Fredagsbuketten

I går fekk eg ein bukett med blomar frå veslesyster mi, eukalyptus og nellik og bær (Marita på Blomsterbui her i Lærdal kjenner meg så vel). Så sjukt koseleg så det pirra i heile kroppen, ein blomsterbukett er så mykje meir enn berre stilkar i cellofan.

Den kjem til å setta gullkant på heile helga mi💗

No er eg i butikken, har sendt eit lass av møblar og varer til Årdal i dag. I neste veke opnar me, så spennande! Og no har eg fått inn sååå mykje meir varer som skal prisast og lagerførast. I morgon skal eg fotografera bryllaup, og det finaste er at det er bryllupet til Ragnhild og Pádhraic. Han teikna nyleg dei finaste plakatane for oss som me gler oss til å selga fram mot jul, de kan sjå dei her. 

På søndag fotograferer eg to sett med fine ungar, det er alltid så koseleg. Også, midt på søndagen, blir det HELG! Nokre timar med heilag fri før neste veka kjem og tek tak i oss ordentleg.

Håpar de har rofylte herlege førjulsveker. Snart er me der, tenk det. Med glitter og valnøtter og safran. Det skal bli saker, det.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Blir alltid lykkelig av å komme inn her og sjå at det er en ny post å lese og vakre bilder å kvile auga på. Ha ei finfin helg, gode deg<3

  • For en nydelig bukett! Og jeg elsker skimmia (den vinrøde med små “prikker”). Det er faktisk en av mine favorittjuleblomster, og jeg har hatt en vase stående på kjøkkenbordet i nesten to uker nå. De er så holdbare. Og så koselig at du fikk den buketten fra søsteren din. Da betyr den ekstra mye <3 Jeg håper du får en kjempefin helg (fra og med søndags ettermiddag). Hos oss er det rolig og thanksgivingkalkun som står på menyen. Og her har vi begynt å komme litt i julestemning. Snart er det klart for the most wonderful time of the year.