Ein drømmehage, ein papirbutikk, ein bebis og restekaker

Hei, de fine folk. Håpar de er ute og nyt sola, det prøver i alle fall me å gjera! Neste veke går eg ut i permisjon, som om det betyr noko som helst i dette frilanslivet. Men det er jo eit signal om at no, snaaaaart, snart skjer det. Eg er så heavy i nesting akkurat no at de vil ikkje tru det eingong. No i dag reiste me med ferja for å henta eit skap me fant ut at ikkje eingong passa i bilen vår. Får så lyst til å dunka hovudet hardt i eit bord når sånt skjer, som om Jostein ikkje har anna å gjera enn å køyra bomturar. GAH.

Men, me har inngått ein ny livsmodell i desse vekene der Jostein er så travel: eg har kasta meg med på laget og gjer oppgåver for teaterproduksjonen som han driv med. På den måten er me likevel stressa, men eit stressa team ihvertfall!

På instagram ser ting litt roligare ut. Her er 12 fine bilder som eg har lagra i det siste:

1. Ein kunstnarcrush eg har, @kristinehellesoe . Ho legg opp maleri som faktisk er til salgs, drøymer om å kjøpa eit.

2. Ei jakke som eg hadde strikka til meg sjølv om eg hadde tålmod til å strikka meir enn to cm, frå @loucph. Sååå fin.

3. @hannastefansson la ut dette bildet av det som seriøst er min drømmehage. Tenk å sitta her med ein kaffikopp og eit magasin, ungar som flyg rundt og planar om boccia og ein lur i skuggen seinare.

4. Ei illustratør som eg vil laga bøker med pga kul, @blameusforourmusictaste

5. Me har mange store tre på garden, men me har liksom ikkje heilt eit som egnar seg til ei huske. Men det blir min livsplan, å få installert ei sånn pallehuske som ein kan ha fort på og lesa bøker i medan den svaiar sakte i solsteiken. Frå @tell.mariasabbah

6. Frå ein av butikkane eg følger mest med på på instagram, @papershophelsinki i Helsinki.

7. Ein annan illustratør som eg har vore oppteken av i det siste, @madelinekloepper. Eg er heilt klart i barneboktankar, og eg likar så godt denne estetikken som er så fin balanse mellom mine barndomsbøker og moderne polert estetikk.

8. Ei oppskrift på kjøttbollar som eg av ein eller annan grunn vart besatt av, frå @zeinaskitchen. Nokre dagar før me fekk Saga trilla eg ei heilt sinnsjuk mengd med kjøttbollar, det er kanskje det som gjer det. Eg kan få ein sånn desperasjon etter å fylla huset og frysen med mat til den kaotiske første tiden med baby, også kjem eg på at me no har både bil og lappen i hus. Det tenker eg på ofte, kor rart og kult det er at me levde nesten eit år med baby utan å kunna køyra nokon plass. Alt går an, liksom.

9. Ein haug med dyner og puter til små små kompisar. Elskar sånt smått. Frå @limonadeshop

10. Kanelbollestenger frå @fabrique, fekk vatn i munnen av desse også er dei jo ein så god idé!

11. Restekake til frukost hjå @linnheimtun. Akkurat som det skal vera desse maidagane.

12. Av ein eller annan grunn har eg ein ekstra fascinasjon for heilt nyklekte personar akkurat no, hm hm hm. Lurer på kva det kjem av? Bildet frå @sannaviolaa

Hello, you nice people! I hope you’re out enjoying the sun, I know we are. Next week is the beginning of my maternity leave, as if that means anything in this freelance life. But it’s a signal that soon, very soon, it will happen. I am in such a crazy nesting mode right now, it’s hard to even believe. Today we took a ferry to go pick up a closet that wouldn’t even fit in our car. It makes me want to bang my head against a hard surface, as if Jostein doesn’t have other things to do than drive to the middle of nowhere for nothing.

But, we’ve begun a new model of life in these weeks when Jostein is so crazy busy: I’ve joined his team and am now an errand runner, In that way, we are still stressed but we’re a stressed team!

On instagram, life is just a little calmer. Here are 12 images I’ve saved recently:

1. A painter crush I have, @kristinehellesoe . She puts up paintings that are actually for sale, I really want to get one.

2. A jacket I would knit for myself if I had the patience to knit more than an inch, from @loucph. Soo pretty.

3. @hannastefansson posted this photo that is seriously my dream garden. Imagine sitting here with a coffee, kids running around and plans to play boccia and take a nap in the shade later.

4. An illustrator I want to make books with because she’s so cool, @blameusforourmusictaste

5. We have lots of big trees on this farm, but we don’t really have one appropriate for a swing. But it will be my life plan to get one of these installed, to build forts on and read books in while it gently sways. From @tell.mariasabbah

6. From one of the shops I admire through the internet, @papershophelsinki in Helsinki.

7. Another illustrator I’ve been crushing on lately, @madelinekloepper. I’m very much in children’s book ideas, and I really like this aesthetic that is so perfectly in the middle between my own childhood books and a modern polished look.

8. A recipe for meatballs that I became obsessed with, from @zeinaskitchen.
A few days before we had Saga, I rolled an insane amount of meatballs, maybe that’s why. I get desperate to fill up our house and freezer with food and I forget that we have a car now and can go to the grocery store whenever we want. It’s crazy to think, though, that we went almost a year with a baby without being able to go anywere.

9. A pile of duvets and pillows for little buddies. I love small things like that. From @limonadeshop

10. A cinnamon bun stick from @fabrique, it made my mouth water and it’s such a good idea!

11. Leftover cake for breakfast at @linnheimtun. As it should be, on these may days.

12. For some reason I have a very strong fascination and appreciation for freshly laid humans right now, hm hm hm. I wonder why? Photo from @sannaviolaa

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Haha…kan godt kjenne meg igjen i den nestingperioden . Jeg sto for eksempel med malerkosten i höyeste hugg bare et par uker för termin. Stort lykke til nå innfor innspurten för den lille babyen kommer <3