Sju

I dag er Edda sju månader. Hjelp! Tiden går for fort! Denne vesle snørrklumpen der er mi finaste veslesøsterjente. Og ho kjem alltid til å vera ein så spesiell unge for meg. Det trur ein jo ikkje etter å ha fått sinn første unge, at det skal kunna komma ein til som kan matcha det båndet. Men hjartet bygger nye rom, det er så fint. Og ungane er spesielle på heilt sine eigne måtar.

I dag har Edda vore på møte i to timar, trilla gjennom snøstorm og ete heimelaga fiskebollar til middag. Med meg og Jostein da, såklart. Ein ganske måndagsvibbete sjumånadersdag, altså.

Her er forresten Saga då ho var sju månader (under her!). Syns dei er så ulike? Føler at Jostein og eg har fått kvar vår jente, Edda er så lik på mi slekt og Saga blir meir og meir lik han for kvar dag som går. Ho fekk seg ski til jul, og nytta høvet i dag då det var snø til å gå litt rundt på garden. I helga skal me på hytta og då skal me stå på ski begge to. Kryss fingrane for meg, det kjem eg til å trenga. MVH neverski1990.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • I påska i fjor gikk jeg på ski for første gang på 10 år! Jeg overlevde, og syns til og med det var gøy. Du kommer til å kose deg!

  • Jentene deres er såå skjønne! :-) Lykke til på ski! Jeg kjøpte et nytt par i fjor (etter typ 10 års skiopphold), og alt går så mye bedre med sjokolade i sekken og maaange pauser. :-D

  • What?? Spiser ho allerede melkeprodukter?? (aka fiskebollesaus?) Lurer på om vi er altfor kjedelige med vår 7 og en halv månederbaby; her går det mest i søtpotetpuré, blomkålpuré, såvidtkokt eggeplomme osv🧐 Del gjerne deres mat-tips!

    • Haha! Ja, ho et litt mjølkeprodukt om det er det me et til middag. Utanom tinga som er direkte farlige for ho å eta (for mykje salt, honning osv) så gir me ho den maten me et! Min filosofi er at magen hennar seier ifrå når det er ting ho ikkje toler, og ho er ganske hardbarka (ho har arva min mage som toler mykje, medan Saga var meir ømfintlig frå starten). Passar på mjølkemengd pga jernopptaket, så ho får ikkje det kvar dag. Men i går fekk ho litt yoghurt med havregryn som mellommåltid, også fekk ho risotto med oss til middag, med litt smør oppi. Med Saga venta me lenger, men no sit me jo tre personar ved bordet og ho blir grådig fornærma om ho ikkje får bli med!

      Høyrest kanskje litt invertert ut, men eg ser på dei middagsglasa og matposane som er på butikken og tolkar utifrå dei kva som liksom er “ok” å gi ein unge i hennar aldersgruppe. På 6+ mnd er det jo ganske mykje spennande greier der! Så når me lagar middag tek me av litt av det me skal eta før me saltar, også får ho det. På søndag laga Jostein ein ragu med indrefilet som han steikte i tre timar i tomater og lauk og kvitlauk og urter og greier, med heimelaga pasta til. Eg blitza med stavmikser og det var typ det beste ho har ete i heile sitt liv.