Haustgal

I helga som var hadde me marknadshelg i butikken. Me hadde bortimot 200 personar innom for å sjå Fredrik sin fire timar lange performance i andre etasje (der me no endeleg har vatn og straum og eit reint kontorrom!!), og så mange gode treff og samtalar med kundar. Det kan vera så frustrerande å driva butikk i ei lita bygd, men sånne dagar gir meg håp og pepp.

This weekend we had a market on in the shop and in the town. We had close to 200 people stop by for Fredrik’s performance (four hours long), and had so many lovely conversations with our customers. It’s really hard sometimes running a shop in a small town, but days like these give me hope.

Saga var så haustleg og tøysete, eg og ho gjekk åleine på loppemarknad også fekk eg ta bilder. Sånne bilder gir meg så mykje fotopepp. Eg er så glad for den evna eg har jobba meg opp, etter mange år som fotograf, å få born til å slappa av og ha det gøy når eg fotograferer dei. Då er det det gøyaste å fotografera ungar!

Me fekk besøk i butikken av ei av hennar beste venner frå barnehagen, og dei dansa til musikken i Fredrik sin performance. På berre eit par månader med barnehageunge har livet radikalt endra seg. Det har opna seg opp og plutseleg kjenner me så mange nye fjes.

Saga was so autumnal and goofy, she and I went to a flea market alone and then I took some photos of here. Photos like these get me really excited about photography. I love being able to get kids to relax and play, it makes it so much fun.

We were visited by one of her best friends from nursery in the shop, and they danced to the music of Fredrik’s performance. In only a few months we know so many more people in this town, it’s a new era.

Eg hadde lynfotografering som eit marknadstilbod, femten minutt per avtale! Eg fekk blant anna fotografere denne vesle, som hadde DET FINASTE åsynet. Eit fjes som opna seg i eit smil så snart ho fekk augekontakt. Så sjukt fint. Og tenk for ein timing me fekk med den buska rett bak butikklokalet, ein kan jo ikkje planlegga ein bedre backdrop.

I had a flash photo offer, fifteen minutes per appointment! I got to photograph this cutie that just was SO HAPPY. And I couldn’t have asked for a better timing with this bush behind my shop, you can’t plan for a better backdrop.

Det var ikkje berre marknadshelg heller, me var óg heime. Saga og bestefar køyrte eit lass med kompost ned mot elva, og me åt kyllingegg frå naboen som var så søte og små. Elskverdige egg. Også hadde me ein sein nydeleg kveld med Fredrik der me smelta ihop i samtalar om fortid og framtid som me alltid gjer.

Også prata me om Lovleg såklart som føles som om Kjersti (som me gjekk på Firda med og som har skapt serien) har skrive den om oss. Det har ho ikkje såklart, men kjensla er så himla spot on. Og det føles så weird å sjå seg sjølv på TV. I rom der eg sjølv har vore så full og messy. Dette er frå hybelhuset. Baby-Jostein med ein knust Kræsj Pink i hybelhuset. Oda og Fredrik sin bar, i hybelhuset. Utsikta frå min eigen hybel. Og å sjå ein skuleplass der eg har gått til og frå timar og ein gong sparka Jostein på leggen så han datt i bakken, fordi han ikkje ville reisa til Roma med meg.

It wasn’t just business and outings though, we spent some time at home too. Saga and her grandfather took some compost in the wheelbarrow, we had chicken eggs from our neighbor that were tiny and loveable. And we spent a late amazing evening with Fredrik where we melted together our pasts and futures as we always do.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *