Edda ?

No er ho her. Veslesøster Edda. Me har døtre, me har ungar. Jentene våre. Me er overvelda og skjøre og så vanvittig glade. Eg føler meg rein, fri, gal av kjærleik og glede.

Ho kom torsdag kveld, 5010 gram og 54 cm lang, så himla klar for å møta verda. Og etter å ha blitt passa så fint på av jordmødre (elskar jordmødre), kom me heim i kveld.

Me klarte det. Eg klarte det. I akkurat dette sekund står Jostein på kjøkenet og lagar carbonara til oss. Saga søv i ei trygg seng i nabohuset, hjå bestemor og bestefar. Det knirkar litt i ei korg ved sidan av meg. Og eg kan nesten ikkje tru at dette er sant. At livet får vera sånn, at det er det. ?

She arrived on thursday night, baby sister Edda. We have daughters, we have kids. Our girls. We are overwhelmed, fragile and so happy. I feel pure, free, crazy with love and joy.

She arrived on thursday night, 5010 grams and 54 cm long, so ready to meet the world. And after having been taken care of by midwives (love midwives), we arrived home this evening.

We did it. I did it. This very second, Jostein is in the kitchen making us a carbonara. Saga is safely asleep in a bed next door, with her grandparents. I hear some squeaking coming from a basket next to me. And I almost can’t believe this is real. That life can be like this, that it is.?

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *