Bonjour 2019!

2018 var eit ekstremår for oss. Det var eit hardt halvår fram til sommaren, også vart det hardt på andre måtar. Men å føda Edda var verkeleg det finaste som skjedde i år. Såklart. Men óg fordi eg fram til det hadde det så innmari tøft i kroppen og i hovudet. Og å vera trøytt og vera støl og sår og alt det som kjem etter ein fødsel, var liksom ingenting i forhold til graviditeten. Og eg hadde aldri turt å tru at det skulle bli så bra, då eg stod der i byrjinga av 2018 og mest berre ville vera åleine. Og mest var åleine óg. Eg trakk meg inn i skalet mitt der eg fekk passa på meg sjølv og ikkje slapp nokon inn. Om kvelden låg eg på varmekablane på badegolvet fordi eg a) hadde så vondt i bekkenet og b) ikkje orka å vera rundt noko anna menneske. Eg gjekk heime åleine med Saga, medan Jostein jobba sitt livs viktigaste jobb med teaterstykket Gjesmearkivet, og berre gjentok mantraet “halv fem, halv fem, halv fem” for då kom svigerforeldrene mine heim og kunne ta over omsorgen av Saga.

Derfor føles det som ei så enorm gåve å få reisa ut av dette året med mindre stress, ingen smerter, meir kjærleik i livet og ein inspirasjon i heile meg. Eg har hatt den finaste jula nokonsinne, det er noko mystisk som har skjedd med meg i år: eg har lært meg å slappa av. Og eg har lært meg at jul ikkje er denne opphøgde magiske greia som eg har bygd det opp til heile livet og ønska at det skulle vera (også alltid vore skuffa, alltid hatt ein verk i brystet). Eller kanskje enda bedre: kanskje treng eg ikkje lenger at det er perfekt, at det er det siste håpet for året og dermed blir så panisk emosjonelt. Og dermed fekk det vera det det er; mange dagar på rad med fri frå jobb saman med dei viktigaste folka i livet, god mat, god vin og tid til å synka inn i stunda. Det har gjort meg så godt at me tek nokre dagar til med nissebøker og god mat og juleserviset og familie og duplo og juletre og ro.

Også, 2019. Då skal du få sjå kva eg har på lager.

Tusen takk for enda eit nydeleg år, for at de støttar opp om meg og familien min, og ikkje minst om Fredag. Det betyr alt. Alt, alt, alt.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *