Torsk og katastrofetankar

{Stripegjengen i går, stripegjengen 4ever}
{BTS av den største fotoshooten i forrige veke, med ni modellar. Edda sov for det meste på stavkyrkjesenteret.}
{Ein svær iskaffi og dei siste sidene av ei eksellent bok.}
{På runden rundt garden i går ettermiddag. Bestefar min! seier ho også kastar ho seg i armane hans.}
{Heimebakte skulebollar til alle}

Livet består mest av kvardagar akkurat no. Ein toårskontroll her og ein torskemiddag der. Me har ei kasse med Discovery-epler ståande og dei luktar så sjukt godt. Eg et kanskje tre-fire epler for dagen. Me har starta ein liten middagsklubb med foreldrene til Jostein, i dag skal dei få søtpotetrisotto når dei kjem heim frå jobb. Barnehagen går bra no, i går var det ingen tårer hjå ungen men desto meir hjå meg. Hjartet mitt føles fem kilo lettare.

I dag fyrer me i omnen for første gong denne hausten, første gong i Edda sitt liv. Og eg elskar verkeleg lukta og den spesielle kjensla av varme i huset. Jostein som hentar ved og står opp før oss andre for å fyra. Syns det er så himla romantisk og fin-pappa, liksom.

I går kom Saga heim frå barnehagen i Edda si strikkajakke. Det er det morsommaste som har skjedd. Anten Jostein eller eg har altså pakka ned ei strikkajakke i storleik 1 år, og når Saga vart blaut eller noko så var det det dei hadde å skifta på ho. Den var så himla kort i armane og i midja, såg ut som ein bolero.

Eg elskar den kjensla av kvardag, og veit de kvifor? Fordi det første nesten året av Saga sitt liv føltes som unntakstilstand. Eg var heile tiden på kanten av stolen, klar til å spretta opp og byssa/mata/trøsta. Det er så godt å kjenna for ein skilnad det er når eg har fått tatt tiden til hjelp og dessutan gjort dette ein gong før. Istadenfor å skulla skyndta meg å jobba når Edda søv, legg eg meg for å sova eg óg. Føles så himla bra, og då føles det 100% rett at Saga er i barnehagen. For no er det Edda sin tur til å sova i armhola mi.

Forrige veke var det ikkje kvardag, dog. Ei rekke av tilfeldigheiter førte til at eg hadde fire fotograferingar i forrige veke. Og eg la meg om kvelden og hadde katastrofetankar og var redd alle lydar i huset. Så no må eg passa på meg sjølv og ikkje la meg sjølv jobba sjølv om eg elskar det. For det er ikkje det denne tiden er til for.

I dag har eg meldt meg som blodgiver, no som eg har født to ungar har eg verkeleg fått jobba litt med sjukehusfrykten min og eg er ikkje redd for nåler. Så no, folkens! Ta alt blodet de vil ha!

Og eg må berre passa på å sei tusen takk for alle kommentarane i mitt forrige innlegg, eg føler meg SÅ nær dykk og det er ei heilt himmelsk kjensle.

Life is mostly everyday normal now. A two year checkup, cod for dinner. We have a case of discovery apples and they smell heavenly, I eat about three or four a day. We’ve started a little dinner club with Jostein’s parents, today I’m making sweet potato risotto for when they come home from work. Nursery is going well now, yesterday there were no tears on her part and more on mine. My heart feels about five kilos lighter.

We have lit a fire in the woodburner for the first time this autumn today, for the first time in Edda’s existence. I love the smell and the unique warmth that comes with it. Jostein goes out to get the wood and gets up before the rest of us to make the house warm. So romantic, such a cute dad.

I love this feeling of the everyday, do you know why? Because for almost Saga’s entire first year felt like I was on red alert all the time, ready to jump up and rock/feed/comfort. It’s so nice to feel what a difference a year can make, and also that I’ve done this before. Instead of hurrying to get stuff done while she is asleep, I lie down for a nap myself too. It feels so nice, and at those times it really feels 100% right that Saga is in nursery now. Because it’s Edda’s turn.

Last week was not everyday. A series of coincidences made me have four photography jobs last week. And I lay in bed at night with horrible thoughts and anxiety, scared of every single noise in the house. So I have to take better care of myself, and not let myself work even though I love working. Because that’s not what this time is about.

I’ve signed up to be a blood donor today. Now that I have given birth to two kids I’ve really worked with my fear of hospitals and I’m not scared of needles. So, just take all the blood you want now!

I had so many lovely comments on my latest post (which there was never going to be time enough for me to translate). But I feel very close to this blog and the people who read it right now, and that is a really nice feeling.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Life has its ebbs and flows! The quiet moments we cherish and relish with our loved ones, and the more chaotic moments challenge us to support one another and grow together. You have a lovely family with so many people taking care of each other; you deserve to take care of yourself too! You’re doing great! -Audrey | Brunch at Audrey’s

  • Så fint å lese om hverdagen deres ?

    Min lille familie reiser til London om en måned og lurte på om du har noen gode londontips med barn? Og hvordan er det med barnevogn i London? Og amming? Er offentlig amming OK? ??‍♀️

  • Fine stripegjengen ;) Jeg har selv blitt veldig glad i striper i løpet av de siste årene, og ser at det stadig dukker opp striper her hjemme. Både i form av klær, sengetøy og puter. Ellers er jeg SÅ misunnelig på dere som har vedovn. Det står som nummer 1 på ønskelista mi. Men dessverre har vi ikke pipe i leiligheta vår. Og tenk så fint at du ikke er redd for nåler lenger! Jeg har dessverre blitt enda mer redd for nåler etter utallige blodprøver og spinalpunksjoner (au). Btw, vet jeg sier det nesten hver gang jeg kommenterer, men takk for så herlige hverdagslige innlegg. Spesielt godt er det med ærlighet om tanker og følelser.

  • Ahh, livet altså. Elskar å lese slike kvardagstankar, overgangen frå førstegangsforeldre som skal ha alt på stell til “avslappa” foreldre til to som gjer feil mange gangar og det går heilt fint (kjenner meg sånn igjen i overgangane). Måten du skriv om kvardagen og korleis de løyser det som at det er dykkar valg som passar dykkar familie, utan at det på nokon er bælerande. Kor du trygg og stødig du står når du er ærleg om alt det utrygge. Det er så befriande å ha slike stemmer og tankar ute i offentligheten. Tusen takk :-)

    Ps, det beste er bileta!

  • Synes du smiler og ser meir avslappa og glad ut på bildene dine etter at du fekk Edda :) Elskar følge med på den fine familien din <3

  • Hei Mariell, tror det der er så viktig, å ta seg tid til å sove, til å kvile når en kan. Eller gjøre noe som ikke er “produktivt”. Tid til en sjøl blir det bare mindre og mindre av, spesielt når barna vokser til (og iallefall for en periode). Jeg føler ofte at tiden må liksom brukes til noe “nyttig” eller “produktivt” når barna ikke er der, eller når de sover, og de kan bli så himla slitsomt i lengden. Kan man ikke heller bare sitte i et stille hus og høre på regnet som trommer utenfor, med en kopp kaffe og lese blogger og kose seg uten mål og mening? Jeg slår et slag for det!

  • I want to come and live with you and your lovely extended family! What a dream. By the way, what does hjartesmil mean?

  • Kjære deg.
    Eg har lest bloggen din sidan eg oppdaga kva blogg er. Eg har alltid følt at eg nesten har kjent deg litt. Eg kommenterar nesten aldri (skam på meg). Men no- etter du vart tobarnsmamma har det skjedd noko – no er bloggen betre enn nokon gong – og du opnare enn nokon gong og eg ELSKAR det. Eg er heime i permisjon sjølv no og kjenner meg så igjen i det meste du skriv. Og veitu? No skal vi også flytte frå by på bygd og eg får panikk annakvart sekund- men å lese bloggen din hjelp alltid – då tenkjer eg at det skal gå bra- og at det vert fint. No er du den einaste bloggen eg les (før var det mange!) men hjartesmil skal eg aldri slutte å lese. Eg elskar denne bloggen, eg elskar heifredag og eg elskar bileta dine. At du var i permisjon då eg gifta meg var ei stor sorg (!), meeen sjølvsagt fullt forståelig. du må aldri slutte å blogge. Eg er innom fleire gongar i veka for å sjekke om her er noko nytt. Eg skal bli flinkare til å legge att spor