Gode gåver

Gode gåver

Akkurat no sit eg i sofaen, Edda søv i fanget på ein sovande Jostein og Friends rullar forbi episode for episode på Netflix. No er det den der Rachel lagar dessert med kjøttdeig og erter. Så sjukt godt å berre å slappa heilt av ei lita stund no. I dag opna me butikk i Årdal! Det var enormt gøy, så mange fine folk innom! Og i morgon er ein ny dag!

Eg syns det er så godt å sjå at me er så mange små fine bedrifter som ikkje køyrer black friday, at me nektar å la oss sluka av det svarte holet. Så eg vil passa på å tipsa om nokre fine norske selskap der ein kan plukka opp julegåver til folk ein er glad i♥ 

Hald gjerne fram med å tipsa om andre norske nettbutikkar i kommentarfeltet, det er så fint med ein bank av slikt!

Lilli & Leopold

Fantastiske barneklede i merinoull, nettbutikk her.

Bakklandet blomster

Min enorme blomsterbutikk-crush i Trondheim som óg har nettbutikk. Eg har kjøpt eit par slike ringar til å laga blomsterkransar på i vinter! Mmm herleg.

Freywood

Så fine treprodukt at eg nesten kan lukta dei når eg ser på dei. Ahhh. Nettbutikk her.

Nora Brech

Norsk illustratør som selger prints i nettbutikken sin.

Studio Freckles

Linda lagar nydeleg keramikk på Studio Freckles. Eg har kjøpt ei slik ringskål i ei julegåve i år!

Petito

Eg handlar veldig mykje greier på Petito, føles så fint at det sit ei firbarnsmor på sørlandet og tek imot bestillinga mi. Nettbutikk her.

Fransk Bazar

Ein av mine favorittbutikkar i Oslo, elskar at dei óg har nettbutikk!

Skinkeape

MMmmm det er så digg med flinke norske illustratørar. Ønskar meg dette printet frå Skinkeape.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *