Hei, Fredag!

Hei, Fredag! Eg har vore soloforelder i 48 timar og no lengtar eg sånn mot Jostein som straks kjem på ein buss frå Oslo. Lite søvn har gjort meg til ein utålmodig mamma i dag, og mest av alt er eg glad for at det vanligvis ikkje er meg. S søv framleis i vogna si, eg har tint ein kveitebolle frå frysen som ho skal få når ho vaknar. Me har malt med vassfargar i dag, som eg har tenkt å gjera noko påskepynt utav.

På bildet over les Saga ei Babar-bok for pingvinen, han ligg under ei dyne me fekk i gåve frå fine Ingvild. Ho hysja på meg då eg prata til ho, så sang ho når trollmor har lagt sine elleve små troll. På bordet står ranunklane mine framleis så fint, eg elskar når blomar overraskar ein og berre held og held og held.

Eg har revolusjonert internettlivet mitt den siste veka. Eg er mykje mindre på bloggar og på pinterest, trong litt meir ro i sinnet istadenfor den totale scrollingen som opptek livet mitt. Så no oppsøker eg dei bloggane eg vil lesa, kosar meg med instagram og er stort sett logga av frå resten. Det fører til mykje færre linkar her, såklart, men eg har tenkt å kompensere med meir frå det virkelige livet (som jo er det beste livet uansett).

Nyhende frå det virkelige livet er også desse (heavy eigenreklame her, alarm alarm!):
Nettbutikken (<- link) er oppdatert med påskevarer og generelt kosevarer, så sjekk det ut. Eg sender ut bestillingar frå butikken i morgon♥
– Eg skal ha ei fotograferingshelg i Bergen, det blir den 7. og 8. april. Eg la ut på insta stories for eit par dagar sidan, og allereie er det nokså oppbooka (føler meg som verdens heldigaste, har så mykje pepp for denne helga full av born og babyar), men det er eit par ledige tider igjen. Det blir på eit hotellrom, så det er eit veldig passande miljø før både vanlige portrett, born/baby og gravidbilder. Har dessutan veldig snille vårprisar! Så mail meg på mariell.oyre@gmail.com om det høyrest interessant ut.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *