Søtpotetrisotto med bacon

Eg la ut eit bilde av denne søtpotetrisottoen på insta stories, og fekk nokre spørsmål om å dela oppskrifta, så her er den! Eg skundtar meg å skriva medan Edda enda søv. Om ei lita stund skal Saga og eg ut og plukka bringebær i høljeregnet.

Eit obs om at eg ikkje lagar mat med oppskrift, så dette er ei unøyaktig oppskrift (men det blir godt, lovar!), men med litt tips heilt gratis på kjøpet

Til to og ein halv vaksen (altså oss + Saga):
1 mellomstor søtpotet
1 pakke stjernebacon (sløyfast for vegetarisk såklart, då ville eg ha hatt typ rista pinjekjerner istaden, for å få litt tekstur nedi)
210 g risottoris
1 dl eplejus
5 dl vatn
1 buljongterning
1 ts balsamicoeddik
Parmesan
Olje

1. Del søtpoteta i to på langs, og ha på litt olje. Steik på 200 grader midt i ovnen til den er heilt gjennombakt, ca ein halvtime (kjem veldig an på storleiken på poteta, så sjekk kvart femte minutt etter 20 minutt har gått). Dra av skalet og mos den fint, me vil ikkje ha klumpar. Sett den til side.

Eit kvardagstips er å baka ei ekstra potet når du først driv, også laga noko pasta med søtpotet til dagen etterpå! Eg har søtpotetmos i kjøleskapet mitt i dette nu. Eller så kan ein såklart baka søtpoteta dagen før óg, for denne oppskrifta, for å spara tid.

2. Ha vatn, jus og buljongterning i ei panne og sett på mellomhøg varme. Målet er at væska skal holda omtrent samme temperatur som risottoen, for me har i væska litt og litt, og då er det dumt om ein senkar temperaturen i gryta kvar gong ein har på meir væske. Så den bør stå og småputra i ei panne ved sidan av risottogryta.

3. Finhakk lauken, og steik den i litt olje til den er blank og gjennomsiktig. Ha oppi risen, og steik risen saman med lauken i eit lite minutt. Dette anar eg ikkje kvifor ein gjer, men det står i alle oppskrifter.

4. Så skal væska i, ei ause av gongen. La væska trekka godt inn før du har oppi neste ause og reguler temperaturen på risottogrytta så risen ikkje svir nedi. Det tek litt tid å laga ein god risotto, men det blir så godt til slutt. Når det er tomt for væske kan du ha oppi søtpotetmos, balsamicoeddik og parmesan (etter smak, eg brukar kanskje 1,5-2 dl finriven). Risen skal vera al dente, også er det ferdig!

5. Baconet deler eg opp i veldig smale bitar, liksom på tvers av strimlene, og steiker til det er nesten sprøtt. Det kan ein jo gjera undervegs eller på forhånd, såklart!

6. Server med parmesan (om ein vil ha sånt parmesanhår som dei har på restaurant, kan ein kjøpa ein microplane, det er det beste som har skjedd våre pasta- og risottimiddagar!) og innhaust applausen.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *