løyst det? :)
2)Eg lurer óg på livet på garden. Korleis er det å berre vera de tre, så mykje? Blir ein gal av kvarandre eller berre meir glad i kvarandre?
3)Kor mange barn vil de ha?
1) Ho heiter Avdem Øyre, altså Jostein sitt mellomnavn som sitt mellomnavn også mitt etternavn som etternavn. Det var det mest musikalske alternativet, pluss at eg hadde eit veldig sterkt ønske om å bruka mitt navn sist. Gifta meg jo med ein feministmann, så det var liksom ikkje ein lang og smertefull prosess på nokon måte, haha. 2) Me elskar det! Ein får liksom bli si eiga lille verd på ein måte som me ikkje hadde vore i ein leilighet i ein by, trur eg. Det er noko med å bu i hus. Også er me jo ganske sosiale, eg snakkar med masse venner kvar dag og me har mykje besøk. Jostein sine foreldre bur óg på garden her, så me er absolutt ikkje åleine. 3) Helst vil me ha fire! Så får me sjå!

Q+A, two

skjermbilde-2017-01-09-kl-15-01-57

Jeg er gravid med mitt første barn som kommer tidlig juli (jippii!!). Vil du dele dine topp 10-20-30-40-1000000 tips til en ny mamma som du kunne ønske du selv visste når du gikk gravid med / fra den første tiden med Saga?
– Gratulerer!!! Dette er sånt som eg egentlig kunne ha skrive eigne innlegg om (men er så redd for at ikkje folk vil lesa om det?), men her kjem nokre enkle som eg skulle ønska nokon sa til meg men óg som eg er glad at eg gjorde/visste:
1) Det er lurt å vera forberedt på kva som skjer i kroppen i dagane og vekene etter fødselen, så det ikkje kjem som eit sjokk. For min del var det berre godt å vera forberedt på det verste. Likevel var det eit sjokk kor mykje eg grein og blødde, liksom, kroppen er heilt vanvittig og fantastisk, men den treng óg tid til å tilpassa seg.
2) Du MÅ ikkje ta imot besøk om du ikkje vil, det er lov å sei nei (og kan vera bra øving til seinare i foreldreskapet?), det er dine behov som er viktigast i dagane og vekene etter fødsel og ikkje andre sine kjensler. Det er óg du som kjenner deg sjølv, og babyen din, best. Eg syns denne teksten frå Underbara Clara er så fin: Det avgör jag.
3) Ver open for å spørja om hjelp, og bli på barsel så lenge det går. Eg var nære ved å gi opp ammingen og ville ikkje bry jordmødrene dei dagane me var på barsel, men Jostein insisterte på å bruka dagane der til å faktisk læra å amma ordentlig. Når det krølla seg til siste natta på barsel (etter melka kom inn på ordentlig) fekk eg kunstig Oxytocin i nasespray og pumpa og grein med verdens finaste jordmor ved mi side. Får framleis tårer i augene av å tenka på det, og no er ammingen noko av det finaste eg veit.
4) Ha masse bleier og enkel mat på lager. Jostein behandla meg som ein gal person då eg ville kjøpa nokre pakker med bleier før fødselen, men det gjekk sjuke mengder i starten, og det vart liksom noko me måtte planlegga rundt og «skaffa», og alt av mathandling og sånt føltes som store prosjekt for da måtte nokon vera åleine med ungen. Og med maten: dei første vekene åt me ikkje frukost før kanskje klokka tolv, døgnet var opp og ned og sjølv om alle hadde det bra og var friske, så var det vanskelig å få laga seg mat. Så anten be fine folk rundt seg å komma med mat eller fyll opp frysaren med rundstykker og kjøttbollar på forhånd! Det kjem eg til å gjera neste gong. Jaja, dette vart jo eit eige blogginnlegg i seg sjølv, ser eg no.

Kjære deg! Takk for at du skriver så fint. Bloggen din er et trygt sted å være og det er ganske unikt i dagens samfunn. Jeg har 3 spørsmål:
1. Har du noe forslag til den perfekte bursdagskake til en ettåring? Ikke nødvendigvis til den lille, men til all familie som kommer for å feire.
2.Hvilket program bruker du for å lage/redigere film?
3. Kommer du til å ta noen bryllupsoppdrag i år? :)
Klem til deg og den fine klubben din!
– Takk! Klubben helsar tilbake. Her kjem svar: 1. DENNE! Eg har så lyst til å lage ei sånn kake. Anbefalar sterkt Linda Lomelino sine kakeoppskrifter, dei er veldig enkle å gjera men ser imponerande ut. 2. Eg brukar akkurat no iMovie! Enkelt og greit! Mest fordi eg ikkje redigerer filene i det heile tatt, utan å klippa dei ihop. Så det er nesten ingen fargekorrigering eller sånt i filmane mine. Helst skulle eg ha brukt Adobe Premiere, men det har eg ikkje akkurat no. Syns iMovie er intuitivt og enkelt! 3. JA. Har masse bryllupsoppdrag allereie, skal bli så GØY etter eit heilt år utan!

Såvidt jeg husker gikk du medier og kommunikasjon på vgs? Hva tenker du om det idag? Fikk du faglig utbytte av det, og er det medielinja som gjorde at du ble interessert i blogg som medium eller gjorde at du gikk videre med det? :-)
– Jepp, gjekk Media og Kommunikasjon på Firda VGS. Eg er kanskje den som gjekk i klassen min som framleis jobbar med nesten alt me hadde undervisning i, haha. Webdesign, fotografi, film, radio/podcast, grafisk utforming, tekst. Når eg tenker på det no er det som om eg aldri slutta på skulen? Haha. Eg skreiv blogg før eg starta på VGS, men det var definitivt skulen og klassen som utvikla evnene mine, liksom.

Jeg lurer litt på hvilke tanker du har gjort deg rundt det å publisere bilder av barnet ditt på nett? Det virker som det er noe folk har veldig sterke meninger om, og jeg kunne gjerne tenkt meg å høre hva du tenker om det.
– Dette er eit veldig bra spørsmål, og noko Jostein og eg snakkar massssssssssssssssssssse om. Først og fremst: eg meiner at det er eins eige ansvar som forelder, å verna om internetteksistensen til sine eigne barn. Derfor legg eg ikkje ut bilder av ansikta til mine nydelege tantebarn eller andre barn, for det får foreldra deira i så fall gjera sjølv, fram til dei er gamle nok til sjølve å forstå kva det vil seia å eksistera på internett. Me lar ikkje andre folk legga ut bilder av ansiktet hennar, til dømes, og har fleire gongar bedt folk sletta bilder. Det er eit ansvar eg gjerne tar. Når det kjem til kva eg/me legg ut og ikkje, så er det ein veldig bevisst prosess, og eg vil ikkje publisere sånt ho kan ha dårlige kjensler rundt seinare i livet. Derfor skriv me ikkje om intime ting, og legg ikkje ut bilder av ho der ho er naken eller bilder av ho som er «morsomme». Etter kvart som ho blir eldre, trur eg at antall bilder og naturen i bildene vil innskrenka og endra seg noko, men enn så lenge føler eg at ho bokstavlig talt framleis er ein del av kroppen min. Men ja, eg tippar at me er like dei fleste foreldre som lever mykje på internett, det er ein pågåande samtale konstant, og eit tema der eg føler at det blir feil uansett. For meg hadde det vore heilt på trynet om ho berre ikkje skulle eksistera med oss her, og eg hadde tankar om at ho kunne synast det var trist å seinare i livet oppdaga denne bloggen også ikkje vera ein del av det i denne perioden. Så det har både ein stor verdi for oss som familie pluss at det er kjempeskummelt.

Og så lurer jeg på hva som er din beste frokostoppskrift? :D Trenger litt inspirasjon i hverdagsovergangen.
– Her er tre! Nøttefrukost. Scones. Den beste eggerøra som finst.

Hei vakre! Har bodd i england i snart fem år nå og til våren flytter jeg og briten til norge. Hva gjorde du og Jostein med ting som ikke fikk plass i kofferten? Har mer eller mindre angst over dette! Xxx
– Ja, altså, eg veit ikkje kor mykje hjelp dette er, men me køyrte altså heim ein heil bil, me. Me brukte ein tjeneste som heitte Movinga, som flytta heile sulamitten for 910 pund. Så me tok med sykkelen min, marmoren, dokkehuset, alle bøkene, overmadrassa, skatollet, sofaen vår (!) og ja, i det heile tatt. Maaaasse greier, så verdt det. Det var ikkje ein enkel prosess, men det var heilt verdt det når eg ser tilbake på det no. Lykke til med flyttingen!

Hei. Jeg lurer på om du har noen tips til fødsel. Gjerne i forhold til å beholde kontroll / ikke få panikk. Har ikke født før og har bare en uke til termin:-) Hva gjorde at du hadde en fin opplevelse? Var det å føde slik du hadde trodd på forhånd?
– Mitt tips: Å jobba med å akseptera at ein ikkje har kontroll, at det er kroppen som styrer ein fødsel, og stola på jordmor og lege. Det hjalp så sjukt mykje å ikkje kjempa imot smertene men berre la dei komma, liksom la kroppen gjera greia si. Det som gjorde det til ein bra opplevelse: å gi lystgassen ein ordentlig sjangse og høyra på instruksjonar om den (vart superkvalm først men så skjønte eg greia), at Jostein var ved sida mi heile tiden, at eg følte meg sett og fekk hjelp av jordmor og at eg lot sjølvbevisstheten få ta ein pause. Å føda var veldig som eg hadde trudd, faktisk, berre mykje kjappare. Det einaste ein veit er at ein ikkje kan vita noko som helst om ein fødsel før den er der.

Hvordan har blogging forandret seg siden du starta og hvordan tror du blogging kommer til å se ut om 5 år? (Synes det er spennende å høre hva du som blogg-veteran tenker om fremtidens internett/blogg-trender!)
– Blogging var så sjukt avslappa då eg starta, ein kunne legga ut nesten kva som helst og folk var så fascinerte av liksom fenomenet blogging at dei var interesserte. Så byrja det å komma så sjukt mange bloggar at folk kanskje følte eit behov for å skilla seg ut meir og nokon gjekk mot mote og nokon gjekk mot mat, interiør, reise, og sånn ser det jo igrunn ut i dag. Dette er berre nokre tankar eg har, men eg føler at 2016 var året da bloggingen kom litt tilbake til starten, folk blir meir og meir opptatte av å sjå det ekte igjen, det usminka, det umiddelbare, sjølvsagt påvirka av heile greia med Instagram og mikroblogging. Om fem år trur eg dei fleste kjem til å driva med video som format på ulike måtar!

Hva ville du gitt for tips til en som vil begynne å blogge i 2017?
– Skriv ting som er ekte, ver personlig ELLER skap vakre bilder (eller helst begge deler), og kommenter hos andre bloggar.

Eg lurer litt på om du har nokon søte tear du vil anbefale? Helst nokon litt eksklusive som du ikkje finn i matvarehylla. Gjerne kom med lenkjer er du søt. Helsing ivrig blogglesar og tesupar!
– Wedding imperial frå Mariage Freres, ikkje den enklaste å få tak i i Norge, men ein kan kjøpa på nett! Den er karamell og vanilje for meg, supergod. Også likar eg Kashmir-chaien til Kusmi, den er jo lettare å få tak i i Norge. Ellers så likar eg sjølv best Earl Grey og bergamot-baserte tear.

Q+A, one

skjermbilde-2017-01-09-kl-15-02-26

Jeg lurer på hvordan overgangen fra London til Sogn har vært? Fra leilighet til hus, by til bygd? Synes dere har tatt et stort og modig valg <3
– Eg syns det har gått veldig bra, men trur mykje av det er fordi me reiste til eit liv og eit område, til og med eit hus, me kjente. Det mest slitsomme for meg no er tilgjengelighet på varer, at ein ikkje får tak i ting eingang på internett. Vurderer no (dette er heilt seriøst) å importere min eigen mat for å ikkje føla meg så begrensa av det, aksepterer det liksom ikkje.

Synes dere har en koselig interiørstil! :-) Har du lyst til å lage et innlegg der du tar oss med rundt i huset og viser bilder av interiør- og detaljer?
– Takk! JA, eg har jo egentlig lyst til det, men så er eg litt fanga i at det er så store deler av huset som ikkje er ferdige enda. Men såklart, det er jo sikkert interessant å óg få sjå eit hus som er på midtimellom-stadiet?

Hvor mange bøker håper du å lese i 2017? Kan du lage et innlegg om hva du synes om boka “Arv og miljø” av Vigdis Hjorth når du har lest den?
– Eg håpar å lese fleire enn i fjor, det er mitt einaste mål! Las utrulig få bøker i fjor, hjerna var som graut gjennom graviditeten og det håpar eg å komma litt ut av no. Eg skal absolutt skriva om den om eg likar den! Gler meg veldig til å lesa den og til å komma inn i lesegrooven igjen. Faktisk seinast i går stod me oppe i biblioteket (også kalla gjesterommet med stor bokhylle) og såg på alle bøker og snakka om bøker og da kjente eg at eg lengta mot å kunne berre grava meg ned i ei bok.

Hva tenker du om å drikke alkohol mens du ammer?
– Eg trur dei fleste vil forstå at eg trår varsamt når eg uttalar meg om noko sånt, og at eg tek mine eigne val. Eg støttar meg på den ferskaste forskinga og drikk med måte, med utgangspunkt i at eg skal vera i stand til å ta vare på ungen min. Så eg vil ikkje drikka meg full, den tanken er ubehagelig for meg no som ho er så liten og treng meg så mykje, men eg drikk gjerne eit par glas vin utan at samvitet (eller ungen min) tek skade av det (og om du får lyst til å debattere dette i kommentarfeltet, ver grei å ta eit kjapt googlesøk på fakta først, please and thank you).

Hei! Jeg lurer på hvordan du visste at du var klar for barn? Med en frilanstilværelse hos dere begge som kan gi mye usikkerhet, hvordan var prosessen frem til dere bestemte dere for å begynne å prøve? Hilsen en annen frilanser ❤
– Eg var absolutt ikkje klar då eg vart gravid, men me bestemte oss for at det passa å byrja å prøve etter bryllaupet. Om eg skulle ha venta til eg var klar hadde eg komt til å venta for alltid, det var noko så deilig (spesielt for ein kontrollperson som meg) å berre bestemma at no gjer me det uansett om me er klare eller ikkje. Jostein meinte at «det kjem til å ta lang tid å bli gravide» ooooog det gjorde det ikkje, ehe. Eg fekk igrunn panikk då me fann det ut, mykje på grunn av jobb. Og eg har vore så redd for at mykje tid ute av arbeidslivet gjer at folk mistar interesse for meg, men sånn opplever eg det ikkje. Akkurat no jobbar eg 20%, i slutten av månaden køyrer me det opp til 40%, og det funkar veldig fint for oss. Frilanstilværelsen KAN gi mykje usikkerheit, men me er ikkje så himla usikre. Sjølv om økonomien i frilanslivet fluktuerer veldig, så er det framleis forutsigbart (i alle fall for oss som har jobba med det samme i nokre år), så me veit at det er mykje pengar om hausten og mindre på vinteren, også prøver me så godt me kan å planlegga rundt det.

Hei! Saga er slikt eit nydeleg, om enn litt uvant namn. Kvifor valde de akkurat dette namnet?
– Takk! Navnevalget var ein laaaaaaaaaang prosess, spesielt med jentenavn. Me visste jo ikkje kjønnet før fødselen, så me hadde eitt guttenavn og eit jentenavn, og guttenavnet vart klart månader før termin medan Saga tok lenger tid å komma fram til. Me ville begge ha eit uvanlig navn som hadde norrøne røtter men likevel funka internasjonalt sidan me kjem til å reisa mykje med ungane våre og håpar at dei sjølvsagt vil reisa i vaksenlivet. Ho heiter Saga Ingebjørg, fordi me kalla ho for Bølla i magen og fann ut ved tilfeldigheit at Bølla er eit kallenavn for Ingebjørg i Sogn, der me bur. Og at både Jostein og eg har ei Bølla i familien.

Eg lurar på kva var det som gjorde at de fann ut at de ville skrive bok? Korleis gjekk de fram? Eg har lenge site med inspirasjon til ei bok eg vil skrive, så mykje at det nesten boblar ut av meg, men eg veit ikkje korleis eg skal begynne.
– Me flaksa totalt og fekk ein telefon frå Samlaget som spurte om me hadde lyst til å skriva ei bok, så prosessen vår såg heilt annleis ut enn for dei fleste. Får ofte dårlig samvit for det, at vår erfaring ikkje er til hjelp for nokon andre skrivande fordi den er så annleis, haha. Eg fekk telefon frå Samlaget som spurte, me sa ja og skreiv litt på boka også skreiv me under kontrakt. Om du vil skriva, så skriv, skriv eit førsteutkast eller nokre kapittel og send til forlag!

Hva er favorittbloggene dine akkurat nå?
– Johanna Bradford, Elsa Billgren, Vardagskonst, Homesong, Volang, Krickelin

Hvilke steder i Sogn og Fjordane er dine favoritter?
– Eg har jo faktisk laga ein guide! Her er den!

Har du vært i Nord-Norge?
– Eg har vore i Alta! For ti år sidan, men ja.

Hvordan forberedet dere dere til fødsel? Tenker f.eks. lesestoff, kurs, trening, samtaler … bevisst mangel på enkelte typer forberedelser teller også :-) selv vil jeg egentlig tenke minst mulig på det før det skjer, men skjønner jo at det er en grunn til at det finnes kurs og greier …
– Eg snakka masse med jordmor også såg eg tusen episodar av «One born every minute» på Youtube, eg las masse fødselshistoriar på internett og såg labour&delivery-videos, også på Youtube. Det viktigaste eg gjorde var yoga, faktisk. Lærte meg å pusta ordentlig, og det var óg der eg lærte å deala med riene (visualiserte eit fjell som eg klatra til toppen av medan smertene steig, medan eg heile tiden kunne sjå den deilige vegen ned igjen óg). Også hadde eg eit mantra. Det funka utrulig bra for meg! Var veldig nøyen på å ikkje ta noko bullshit når folk prøvde å fortella meg kor forferdelig det var, det var viktig for meg å få lov til å ha min eigen opplevelse, liksom. Ein ting eg skulle ønska eg hadde forberedt meg meir på: amming! Vanskeleg å faktisk forbereda fordi det handlar mykje om teknikk, men skulle ønska eg visste meir om korleis det funka og kunne teorien bak teknikken, liksom. Og ein ting ei fin jordmor sa til meg «amming er som soving, det er heilt naturlig men det må lærast».

Hei! Et ganske personlig spørsmål (så om du ikke ønsker å svare på det har jeg full forståelse): jeg vet at du har erfaring med angst. Jeg lurer veldig på – hvordan har kombinasjonen angst + graviditet og fødsel + livet som småbarnsmor vært…? Jeg håper selv å få barn om noen år, men jeg sliter mye med angst, i den grad at det preger det meste i livet mitt, og jeg er redd for at jeg ikke skal takle noe så stort. Er redd for ikke å greie med alt ansvaret, å havne på et nivå av bekymring som jeg ikke greier å skru av, eller i verste fall seile videre inn i depresjon. Det er flere unge mødre i livet mitt for tida, og de er så ressurssterke og tilfredse alle sammen, og hver gang jeg ser hvor flinke de er til å være mamma tenker jeg 1) “hvis de kan så kan sikkert jeg og”, og 2) “… men de har ikke angst”. Hvis du føler du kan dele noe om disse tingene vil jeg sette veldig pris på det, men som sagt, no pressure <3
– Dette har eg faktisk skrive eit eige innlegg om, som du kan lesa her!

 

Pop the question

Untitled

Me er forkjøla, heile familien! Og me syns veldig synd i oss sjølv og kvarandre, lagar smoothies med all ingefær eg kan oppdriva og masse sitron, drikk vatn som om det var ein konkurranse. Vil bli frisk NO! I mellomtiden tenkte eg at me kunne køyra spørsmålsrunde JAAA hurraaa!! – entusiasmen eg leitar etter! Har ikkje hatt spørsmål og svar her sidan før Saga vart født, og det er jo eit halvt liv sidan. Så spør gjerne, om jobb om kjærleik om S om fødsel om huset om Sogn om reising om kva som helst, så skal eg svara mitt aller beste.
We are all feeling under the weather! And feeling very sorry for ourselves and eachother. I’m making smoothies with all the ginger I can find and lots of lemon, drinking water like it’s a competition. I want to get better NOW! In the meantime I thought we could do a questions and answers type thing YAYY hurray! – the enthusiasm I’m looking for! I haven’t had a Q+A here since before Saga was born, which is half a life ago. So ask me things, about work about love about S about labour about the house about Norway about travelling about anything, I’ll do my very best to answer.