November

På fredag feira me fjorten år saman, me gløymte det begge to til klokka var tre på dagen. To born under to og eit halvt gjer det med hjernen. Men me kjøpte gåver begge to, og det er jo noko!

Me sov fire i senga vår lenge, lenge, me sov på tvers. All reisingen og jobbingen, stresset, pressa seg fram i sprekkane våre, me fekk to døtre som trong å sova tett i tett om natta, helst med armar og bein floka saman med mine. Tåka er på veg til å letta no. I helga hang me opp ei lysslynge over heile rommet til Saga, og no gler ho seg til å legga seg der. «Lysrommet mitt», seier ho. Også les me den nye favorittboka hennar, om Stormkvalen og Noi.

Ho har prikkar over heile kroppen, mi vesle store jente. Ho har vore heime frå barnehagen i to veker no med vannkoppar. Ingen feber, berre kløande raude prikkar og to foreldre som har nok jobb til å fylla dagane.

Så me jobbar når me kan, ser meir Daniel Tiger enn me vil innrømma, eg skriv tekstar til sosiale media og oppdaterer nettbutikken klokka to om natta. Eg har aldri lengta så mykje til jul før som eg gjer i år. Jostein og Saga øver på julesongar, ho kjem til å kunna dei alle før desember.

Eg har mailinnboksen full av brudepar og familiar som vil ha meg og kameraet mitt på besøk, og det er så innmari innmari fint. At me flytta heim har betydd at eg får gjera det eg er best på, så mykje meir. Å vera ein større prosent fotograf. Det føles rett i magen. Spesielt når eg har kundar som skjønnar greia. At eg ikkje er ein sånn fotograf som vil at ungar skal sitta stille på ein stol. At eg vil vera med og leika, bygga tillit, og at bildene blir til på vegen.

Om ni dagar opnar me pop-up-butikk i Årdal, heimbygda mi. Me har fått leiga butikklokalet i LO sitt hus (sjølvsagt har LO sitt eige hus i Årdal, Arbeiderpartiet-kommunen over dei alle), og dei har pussa opp så nydeleg til oss. Det skal prisast hundrevis av varer før den tid, køyrast møbler inn, me skal rigga oss til og alt skal følast rett. Me har til og med fått sponsa julebrus frå Lerum (the one and only julebrus!), det blir pepperkaker, det blir mykje sveitte under panneluggen. Det er jo litt sinnsjukt å ha to butikkar i denne travle perioden, det er det. Men det er SÅ GØY. Og det var jo dette me starta butikk for, for å kunna gjere slike ting som er heilt på kanten av det som er rimelig. Og at eg igjen skal få sjå eit rom gå fra fire veggar til ein plass der folk kan utforska og drøyma og tenka på folk dei er glad i, dét er óg sinnsjukt. Sinnsjukt gøy.

Eg håpar det skal gå bra i Årdal, at me skal selga så mykje varer at me står litt friare i det nye året til å finpussa Fredag og utvikla vidare. Eg veit så mykje meir no om kven kunden er, og kva som er praktisk for folk å få tak i på éin og same stad. Eg har ei liste med merker eg klør etter å ta inn, og mantraet mitt er «2019. 2019. 2019».

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Takk for et fint og ærlig innlegg! Har du noen tips for å takle stress og heftige perioder vil jeg gjerne lese dem :) eller tanker om saken generelt … livet var hektisk noen ganger før og, men de ordene fikk liksom ny betydning etter man fikk barn! og gratulerer med nytt design!

  • Det er bare så fint å følge med på hverdagen deres!! Kunne du tenke deg å skrive et nytt innlegg om det å drive butikk, utfordringer, det fine og det overraskende?

  • Hei! Det er så fint å lese bloggen din om dagen, bobler litt på innsiden fordi tåken er i ferd med å lett litt her også. Vi har en liten krabat som ble født 9. juni, så det har vært gøy å følge dere – særlig siden vi har vært nesten helt på likt. Han er vår første, og jeg vender stadig vekk tilbake til innlegget ditt om Saga og søvn (http://hjartesmil.com/2018/02/07/om-sovn-og-legging-og-den-slags-med-baby/). Det er mye du skriver som jeg selv skulle ønske jeg visste både pre og post baby. – f.eks. fordelene ved å lære baby å sovne på egenhånd, og det faktum at søvn er naturlig, men må læres. Disse tingene skulle jeg ønske at vi var mer klar over og bevisste på de første månedene. Som du kanskje da skjønner sliter vi litt med å få vår lille til å sove på egenhånd. Har lest opp og ned om CIO og lurer på om vi kommer til å gå for noe i den duren snart. Hadde du ønsket å fortelle litt om tidsintervallene dere belaget dere på, og om dere brukte en konkret “oppskrift”? Tar gjerne imot tips og råd! Og gjerne også tanker om hvordan deres erfaring som “spedbarnsforeldre for andre gang” har vært <3