7 dagar

Tusen takk for alle kommentarar og mailar, herregud så heldige me er som har så mange fine folk som tenkjer på oss og vil oss vel

I dag har me vore ein familie på fire i ei veke. Det er omveltande og samtidig så herleg kvardagsleg å berre vera heime i rotet vårt, men med ein heilt ny person her å bli kjent med. Og endelig har eg ein kropp som orkar igjen, som kan løfta Saga utan smerter, som kan dansa med ho når Jostein spelar Per Spelemann på piano og komma seg ut av senga utan vidare problem. Eg tek ingenting for gitt, takkar den for alt den får til og prøver å gi den nok søvn.

Det var ein tøff graviditet, både i kroppen og i hovudet. Eg ønskar meg ikkje tilbake dit, eg har ikkje sakna det eit sekund. Og det føles som å ha fått livet tilbake, pluss verdens mjukaste herlegaste lubne vesle babyjente. Som er så vanvittig sterk og kan sparka ifrå seg, men det visste eg jo frå før. Som toler ei storesøster som vil kosa og sussa ofte og mykje, som ei vennlig kjempe. Og som dessutan luktar så vanvittig godt.

Saga tek det veldig godt, å ha blitt storesøster. I mi hormonelle hjerne så holdt eg på å svima av når deira første interaksjon var at Saga klappa Edda på hovudet og sa “så så, går bra. Saga er her. Saga passar på”. Om morgonen når ho kjem inn til oss og ser Edda i senga så ler ho og skrik “babyen min!!!”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *