⏰Vår kvardag og livet akkurat no ??

Elsa posta eit innlegg nylig der ho skreiv om deira kvardagsrutiner, og sånt elskar eg å lesa om. Så derfor har eg no brukt hundre år på å skriva dette innlegget, om livet her i huset, medan Edda har sove i babywrap på magen min. Håpar de syns sånt er interessant óg!

Mathandel

Me varierer mellom å vera veldig planlagte og absolutt ikkje ha noko clue. Men no som Saga går i barnehagen kjenner eg at me defintivt har meir struktur og ikkje får panikk klokka fire om kva me skal eta til middag (for då har me allereie laga middag, hjelp kven er eg). Jostein må uansett køyra ned til sentrum (me bur ein fem minutts biltur unna) for å henta Saga, så då handlar dei gjerne litt kjapt da. I min heilt optimale verden har eg alltid tomatsaus og kjøttbollar i frysen, og god pasta i spisskammerset. For då kan ein ikkje tapa dagen uansett.

Eg er den som skriv handlelista. Eg skriv den utifrå rekkefølga på hyllene i matbutikken, så me handlar på null komma niks. Når me er på Meny i Sogndal så passar me på å kjøpa alt me ikkje får tak i her i Lærdal. Typ den gode pastaen frå Jacob’s, ordentlig cheddar, paneer, San Pellegrino, den der mørke sjokoladen med kjeks og pasjonsfrukt, store glas med majones, heile grilla kyllingar, spekepølser. Etc etc etc. Og når me er i Bergen, eller foreldrene mine er der, så er det alltid med typ mellom seks og ti brød heim frå Colonialen.

 

Rydding

Hjå oss er det aldri ryddig og sjeldan reint, føles det som. Men det me gjer av husarbeid er nokså likt fordelt. Fordi me bur på gard og har bil og to ungar og den slags så er det innmari mange oppgåver som kjem innunder liksom familie/husarbeid, og arbeidsoppgåvene er veldig varierte frå dag til dag. Prioriteten min er rydding, spesielt Saga sine leiker, for ellers leikar ho ikkje med dei. Senga rer eg opp kun typ når eg skal ta eit bilde til instagram, og Jostein rer opp senga av og til for å gjera meg glad (altså då kryp eg ned i senga med eit sånt smil). Søndagar er ryddedagar hjå oss, og då er me i modus. Då har me ofte hjelp med ungane også fyk me rundt i huset som galne folk for å få unna klesvask og sortera posar med heilt usorterte ting som eg har «rydda» før i veka.

 

Økonomi og sparing

Jostein og eg har ei veldig dynamisk tilnærming til økonomien vår, det har blitt sånn fordi me frilansar begge to med enkeltpersonsforetak og ikkje køyrer ut lønn men liksom tek ut litt og litt når det passar. Me har aldri hatt nokon felles konto, til og med då me var 17 og budde på hybel så delte me på det ganske laust. Me har fått ei litt tilfeldig fordeling i at Jostein betalar dei faste utgiftene våre (billån og forsikring og straum og den slags), og eg sparar for omtrent like mykje kvar månad. Sparing står høgt på prioriteringslista mi no, ser på det som den ultimate luksusen å kunna føla seg trygg på at det finst ein god buffer i tilfelle kva som helst.

I tillegg til vanlig kontosparing, sparar eg no med appen Dreams. Der sparar eg mot 5000 til julebudsjett (pga kven vil ikkje ha litt ekstra til jul) og 20.000 til reising neste sommar. Der går kronene automatisk ut av kontoen min kvar veke, og eg tenkjer ikkje på det.

Om det er éin ting eg skal bli bedre på i livet så er det oversikt.

Sjekkar kontoen min i køen på butikken liiiitt for ofte. Men litt og litt bedrar det seg, syns eg.





Henting og levering

Jostein er jo den einaste av oss som enda har sertifikatet, så det er han som har den jobben. Til våren håpar eg å a) ha starta på sertifikatet sjølv og b) sykla Saga i barnehagen. Det virkar som det koseligaste i verda, eg hugsar kjensla av å bli sykla til barnehagen av pappa med søvnen framleis augene. Men mellom meg og sykkelvegen er det ei hengebru over elva som gir meg angst, så me får sjå korleis det blir med den saken.

Frukost

Me et frukost litt sporadisk akkurat no i startfasen med barnehagen, ofte et Saga først også et Jostein og eg når han kjem heim frå levering. Men eg vil ikkje sei at det er normalen vår, for me et jo helst frukost saman. Det varierer veldig kva me et frå veke til veke, men det er av og til kokte egg eller havregraut, ofte berre ei rista skive med kokt skinke i hånda, alltid kaffi. Saga likar akkurat no veldig godt ein frukostblanding frå Quaker med maisdyr oppi, ho seier «au au au» når ho et dei. Klokka 9 startar Saga i barnehagen. Eit life hack til havregrauten er at eg no kvar søndag ristar ein pose hasselnøtter og ein pose mandlar på eit bakebrett, på 180 grader i 15 minutt. Så digg å grovhakka og pimpa opp havregraut, eg treng alltid noko tekstur der.

 

Ettermiddagar

Ettermiddagane handlar akkurat no mest om å eta middag i lag som familie, også gjera noko ilag. Ofte er jo Saga med besteforeldrene sine (me bur jo på samme gard som dei) på ettermiddagane, det er veldig kos for alle involverte og betyr at Jostein og eg kan catcha opp i huset eller jobba litt meir. Men gah, timane mellom barnehagehenting klokka tre og leggetid går så hiiiimla fort no.

 

Middag

Me et middag typ halv fem-fem. Ho elskar pasta og alt som er risbasert, og eg nyttar verkeleg høvet til å få ho vant til ulike typar mat og smakar no. Dei siste par vekene har ho ete paneer korma, søtpotetrisotto, kyllingtacos, torsk med sitronsaus, søtpotetsuppe, lasagne og pølse med potetstappe.

 

Kveld

Oftast ser Saga på barne-tv med besteforeldrene sine, dei kokar seg ein kopp kaffi og ho får ei flaske med mjølk også riggar dei seg til i sofaen og ser på Brannmann Sam, Poppeloppane og Peppa Gris.

 

Legging

Eg legg Saga nesten kvar kveld no, ca sidan Edda vart født. Ho treng meg og åleinetid med meg, så me tek det veldig med ro med leggingen og det tek ofte ein time. Før var det berre å legga ho ned med ei flaske mjølk også sovna ho av seg sjølv, men det har definitivt bydd på utfordringar å bli storesøster. Me les bøker, to eller tre, også syng eg og kosar med ho. Som regel vil ho berre kasta seg rundt i senga så då får eg vera streng. Og ofte etter legging er eg heilt utsliten så då får Jostein montera meg igjen når eg kjem ned.

Edda

Edda er 11 veker no, og ho er ein så deilig baby. Ho lar meg sova om natta og tek lange lurar om dagen. Også held ho ut med Saga som berre vil kyssa og «klappa» absolutt heile tiden. Hennar beste aktivitet (utanom eting) er å sitta i vippestol framfor ein uro med varmluftsballongar. Altså ho er heilt obsessed med dei ballongane. Ho søv i senga med oss og det er det koseligaste. Også tek ho smokk! Herregud for ei openbaring, ho er så lett å trøysta. Saga spytta dei jo berre ut med forakt i blikket og skulle ammast konstant.

Saga

Saga, åh. Vil jo nesten grina berre av å tenka på ho. Mi fine tapre jente som har begynt i barnehagen og blitt storesøster på så kort tid. Ho vil helst vera ute heile dagen lang, skli og huska og vera i sandkassa. Og om ho skal vera inne skal ho tegna eller bygga duplo. Ho pratar i lange setningar no, og eg skjønnar alt ho seier og alt ho vil. Typ «men eg har ikkje på meg jakka mi, mamma», det sa ho til meg i går då me skulle gå ut. Føles verkeleg som ein tredje vaksen i familien, som seier ifrå om Edda har mista ein sokk eller at me må skru på lyset når me står opp om morgonen. Ho er den finaste storesøstra, veldig beskyttande ovanfor Edda og det første ho vil gjera om morgonen er å kyssa og kosa hovudet. «Ho er så mjuk mamma», seier ho. Veldig spennande no er at ho snakkar litt engelsk fordi ho ser på Peppa Gris på engelsk, så plutseleg kjem det ord på engelsk når ein minst kunne venta det. Ho kan tella til ti på engelsk og sei «delicious» ved matbordet. Ho søv ikkje like bra om natta no som ho veit at Edda ligg hjå oss og ho treng meg, og ofte blir eg innkalla i løpet av natta. Ho kjem altså inn på rommet vårt og hentar meg. Me har satt ei vaksen seng heilt inntil senga hennar, så eg kan stryka ho på ryggen og synga Brannmann Sam-sangen sakte og mjukt til ho sovnar igjen. Så kjem Jostein og hentar meg når Edda er svolten. Og sånn går nettene hjå oss akkurat no.

Jostein

Akkurat no arbeider Jostein med forskjellige ting (som vanlig, igrunn). Han er oversettar for Opera Nordfjord, og driv no med Annie som skal opp i haust. I oktober er det premiere på La Boheme som han óg har omsett. Også jobbar han med arenautvikling for næringsutviklingen i bygda, kursing i nynorsk for kommunar og andre offentlige organ og skriv musikk såklart. Og neste veke startar eit veldig spennande prosjekt som me begge to er med på.

Huset vårt

Åh, utover haust/vinter/vår no er det nokre ting eg verkeleg vil gjera med huset vårt. Eg vil bygga ein plassbygd kjøkkenbenk under vindauget på kjøkenet vårt, med oppbevaring nedi og deilige saueskinn oppå. Perfekt for å ligga der og slappa av etter middag, eller så kan Saga sitta og tegna medan eg bakar kanelbollar ein søndag ettermiddag. Så vil eg etterisolera kotta på rommet til Saga der det er sånn trekk. Også skal gangen vår pussast, malast og tapetserast. Så typisk permisjonstid å bli heilt besatt av huset, det skjedde forrige gong óg.

Jobb

Eg er jo i permisjon no, lol. Men eg er óg butikksjef. Så litt jobbing er det kvar dag likevel, berre at eg ikkje tek ut lønn. Eg prisar verkeleg velferdsstaten for at eg får den samme foreldrepenningen som alle andre, men reint praktisk går det ikkje å ikkje jobba heilt. Også har eg nokre fotooppdrag og utover hausten, og til og med eit par bryllaup, så me skal til med gradert permisjon etter kvart. Det som tek opp mest tid er å administrere nettbutikken og å bestilla varer og planlegga for hausten og vinteren. Og å driva med produktdesign/prosjekt. Det er jo så vanvittig spennande, så det prøver eg å finna så mykje tid til som mogleg no. No i haust har eg deadline på ei kokebok som eg har fotografert og gjer designet på. I vinter skjer noko enormt spennande med butikken som eg gler meg til å snakka om!

Romantikk

Akkurat no er romantikk å få senga redd opp for seg, eller at Jostein kjøper ny brunost (me har kvar vår preferanse, kvar vår brunost) fordi han har sett at min er på veg til å gå tom. Men akkurat no føles det romantisk å vera så veldig ein familie, føler meg veldig forelska i Jostein som pappa og det er så godt. Å få sjå nokon blomstra på så nære hold, og å støtta kvarandre når det er vanskelege dagar og vera romslige med kvarandre. Me passar på å kyssa mykje, og er veldig fysiske med kvarandre, det er ein fordel med å bli saman når ein er fjorten, det er som muskelminne, kroppane gjer det for oss. Ein klem over oppvasken, ein kyss før eg går ut døra. Me planlegg ei lang reise i vinter, det er megaromantisk.

Venner

Me lever langt ifrå vennene våre, og eg lengtar heile tida. Det var ein massiv omstilling for meg å bli mamma og ting vart litt kasta opp i lufta. Men no føler eg meg ganske så landa. Og det føles bra, og ekstremt viktig, at dei som er nærmast oss elskar og er interesserte i ungane våre. Så himla fint er det at eg har meir kontakt med folk over telefon no, det føles så retro men er SÅ fint og nære å få snakka med folk og høyra stemmene deira. Liksom Fredrik som ringer på veg på butikken eller å berre prata med Christine i fem minutt medan Saga er ettermiddagshyper i sofaen. At me alle har meir kvardag no og at me ikkje treng å planlegga kontakt så nøye. Men eg lengtar veldig mot å ha fine folk i sofaen min, eller å få sitta på golvet hjå nokon og drikka raudvin, liksom. Men alt til si tid, eg er ikkje så stressa for det der lenger, føler meg trygg.

Familie

Gah. Om du skulle fortalt meg då eg var 20 at eg kom til å bu i Lærdal, i tunet til svigerforeldrene mine og sjå mine eigne foreldre på vekentlig basis, så hadde eg vorte panisk og vantru. Men no er det DRØMMELIVET. Eg er så sinnsjukt takksam for å vera omringa av menneske som gir meg nok hjelp til å kunna vera den mammaen eg har lyst til å vera, og samtidig driva bedrifter. Og å sjå at Saga (og Edda, såklart, men ho veit det ikkje enda) har SEKS tette tilknytningspersonar i livet sitt, det er heilt utruleg. Også lengtar eg meg gal etter veslesøster i Bergen, og Jostein sine søsken og tantebarna våre i Oslo, såklart. Det hadde jo vore draumen å ha nokon av dei her óg. Men ein får ikkje bli grådig heller.

Helg

Herregud som ein har HELG når barnehagelivet har starta? Det var det ingen som sa til meg. Me omfavnar helga med opne armar og held i den hardt, me er blitt sånn ein familie no, som om det berre var på liksom før. No vil eg på soppturar og gjera DIY-prosjekt og sylta plommer. Føles så bra å endelig vera her.

Share:

39 Comments

  1. Astrid
    21:58, 29 Aug 2018 / 21:58

    Eeeelsk på dette innlegget! Tusen takk for at du deler.

  2. 22:21, 29 Aug 2018 / 22:21

    SÅ fint innlegg! liker sånn her skikkelig masse; så godt og langt og skikkelig fint skrevet. <3

  3. guro
    22:21, 29 Aug 2018 / 22:21

    Dette er så fint, så varmt! Og oppleves så kjærlig og omsorgsfullt fra deg ovenfor leserne. Du inspirerer, som alltid ❤

  4. Marte
    22:56, 29 Aug 2018 / 22:56

    Så fint dere har det sammen! Stor klem fra en annen ny barnehage-mamma

  5. Sara
    22:56, 29 Aug 2018 / 22:56

    For eit fint innlegg! Så kjekt å lese❤️

  6. Cathrine
    23:04, 29 Aug 2018 / 23:04

    Dette var så sjukt fint❤

  7. Hege
    00:34, 30 Aug 2018 / 00:34

    Så utrulig koselig å lese klokka 0030, sjølv om eg veit at eg burde legge meg å sove – Ingeborg på 2 år våknar kanskje tidlig ? dokke virka som så fine folk, å det har vore og er så kjekt å følge med på livet dokka :)

  8. Tingeling
    07:10, 30 Aug 2018 / 07:10

    Sitter her i senga, klokka er 07. Måtte bare innom her for å lese et utrolig fint blogginnlegg. Takk for en god start på en hektisk og psykisk tung dag! ❤

  9. Vanja
    07:37, 30 Aug 2018 / 07:37

    Dette innlegget likte jeg kjempegodt, jeg har også en 2-åring og er så klart supernysgjerrig på andre liv med 2-åringer. Tenk at brannmann Sam skulle bli en så stor del av hverdagen ?

  10. Ida
    09:35, 30 Aug 2018 / 09:35

    Så fint innlegg, takk for at du deler! Jeg er så glad i bloggen din og har fulgt den i flere år, men er dårlig på å legge igjen en kommentar. Prøver å bli flinkere til det! Ha en fortsatt fin uke! :-)

  11. Isabel
    09:37, 30 Aug 2018 / 09:37

    Veldig fint innlegg, artig å lese om hvordan andre småbarnsfamilier gjør ting. ?

  12. Charlotte
    10:11, 30 Aug 2018 / 10:11

    Så fint inlegg. Las gjennom heile attåt lunsjen.
    Deilig å lese om andre sitt permisjonsliv, og kjenne seg veldig igjen.

    Hugs å nyt, nyt, nyt kvardagen!

  13. marte
    10:24, 30 Aug 2018 / 10:24

    Ahhhh, bloggen din får en byjente som meg til å ha lyst å flytte på landet. Det ser så fint ut!!!! Og dere virker som en så vakker og snill familie

  14. BeraBear
    11:32, 30 Aug 2018 / 11:32

    Suger til meg hvert ord, for et velskrevet og spennende innblikk! Tusen takk for at du deler. Du inspirerer.

  15. Oda
    12:03, 30 Aug 2018 / 12:03

    åå, dette innlegget var hyggelig å lese! <3

  16. Ingvild Marie
    12:30, 30 Aug 2018 / 12:30

    Det her! <3 <3

    Har spart innlegget til belønning i studiepause: SÅ verdt det, og jeg vil helst bare lese det om igjen!

  17. 13:01, 30 Aug 2018 / 13:01

    Kosa meg så med dette innlegget. Fikk nesten lyst til å bygge plassbygd kjøkkenbenk, bake kanelsnurrer og sylte plommer jeg også, med det samme liksom.

  18. Anna
    13:57, 30 Aug 2018 / 13:57

    Kjempefint innlegg, Mariell! Blir minnet om at de små tingene er de store tingene – og at hverdag og høst kan være fint <3

  19. 14:43, 30 Aug 2018 / 14:43

    For et utrolig givende og vakkert innlegg. Takk som deler!

  20. Ananda
    15:44, 30 Aug 2018 / 15:44

    Fiiint innlegg!! ? takk for at du deler!

  21. Martha
    16:53, 30 Aug 2018 / 16:53

    himla fint innlegg!!

  22. Kristin
    17:23, 30 Aug 2018 / 17:23

    Dette var god lesing! Både fordi det er koselig og velskrevet, og fordi det er inspirerende.

  23. Irene
    20:06, 30 Aug 2018 / 20:06

    For eit utruleg fint innlegg, liker så godt å lese om kvardagslivet!

  24. Sigrid
    22:09, 30 Aug 2018 / 22:09

    <3 <3 <3
    Fantastisk fint innlegg, og tenk så fint å lese om tjue år.

  25. Marit
    23:19, 30 Aug 2018 / 23:19

    Åh, heg elsker sånne innlegg. Og som vanlig skriver du så vakkert og ærlig. Jeg gleder meg til jeg kan ha en sånn hverdag også ?

  26. Oda
    03:30, 31 Aug 2018 / 03:30

    Utrolig koselig og fint innlegg! ❤ Jeg ble superinspirert.

  27. Sunniva
    08:26, 31 Aug 2018 / 08:26

    Nydelig! Takk! <3

  28. Lene
    10:29, 31 Aug 2018 / 10:29

    Kjempefint innlegg! Så hyggelig å lese <3

  29. Kelly
    16:31, 31 Aug 2018 / 16:31

    Love your photos! Any chance you could add English translation?!

  30. Marte
    16:41, 31 Aug 2018 / 16:41

    Så fint innlegg!

  31. Caroline
    20:57, 31 Aug 2018 / 20:57

    Jeg elsker sånne innlegg, tusen takk! Haha, jeg organiserer også handlelistene etter rekkefølgen på hyllene i butikken!

  32. 09:44, 01 Sep 2018 / 09:44

    Takk for et kjempefint blogginnlegg <3 Så fint å lese. God helg Mariell!

  33. Anika
    20:27, 01 Sep 2018 / 20:27

    For eit fint innlegg! Så kjekt å få lese om ein typisk kvardag for dokke. Dokke er verkeleg ei fin familie

  34. Trine
    12:21, 02 Sep 2018 / 12:21

    Så sykt kjekt innlegg! ?

  35. Kristine
    13:42, 02 Sep 2018 / 13:42

    Superfint innlegg! Alltid litt sommerfugler i magen når jeg titter inn her og ser det er lagt ut noe nytt<3

  36. Marit
    07:37, 03 Sep 2018 / 07:37

    SÅ fint innlegg, mer av dette! Fikk mitt første barn nå i sommer, han fyller 3 måneder nå straks (født 9. juni). Hadde noen tøffe uker i starten, med en baby som gråt masse og hadde mye magevondt. Det har endret seg veldig nå, og jeg begynner endelig å føle en viss mestringsfølelse i det hele. Selv bor vi midt i Oslogryta, men drømmer om tilværelsen på landet – et lite småbruk, og muligheten for å trippe barbeint ut i hagen om morgenen. Takk for at du deler litt av den tilværelsen <3

  37. Marie
    20:59, 03 Sep 2018 / 20:59

    Korleis er det med mobilbruk i heimen dykkar? Eg og mannen min har bestemt oss for å kutte ut sporadisk mobilbruk nå som me har ei fem månader gammal dotter som både krev merksemda vår og som kjem til å merka seg den innretninga. Vil ikkje at ho skal føla seg tilsidesett når me er oppslukte i telefonen, og vil heller ikkje at ho skal bli like besett av mobil som me er/var. Har de ei bevisst forhold til mobilbruk? Ev. tips?

    • Mariell
      Author
      13:45, 04 Sep 2018 / 13:45

      Åh, det er konstant i mine tankar! Og faktisk ei gigantisk utfordring i vår foreldregenerasjon. For vår del: me prøver vårt absolutt beste, og eg syns igrunn me er ganske gode. Utan at me er besatte verken den eine eller den andre vegen. Det som er fint er at eg merkar det med éin gong telefonen min blir eit stressmoment i rommet, liksom, og når ein har ein toåring med språk som kan sei “ikkje telefon no, mamma”, så er jo det eit 100%-teikn på at det er nok. Men det kjem nok til å vera ei gjennomgåande problemstilling og utfordring gjennom heile min foreldreskap, det trur eg.

  38. Sara
    12:44, 10 Sep 2018 / 12:44

    Så fantastisk fint å lese. Ønsker meg en liknende hverdag når tiden er inne for det!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *