Ting de vanligvis ikkje ser



Me har teke tre mus i huset den siste veka. Ein av oss går ned først for å sjekka fellene, så ikkje Saga skal snubla over daue dyr på veg til badet.

Det har vore så sprengkaldt at eg har drømt om å flytta til eit anna hus. Eg skrur opp ovnane, Jostein skrur dei ned att. Strømregninga blir trekt frå kontoen hass. Så istaden går me ilag og hentar ved, eg legg oppi bjørkeved når han ikkje ser det (det er den dyre veden, den som brenn lenge og godt).

Eg har fått varmepumpe i butikken. Og me har resirkulert papp. Sinnsjuke mengder papp. Og eg har ikkje eingong søppelavtale med kommunen. Så ein gong kanskje kvar tredje månad køyrer me eit lass med bos, eit bokstavleg lass, på dynga. 80 kroner kostar det.

Me passar hunden til svigers medan dei er i Italia, han er ein raring. Han vil ikkje eta og vil ikkje henta ball når dei er vekkreiste. Helst vil han ligga på varmekablane på badet eller i senga vår. Me har kjøpt kyllingfilet som me matar han og då et han.

Men no er det fredag. Eg er i butikken, det er travelt, det er godt, det er gøy. Eg pakkar bestillingar som ein gal, lagerfører som ein gal. No har me til og med toalett og kjøleskap her, eg har vore så kry når eg har handla eigen knekkebrødpakke, eige pålegg, oppvasksåpe, til kontoret.

Om eg orkar i kveld, skal eg pakka ut resten av kofferten frå turen til Bergen for to veker sidan. Hvis eg ikkje orkar skal eg fint klara å eta smågodt utan å tenka på den óg. Jostein og eg har éin episode att av Bodyguard på Netflix, og den har eg tenkt å sjå halvt bak ei pute. Og med mange episodar av Curb your enthusiasm som motvekt etterpå.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Hvis du får tid og lyst en gang, kunne du oppdatert listen med blogger du liker? Fler av dem fins ikke mer, er flyttet etc:( Bloggen din er så fin, og jeg vil ha mer av det samme, det som inspirerer deg! God helg til dere alle :)

  • Kulde og mus – det er det negative med gamle hus. Jeg husker en november for noen år siden. Da hørte jeg musene som tasset i skråtaket på soverommet mitt hos bestemor. Og selv om jeg liker mus godt nok til å snakke til de når jeg møter på de i garasjen eller ute, var jeg sannelig glad det var en vegg (eller tak) mellom oss da. Håper dere får tid til å gjøre akkurat det dere har mest lyst til i helga! Det er viktig å kose seg ;) God helg!

  • Elsker denne typen innlegg! Nesten så man føler seg litt spesiell og får komme backstage :)
    Og det bildet av veden ♡ Kunne hatt det på veggen, så fint lys og så mange forskjellige teksturer. Kan kjenne den deilige vedlukta helt opp til Nord-Norge :)

  • Hei Mariell! Kunne du tenke deg å skrive et sånt «ting-jeg-ikke-visste-før-jeg-ble-mamma»-innlegg en gang? ❤️ Hadde vært så koselig å lese!

  • Eg kjenner meg slik att, så det gjer meg reint glad å lese slike innlegg. For alle vi lever ikkje i hypermoderne hus, sjølv om vi er unge vaksne med småungar. Og dette veit eg jo, men å faktisk lese det er likevel fint. Vi bur i eit gammalt gardshus. Etter kvart må vi gjere ein del oppgraderingar, men ein har ikkje pengar til alt. Og sånn er livet. Vi gjer litt om gongen. Og så frys vi litt heile tida, og høyrer på musene som spring rundt på loft og inni veggane. Likevel er livet så bra. Tenke seg til.