Saga Ingebjørg, 2

Saga vart to år den 20 juli, på éin måte føles det heilt overveldande og på ei annan føles det heilt naturlig. Me har jo tenkt på ho som ein toåring så lenge, vår store vesle fine jente. Kvelden før, då eg la ho og ho sova, kom det over meg som ei bølge av kjensler. Det vakre fjeset innramma av krøller. Eg føler meg som verdens heldigaste mamma, som har fått formast av ein sånn fin og lur unge.

Eg tok desse bildene på halvøya som høyrer til eigedommen vår, me såg på små fiskar i ein dam og prisa det magiske lyset der nede. Ho fekta med pinnar og eg kasta blåbær på ho for å få ho til å le.

Ho søv i stor seng no, den eldgamle voksesenga me såvidt fekk opp trappa, og kjem inn til oss sjølv kvar morgon. Eg høyrer ho trippa over golvet der inne også to dørhåndtak som går ned. Det første ho vil gjera er å kosa med Edda, “veslesyster mi”, me kallar ho for Eddie når me skal vera morsomme. Om to veker startar ho i barnehage for fyrste gong.

Ho seier ting som “mamma, eg lurer på om me kan gå ut?” og “eg har litt lyst på ei brødskive med ost” og “mamma, kan du fortella ei historie?”. Plutseleg vart ho ein person som snakka i lange setningar, som skjønnar så mykje og definitivt har lange øyre. Ho kan tella til ti på engelsk óg, takka vere Peppa Pig på netflix. Ein dag sat me og åt middag også sa ho “mmm, DELICIOUSSSSS” og eg holdt på å le meg av stolen. Om nokon spør kva ho heiter svarar ho “Saga Ingebjørg”. På butikken i dag fekk ho eigen lita korg og sa hei til alle ho møtte på.

I kveld sovna ho i armane mine medan eg song Chet Baker til ho, ho er så lang og likevel så liten då. Me har den finaste sommaren i heile livet, både eg og ho. Kvar dag er eit nytt eventyr.

Saga was two years old on the 20th of july. In one way it feels completely overwhelming, and inn another way it feels completely natural. We have thought of her as a two year old for so log, our big little amazing girl. On the night before, when I put her to bed, it came over me like a wave of emotion. That beautiful face framed by curls. I feel so lucky to have my motherhood shaped by such a great kid.

I took these photos on the part of our property near the river, we looked at little fishes and praised the amazing light we get there. She waved some sticks around and I threw blueberries at her to make her laugh.

She sleeps in a big bed now, the very old one we could barely get up the stairs, and comes into our room herself every morning. I hear her little steps across the floor in there and two doorhandles opening. The first thing she wants to do is to cuddle Edda, “baby sister”. We call her Eddie when we’re being funny. In two weeks she starts nursery for the first time.

She says things like “mum, I’m wondering if we can go out?” and “I kind of want a slice of bread with cheese” and “mum, can you tell me a story?”. All of a sudden she became this little person that talked in complete sentences who understands so much and hears everything. She can count to ten in english too, thanks to Peppa Pig on Netflix. One day at dinner she said “mmm, DELICIOUSSSS” and I laughed so hard I almost fell off my chair.

Tonight she fell asleep inn my arms while I sung Chet Baker to her, she’s so long and still so little then. We are having the best summer ever, both she and I. Every day is a new adventure.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *