Hei, desember!

Første desember. Berre å sei det får meg til å vibrera av alt det fine som ligg framfor meg. Noko som er så fint med å bli vaksen er at advent og romjul trumfar julaftan alle gonger. Også at det er så utruleg kjekt å GI gåver, eg kosar meg sånn med å laga lister og kryssa av (making a list and checking it twice, om du vil). Spesielt når eg no byrjar i oktober og sprer pengane mine litt. I år har eg kjøpt dei fleste gåvene lokalt, håndlaga, brukt eller smått. Føles så innmari godt, og ein gøyare måte å shoppa på óg. Nokre får såklart gåver frå min eigen butikk og det føles nesten som juks!

I dag tidlig fekk Saga opna si første kalendergåve i livet. Det var ei digg barnehagebukse frå Nøstebarn som ho trong og vart så kry for. Også krangla me når ho prøvde å dra ned fleire pakkar også sa me unnskyld. Toåringar som seier unnskyld er ganske så søtt, spør du meg. “Unnskyld mamma, eg sa uuunnskyyyyld mamma, sooorryyyy mammaaaa”

Eg har det ordentlig bra no, har så mykje ro og glede. I fjor desember var eg så kvalm og avstumpa og redd av å vera gravid, det er så fjernt no som Edda er her hjå oss på den mest sjølvsagte måten. Min perfekte andrebaby. Føler at eg verkeleg har fått landa i tobarnsmammarolla og i butikksjefrolla. Kan ha ei samanhang med at Edda har sove si første natt i eiga seng denne veka, det takkar eg ikkje nei til at ho kan gjera ein gang iblandt (vanligvis ligg ho på armen min). Akkurat no er eg i butikken, eg spelar deilig musikk og pakkar bestillingar. November var ein heilt utruleg månad for butikken, eg har hatt det så gøy og jobba så mykje. Og no er eg kampklar for desember.

Desember. Så fin månad.

I desember vil eg:

  • Baka meir med safran (eg har tjuvstarta allereie men kjøpte digg safran i London så eg er klar for denne sesongen!)
  • Gå på adventskos i barnehagen med heimebakte kjeks og sjokoladebollar
  • Henta Saga tidlig om eg føler for det
  • Laga takkekort frå dåpen til Edda og senda ut til dei som ho fekk fine gåver ifrå. Fredrik sin inskripsjon i boka ho fekk (Edda, den nye utgåva frå Samlaget) får meg nesten til å grina berre eg tenkjer på det
  • Sy hårstrikkar til butikken av alt det fine Liberty-stoffet som eg kjøpte i London
  • Drikka gløgg ad nauseum! Eplegløgg, raudvinsgløgg, vanlig kjedeleg gløgg. GLØGG.
  • Laga kransar til dørene våre av bjørkekvistar og tørka eukalyptus og tistlar som eg har på lur. Og eit silkebånd, kanskje?
  • Invitera fine folk på lavterskelmiddag på ein kvardag
  • Jobba jernet på det store prosjektet som Jostein og eg har innspurt på
  • Feira Henjatunet-boka som eg har fotografert og hatt design på!
  • Synga alle julesongar så dei sit som fjellstøypt til jul
  • Laga bananbrød så eg kan rista skiver av det og eta med espressomascarpone som på Pom og Flora
  • Kjøpa perler på finn.no og perla armbånd med Saga (ein bør kjøpa alt sånt på finn.no!)
  • Laga fuglemat av frø og feitt og henga opp på garden.
  • Kjøpa fleire lyslenker så det blir optimalt koseleg å køyra inn i tunet når det no er som mørkast.
  • Laga nellikappelsiner med Saga
  • Sjå Amalies Jul og Jul i Skomakergata
  • Legga adventsduk på bordet
  • Drikka den flaska med champagne som ligg i kjøleskåpet
  • Gjera om på heile spisskammerset vårt, som per dags dato ikkje fungerer. Trur eg har kjøpt løysinga på Ikea!
  • Læra meg å laga Sarah Bernard
  • Laga bøtter og spann med heimelaga frukostblanding som kan setta gullkant på kvardagar (slike er det jo óg i desember)
  • Bruka den eine frihelga eg har i desember på alt som er koseleg og julete
  • Laga julegåver ein kan eta og gi til små og store venner her i Lærdal
  • Legga inn ei herleg bestilling hjå Vinmonopolet i god tid før jul
  • Laga koselege gåveguidar for Fredag

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Blir så gla av å lese bloggen din og av instagram-bildene dine! sjukt dreamy liv fra mitt ståsted. Ha en kjempefin adventstid!

  • Jeg ga bort alle perlene (brett og alt!) fra barndomshjemmet mitt på finn tidligere i år. Gjett om jeg var glad da det viste seg at det var en hyggelig bestemor som skulle ha dem til barnebarnsbesøk! Elsker å gi bort ting på finn, det er fint å vite at det kan glede noen andre.

  • Tusen takk for det koseligste innlegget, som ga meg juleglede, en følelse av varme, og en liten dose ro her midt i eksamenskjaset. Du er så god! Ønsker deg og familien din en herlig førjulstid <3

  • Blir så glad hver gang det kommer nytt innlegg! Du skriver så fint, og estetikken på bildene er helt magisk. Kommer det nye varer på Fredag i løpet av desember? Tenkte å legge inn en bestilling nå, men venter hvis det er mer jeg burde få med meg, hihi

  • Så fin bucket list! Elsker at du deler om det som er fint og også det som ikke er så fint noen gang. Det viser virkelig fram hvordan man kan fokusere på det som gjør livet bra, selv om det ikke er perfekt alltid.
    Har nå fulgt med i nesten 10 år <3
    Stor klem!