Den usynlige mammaen

Det er ein månad sidan Edda og eg har havna i eit bilde saman. Eg innsåg dette då eg såg eit bilde av Saga og meg då ho var på den alderen, og eit bilde til, og eit bilde til. Ei tung kjensle av at Edda skal bla seg gjennom familiealbum og leita etter seg sjølv. Etter bilder som viser korleis eg og ho hadde det saman, korleis me hadde det som familie då ho var liten.

Eg er jo den som tar bildene. Det er mitt blikk, mi linse. Og likevel er eg usynlig der. Så ofte konsentrerer eg meg om å få det finaste bildet heller enn eit bilde ein kan hugsa ting rundt. Zooma ut, på alle måtar.

Med Saga har eg bilder av alt, til og med bilder der eg var så trøytt at eg nesten ikkje kunne stå og likevel tok bildet. Bilder der eg amma, laga mat, var på veg ein plass. Eit bilde der ho er pottesur i verdens søtaste antrekk som eg ler av kvar gong eg ser det. Og det er jo noko anna, å få ei lillesøster. Dagane rullar på på ein annan måte. Me har dobbelt så mange ungar! Eg minnar meg sjølv på det óg. Men eg får ikkje bli usynlig likevel.

Så det blir mitt februarforsett. Å vera synlig. Å be andre om å ta bilder av oss. Så kanskje ho kan tenka om tjue år at februar 2019, det ser ut til å ha vore ein sabla fin månad for oss.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Koselig innlegg, merker det samme selv og jeg har ikke barn engang. Er ikke så god på selfies, hehe! Har du et tips til hvor man får kjøpt korte cardigans til å ha over kjoler? Ser ut som du har på deg en sånn jeg er på jakt etter på det ene bildet. De som er vanlig lengde ser ikke så bra ut når man vanligvis har kjoler som går inn litt høyt i livet!

    • Boden.co.uk har dei perfekte midjelange cardigans! Eg har den samme modellen i bomull og kasjmir, begge to er vidunderlige. Og dei finst i mange fargar. :) Ellers, dei som er med perler på osv, dei er vintage. Så eg ville sjekka på typ etsy eller i vintagebutikkar om du er i ein by der sånne finst!

      • Supert, tusen takk for tips! Hadde ikke tenkt tanken på Etsy, men der var det mye fint ser jeg. Har sjekket vintagebutikker men tror man skal ha mye flaks for å finne en som er i riktig størrelse og kort i livet, og riktig farge! Boden hadde mange perfekte ser jeg ja, fantastisk at de både har bomull og ull! Hvordan synes du Boden er i størrelsene, er de vanlige eller små/store?

  • I’m usually the one behind the lens as well. I have so many lovely pictures of my friends, but when I was going through my photos and looking for photos of me with friends to print out and put up on my wall at home, I could hardly find any! Making it a goal to get more pictures of yourself with your loved ones is a good idea :) Wishing you all the best! -Audrey | Brunch at Audrey’s