Min første baby

Saga har byrja å skrelle klementinene sine sjølv. Jostein og eg såg på kvarandre i sjokk for nokre dagar sidan då ho sat ved eit bord, utan noko fanfare, og skrella ei klementin som om det var ingenting.

Når skjedde det? Og når vart håret hennar så langt i nakken, forresten? Og når vart den pysjen for liten? Og kvifor kan ho å sei ordet youtube? Og kvifor kan ho å synga den Baby Shark-sangen som eg berre har oppfatta i periferien at den finst? Og kven har lært ho å perla perler på ei snor med sylskarp presisjon?

Det var jo nettopp. At ho leita etter brystet mellom oss i senga, i mørket, gjennom natta. Den vesle munnen som kastar seg imot skeia med babygraut, eg har vispa ut absolutt alle klumpar. Tommelfinger og peikefinger som øver seg på å plukka opp brødbitar og bananbitar, bananbitane er glatte og sklir på golvet, eg bryr meg ikkje med å plukka dei opp, eg orkar ikkje, eg er for trøytt, men eg veit at eg skal komma til å trampa i dei seinare.

Det var jo berre for ein augneblink sidan at eg sat på eit hotellrom i Bergen og gret fordi eg trudde me var ferdige med å amma, ho var ni månader gamal og nekta å eta. Det var jo berre nettopp at eg gav ho ein grautpose kvar einaste morgon for å få sova ein halvtime ekstra medan ho kosa seg gjennom den.

Og no. Ho er så stor. Held glaset og drikk med begge hendene. Et ei grillpølse i store jafs. Dekkar på bordet med rett bestikk til alle tre før middag. Legg fata i oppvaskmaskina etterpå. Matar veslesøster si med den same grauten ho sjølv pleidde å eta. Heng opp dressen sin på knaggen og legg støvlane sine i korga. Minnar oss på ting me har gløymt.

Og skrellar klementinene sjølv. Det er nesten ikkje til å tru. Eg blir panisk, prøver å hugsa sist gong eg filma ho, ansvaret av å foredla barndommen ligg så tungt på meg av og til.

Heldigvis at ho spør meg, klokka halv seks om morgonen, «er det plass i senga di, mamma?» og kryp opp på armen min. Også seier ho «du må sei at eg er den første babyen din» og då smeltar eg av kor mykje ho framleis skal trenga oss, sjølv om ho lærer så mykje kvar dag.

Så da seier eg det. «Du er den første babyen min». Og snusar ho i hovudbotnen, og minnar meg sjølv på at dette. Dette er faktisk barndommen hennar.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *