Ein tysdag som i gamle dagar


På tysdag tok eg bilder som i gamle dagar, altså av dagen min. Det er jo ein ting eg har gløymt å gjera dei siste par åra, og reist inn i skalet mitt litt og litt. Men livet mitt ser så annleis ut no. Meir røtter og finare. Men meir støvsuging og klesvasking óg. Det første bildet tok eg etter Saga hadde reist i barnehagen og eg har eit par ting å sei om dette: plommesyltetøyet vårt er heilt utruleg, me har talent for det. Og: ein kan ikkje eta havregraut utan crunch. Eg har rista mandelflak på eit norgesglas og det er alfa omega! Tenk at for typ tre-fire år sidan hadde eg FOBI for havregraut.


Eg hadde Edda-dag! Jostein og eg deler permisjon 50/50 no, og denne dagen var min. Etter at Jostein og Saga hadde reist for dagen så sat me i sofaen og kosa i ein time. Tiden berre rann forbi medan eg sat der med babyen min i armane mine og kosa. Amma litt, tulla litt, kosa litt. Verdt så mykje.


Eg kan aldri tilgi ho for at ho fekk slike augevipper som søstra mi har som eg aldri fekk.


Så var det ut! Dette er vårt vinter-kit: lue frå Lillelam, dress frå Engel og ein sånn ullpose. Me pakkar armane hennar inn i posen så søv ho i mange timar fordi ho ikkje får bevegd seg. Veldig bra triks.


Me har ikkje så verst utsikt her på garden. Dette første huset er huset vårt. Det er vetlastova (spisestove) til høgre, kjøken til venstre. Bad i påbygget til venstre. Soverommet vårt oppe.


Då eg kom inn att laga eg ein kardemommekaffi! Då lagar eg vanlig moccamaster men med kardemomme i. Og denne utrulege kardemommen har eg bestilt på internettet.


Også tok eg kjøkenet frå dette.


Til dette. Og rydda og vaska som ein gal person. Prøver alt eg kan no, å ikkje jobba på dei dagane eg har permisjon. Fordi eg treng det og eg treng å ikkje bli frustrert når Edda vaknar “for tidlig”.


SOLA! Skreik eg til Jostein, som var innom i huset ein tur. Me har berre hatt sola tilbake i ei veke, det er heilt magisk.


Solfjeset.


Edda vakna og fekk lunsj! Den jenta, ho et som ein hest. I dag åt ho pannekaker med oss, ho er ikkje eingong åtte månader. Me skal på kontroll med ho neste veke, er nokså nysjerrig på kor tung og lang ho er!


Jostein tok med seg Edda i bilen og reiste ned for å henta Saga. Det er ein så deilig halvtime. Då er eg heilt åleine. Eg starta på middagen, som var denne risottoen, og søtpotetene såg ut som kakaobønner!


Så kom Saga heim. Det er eit høgdepunkt på dagen. Er framleis så forvirra av at ho er vekke frå meg fem timar for dagen. Det er så mange timar. Så når ho kjem springande mot meg i gangen så føler eg meg liksom komplett igjen.


Så kosa me og åt middag og såg barne-tv og gjorde greia. Som kvar dag, liksom. Og kameraet fekk ligga på hylla. Men det var fint å få dela kvardagen litt, i alle fall.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *