FINT

Klokka fem i dag, når me stenger, tek Jostein og eg med oss det me har att av påskesnop i hyllene med to stopp på lista: gamleheimen og barselavdelingen på sjukehuset. Å selga påskegreier på halv pris etter påske er så sjukt depp, så da pakkar me alle dei deilige påskeegga i bilen og gir dei heller vekk til folk som kan ha glede av det.

Så reiser me heim for å laga ein gigantisk chili! Med bønner og selleri og gulrot og rømme og nachochips til. Trur Saga kjem til å elska det.

I dusjen i dag tidlig hadde eg liksom begge ungane på plass: Saga sat utanfor døra og song «mamma dusja mamma dusja mamma tissa doooo» medan ho sendte appelsinskal under dørsprekken, medan dette innandørs vesenet sparka og sprella. Ifølge appen min er vedkommande no 35 cm lang og 1350 gram tung! Sprøtt. Då eg kom ut i gangen spurte eg Saga kvar pappa var og da sa ho «pappa jobba litt». Ah, skjebnen til eit frilansbarn.

Saga hadde ein seks ord lang setning i dag ved frukostbordet: «Saga har baby i magen sin». Rein løgn, såklart, men seks ord er det jo. Jostein har óg lært ho å «knirka», så da lagar ho ein klagande lyd og seier med knekk i stemma «Saga trist. Mamma trøsta».

Etter ein turbulent start på graviditeten virkar det no som at hjerna har stabilisert seg litt, er så takksam for alle desse dagane eg får ha utan å vera overvelda.

Eg er i ein sånn produktutviklingsstim no, berre den siste veka er to nye produkt ferdigstilte. Det er våren, den kjem no. Sjølv om det er minusgrader her i dag! Framleis er lista lang over sånt som må gjerast før denne ungen kjem ut, men eg klarar faktisk å kryssa ting av lista.

Neste veke blir så travel og fin, med viktige møter heile veka også noko så herleg som ei helg i Bergen. Skal jobba SÅ mykje, har jo booka inn mange fotograferingar, men eg trur det blir på den aller beste måten for meg som er gravid: alt på éin plass og ingen reising til og frå. Me skal bu på eit herleg stort hotellrom og pressa inn så mykje kos det berre går.

Snart er det april! Bursdagsmånaden! Me blir 28, føler meg allereie som 30 så no er eg i ein sånn «kvart år er ei gåve»-modus. Ønskar meg TV-kanne og lavendelposar, så de ser jo at alderen har komme for å innhenta meg.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Å, sånne her tekster, er noe av det beste jeg veit med denne bloggen. Takk som deler alle tanker og refleksjoner. Skulle så gjerne hatt en samling av alle tekstene i dine i bokform! Og så heldige gamlisene, sykepleierne og de nybakte mødrene og fedrene er! God påske.

  • Så fint! Brukte du bæretøy til Saga? Hadde vore supert med eit innlegg om første tida med baby og kva du tenker no når de får to. Har du fleire påskeegg att i butikken? Flott initiativ å gje dei vekk på sjukehuset.

  • For en fin og generøs ting å gjøre for andre, å gi bort påske-eggene. Dette varmet hjertet mitt, og jeg skal sannelig la meg inspirere. Sånn generelt i livet ;)