Å sameksistera i kreativt kaos

Det er sånne tilstandar i heimen vår no. Eg veit at eg kjem til å sjå tilbake på denne tiden og tenka “herregud, korleis kom me oss levande gjennom det?”. Og det er berre no, i dag, dagen etter at Jostein har levert operaen sin, at eg orkar å skriva noko om det. Dei siste månadane har me erklært unntakstilstand i heimen. Altså, me har faktisk satt oss ned med kvarandre, sagt “dette er unntakstilstand” og lagt reglane for det. Det har betydd at Jostein jobbar enormt mykje. At eg er den som stort sett vaskar kleda, passar på at det er mat i kjøleskapet, sorterer Duplo i éi kasse og Brio-togbana i ei anna. På slutten av dagen ligg eg på sofaen og dultar i magen for å oppnå kontakt, ofte gløymer eg at eg eingong er gravid fordi det egentlig er heilt utrulig at alt dette skjer no, samtidig. Det tærer på oss, og eg veit at eg har han i dag men i morgon er han igjen der, i unntakstilstanden, og eg er her, i graviditeten, som jo er ei eiga form for unntakstilstand. Som gjer meg så svak mot motstand, som gjer dagane og kjenslene så uforutsigbare.

Og under huda har eg óg to, tre, fire kreative prosjekt som verkeleg svir hol i lomma på meg. Som eg ikkje får ut, som krøllar seg ihop som eit ledningskaos i hjartet, og eg må berre håpa at eg framleis klarar å løysa knuten når det er min tur. Det er den evige leitingen etter balanse i både jobb og relasjonar, eg kjenner ingen frilanspar som har den. Og det å ha nok jobb, det å overleva, som frilanser, er eit enormt privilegium som eg ikkje er blind for. Å få nok jobb, å bli sett, å få vera kreativ og brødfø familien sin på det. Men eg er óg så himla klar over kva det kostar.

I går gjekk eg tur i sola, tårene banka på døra og eg fortalte han at eg skulle ønska eg kunne setta graviditeten på pause. Til kanskje september, oktober. For kor sinnsjukt er det egentlig at han skal skriva eit teaterstykke mellom no og midten av mai? Og at det teaterstykket har premiere to dagar før termin? Det gir meg angsthender å ta det innover meg, så det prøver eg å ikkje gjera.

Men i dag, i dag er han her. Og me har hatt ein morgon som var så fin at den vart vemodig (eller er det berre eg som klarar å sjå ting sånn?). Saga kraup inn på armen min og drakk flaska si med mjølk i det stille, medan me låg der alle tre og stirra i taket, småsov. Når flaska var tom skifta ho arm, bort til Jostein, underholdningstroppen, og spurte om BAMSEN (Paddington, som me ser om og om igjen). Og eg fekk sova litt igjen, til lydane av eit fornøgd born og ein bamsefilm.

Eg har ein unge som søv om natta. Eg har ein mann som er alt eg kan ønska meg og meir. Eg har to bedrifter som klarar seg. Eg har nok ved til å holda huset mitt varmt. Eg har familie som hjelper oss med ekstra hender. Eg har ein sprellande baby i magen. Og snart, snart, skal det komma ein vår. Og i det minste skal det komma ei helg. Der det skal finnast ein cheeseburger.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *