Scones og litt lett eksistensialisme

Hei, fine dykk. Korleis har de det? Eg har starta året med å bli sjuk, men det er ålreit óg igrunn. I dag har eg ansatt nokon som skal hjelpa meg i butikken i år, og skrive ei lang liste over produkt eg vil utvikla i år. Det føles bra. Ambisiøst og skummelt og bra. Sånt som ein kan driva med når kroppen ikkje klarar noko men hovudet er as skarpt as ever (ehe). Akkurat no driv me sovetrening med Edda, eg sit her med kjeven så spent som ein pianostreng. Det er hardt, men det funkar. Me er på dag to og allereie er det så mykje betre.

Men eg drøymer meg bort til andre juledag, då Saga og eg laga sjukt gode og kjappe scones. Så sat me rundt bordet, me tre, den originale familien, medan veslesøster sov i vogna si, me tente eit lys og åt varme deilige scones og prata om livet. Så herleg at livet veks og blir større med dei samme ingrediensane, den einaste skilnaden er tid. I byrjinga av 2018 var ho så lita og kunne så få ord og hadde kort hår som byrja å krølla seg i nakken. Og no pratar ho i lange komplekse setningar og har hestehale og hugsar nøyaktig alt og passar på at Jostein og eg dekker av bordet etter middagen (litt pinlig, eller?).

Men uansett. Scones. Det var det eg kom hit for å snakka om (og medan eg har skrive denne oppskrifta har Edda sovna, heldigvis). Her kjem oppskrifta:

 

SCONES
8 stk / 2-3 personar

4 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
ei klype salt
50 g godt, kaldt smør
2 dl mjølk

Skru ovnen på 250 grader, og kle eit bakebrett med bakepapir. Bland dei tørre ingrediensane, og ha oppi smøret. Bruk fingrane til å pressa smøret inn i blandingen, til du har ei sandete blanding. Ha oppi mjølka og bland alt saman fort, ikkje bland for mykje. Deigen skal vera klissete. Ha litt mjøl på hendene og lag til 8 nokonlunde like deigar på bakebrettet. Steik midt i omnen i 12-14 minutt. Serveringsforslag: Brie og jordbærsyltetøy. Honning og grovkverna svartpepar. Honning og vellagra ost (gjerne cheddar). Lemon curd.

Share:

13 Comments

  1. Ragnhild
    08:56, 03 Jan 2019 / 08:56

    Så herleg stemning og nydelege bilete – tenk å få spara på så fine minner frå barndommen sjølv om ho er for liten til å hugse dei 💛 God bedring ✨

    • Mariell
      Author
      14:00, 03 Jan 2019 / 14:00

      Tusen takk, Ragnhild!

  2. Mari
    11:12, 03 Jan 2019 / 11:12

    Nå ble jeg inspirert til å bake scones i helgen! Òg til jul i år fikk jeg mine første tallerkner fra Royal Copenhagen, med stjerneriflet jul som motiv. Gleder meg til å lage mange juleminner med dem!

    • Mariell
      Author
      14:00, 03 Jan 2019 / 14:00

      Åh, grattis! Eg er så glad for at me gjekk for det juleserviset. Det føles så fint å ha nokre sånne rituale som startar julestemninga litt og litt. :)

  3. 12:48, 03 Jan 2019 / 12:48

    Så nydelig inspo, med scones og fine tanker. Saga ser så sjukt søt ut på disse bildene. Eg har ei jente som er et par måneder yngre, det er en sånn fin og herlig alder, det må nytes og foreviges både i minnet og sjel. Kos dere <3

    • Mariell
      Author
      14:00, 03 Jan 2019 / 14:00

      Ja, ho er heldigvis ikkje lei meg og kameraet mitt enda! Må passa på å filma ho mykje óg og alle dei fine rare tinga ho seier.

  4. Karoline
    13:06, 03 Jan 2019 / 13:06

    Eg blir alltid like oppmuntra av dine blogginnlegg :) Så glad på dine vegne for at du har lært deg å slappe meir av. Det hjelper nok grådig på i kvardagen med 2 små. Eg vart nyfiken på sovetreninga. Kass metode mon tru? Eg har ein liten, og ventar ein til. Derfor litt over gjennomsnittleg interessert i slikt. Håpar det går bra. Slit sjølv med at mini vaknar fleire gongar for natta :/ Gjeeesp

    • Mariell
      Author
      14:09, 03 Jan 2019 / 14:09

      Tusen takk! Eg passar meg litt for å gå for tungt inn i det, for me gjer det nokså kontroversielt. Me køyrer ein variant av crying it out-metoden, der me er inne ein gong kvart femtende minutt og trøystar og stryk, men plukkar ikkje opp. Første kvelden tok det ein time, me var inne fire gonger til ho. I går, på dag to, tok det 22 minutt. Begge nettene har ho sove heile natta i si eiga seng på vårt rom (frå klokka 22/21 til 06, så amma i vår seng og sove der nokre timar til). I vår erfaring med Saga (der me gjorde det i same alder, faktisk litt yngre) er det så effektivt (men det er brutalt i starten, og viktig at ein er 100% sikker før ein startar). No er ho to og eit halvt år og når ho vaknar om natta (for det gjer ho) så treng ho som oftast ikkje oss for å få sova igjen. Ho drikk litt vatn, pillar seg litt i nasen og legg seg til å sova igjen. Men eg vil anbefala å gjera eigen research, altså. Eg er ingen autoritet på dette, har jo berre to ungar. Det viktigaste er nok berre å velga ein metode/plan også vera heilt sikker og køyra løpet ut. Det er nok hardt uansett, men så blir det bedre! Om du har fleire spørsmål svarer eg gjerne! <3 Lykke til med søvnen og den lille!

      • Karoline
        10:19, 04 Jan 2019 / 10:19

        Takk for fint svar :) Haha, synes eg ser Saga der ho ligg og piller seg i nasa midt på natt før ho snur seg og søv vidare :D Kom gjerne med oppdatering på korleis det går vidare med Edda :) Ps: Eg seier av og til til sonen min at no skal vi på “Putikken” på tull, og trur det stammar frå bloggen din for lenge sidan :)

    • Mariell
      Author
      14:09, 03 Jan 2019 / 14:09

      Åhåhå! Det såg godt ut!! Svarte Karoline litt over her, om sovetrening. <3

  5. Mari
    18:42, 03 Jan 2019 / 18:42

    Så fint! Bildene, det å skape barndomsminner, alt. Forøvrig litt misunnelig på sovetreningen. Vi har en liten en som er født et par dager før Edda (vår første!). Hadde begynt søvntrening ala det samme dere gjør (ut fra hva jeg kan lese over, bare med 5, 10, 15 intervalle) for ca en måned siden. Men vi bor i gammel oslo-bygård som ikke er superbra isolert, og mistet helt motet etter at naboen under oss begynte å banke i gulvet vårt under et av intervallene våre om natten.. Som om søvntrening ikke kan være utfordrende nok i utgangspunktet :’D I slike tilfeller skulle man gjerne hatt en enebolig litt unna folk. Håper vi snart finner selvtillitten til å prøve på nytt! Han våkner fortsatt om natten, men det holder som regel å gi han smokken, og så sover han videre. Så litt bedre ble det jo. Vel! Takk for at du deler!

  6. Oda
    22:02, 03 Jan 2019 / 22:02

    God bedring :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *