Sommaren

Denne sommaren, altså. Den kjem til å vera lang og spennande. På bildet har du oss, familien, på vår første tur rundt garden, i går kveld. Det var så herleg sjølv om eg fekk all slags vondt i bekkenet etterpå. Dette er fjeset til Saga etter ho seier “Saga må le”, også ler ho. Men ja, sommaren. La oss håpa den blir varm og mjuk. Her er ei liste som summerer mine håp og draumar

Eg vil eta grilla kyllinglår og frosne druer
Eg vil drikka iskald vin og tørr cider
Eg vil bli betre på å grilla og backgammon
Eg vil spela boccia og badminton
Eg vil lesa alle magasin som har lagt seg i haug i løpet av graviditeten
Eg vil hugsa på at klokka er meir enn ein trur når ein drikk vin og har det gøy
Eg vil bæra Edda i babywrap
Eg vil baka småkaker og paiar
Eg vil jobba nøyaktig ingenting og samtidig for mykje, butikkeigarlivet osv.
Eg vil reisa på små utflukter i nærleiken, med to ungar baki baksetet og heile dagen framfor oss

This summer. It’s going to be long and exciting. In the photo is us, the family, on our first trip around the farm last night. It was so lovely even though my pelvis suffered the consequences after. This is Saga’s laughing face, after telling us she has to laugh at something. But yes. This summer. Let’s hope it will be warm and soft. Here is a list to sum up my hopes and dreams

I want to eat barbequed chicken thighs and frozen grapes
I want to drink cold wine and dry cider
I want to get better at barbequeing and backgammon
I want to play boccia and badminton
I want to read the magazines piled up from this pregnancy
I want to try and remember that the clock is more than you think when drinking the wine
I want to carry Edda around in a babywrap
I want to bake cookies and pies
I want to work next to nothing and still too much, the life of a shop owner etc.
I want to go on small trips nearby, with two kids in the back seat and the whole day in front of us

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *