A list of 5 things

5 ting:

… eg lengtar etter:
å få kontoret og fotostudioet ferdig. Andre etasje i butikkbygget skal bli så mykje bra til slutt, men ting tar tid.

å tapetsera gangen vår, no som me har bestemt kva tapet me skal ha

raspeballmiddagen me skal ha i dag

å få heim sofaen me har bestilt

å sjå fjeset til vår nye unge. Det er så rart at me veit kva vedkommande skal heita, me må liksom holda oss for å bruka navnet heile tiden.

… eg er takksam for:
at eg fekk treffa Jostein då eg var 14 og ikkje no

at Saga har fire besteforeldre i nærleiken

at den nye sesongen av Endeavour er så bra

vårt fine vesle hus. I dag er det så kaldt her at me ikkje har vatn i røra, men det er eit så stødig hus. Fantaserer ofte om å ha eit enklare hus med fleire soverom og meir tapet, men eg elskar óg dei uendelige muligheitene som finst i dei utfordringane me har her. Draumen er jo å bygga seg inn i låven, såklart. Det hadde vore noko, det. Heldigvis er det mange år til me kan tenka på å gjera noko sånt, pga pengar og sidan me er sist i odelsrekka. Men det er så fantastisk fint å ha noko å drøyma om.

pakken eg fekk i posten frå Caitlin i går, ho sender meg magasina ho er ferdig med, så eg har gullklumpar å nyta ved neste bad!

… eg vil bli betre på:

å fiksa ting med éin gong, ikkje venta i to veker før eg skiftar ei lyspære. Akkurat no ligg det tre nye brannvarslarar på bordet som me ikkje har hengt opp, men eg har allereie gitt meg sjølv credit for at eg har kjøpt dei. Julegåver som skulle sendast til England ligg spredd utover huset, og bursdagsgåvene til Frøy og Christine er óg berre på vent. Eg har ein harddisk som eg har redda frå ruinen, men den er feilformatert og eg har enda ikkje summa meg til å reisa den timen det tek å reisa for å fiksa det.

å orka å sjå film

å prioritera tiden eg har, til min eigen kreativitet

sausar og kjøtt og sånt voksent. Liksom laga ei steik på ein søndag

å sy

… som irriterar meg:

smør på alt påsmurt på kafé

bokhandlarverda. Fekk hjartet knust på Eldorado i Oslo for nokre dagar sidan, dei dreiv og pakka ihop sjappa fordi Norli skal ta over. Så sjukt trist, det var min beste bokhandel.

ordet «influencer»

at eg er så dårlig på å visa folk at eg er interessert i det dei har å sei, og gløymer å spørja. Irriterande fordi eg a) ser ut som ein drittsekk og b) faktisk oppriktig er interessert, folk er jo det mest interessante eg veit om og helst vil eg jo spørja om altfor personlige ting.

å måtta sei nei til så mange fine bryllupsjobbar fordi eg igjen har termin om sommaren.

… eg bestiller på internett:
barneklede

mat og snacks

reingjeringsprodukt

sminke og hudpleie

magasin og bøker

… eg er redd for:

likviditet i kvardagslivet og likviditet i aksjeselskapet

å driva heilårsbedrift i ei gate som er heilt tom for fottrafikk om vinteren. Me lever i det no, og det er til tider terrifying.

å bli sittande fast i mitt eige hovud og la meg sjølv bli begrensa av omstendigheiter

kattar

lange tånegler

… eg elskar å eta:
sølvlauk og generelt sånt som er sylta, spesielt no som eg er gravid

bananer med små svarte prikkar på

fiskebollar med følgande tilbehør: poteter, raspa gulrot, rødbetar og karripulver.

marcona-mandlar. Me har dei i butikken og eg er min eigen beste kunde.

Jostein sin pizza, spesielt no som me har eigne surdeigsbotnar. Mmmmmmmm.

… eg vil gjera i år:
planta meir blomar i hagen. Me kjem jo til å vera mest heime, først med høggravid kropp også med baby, og da vil eg at det skal vera herrrrrleg mykje fint å sjå på når me sit ute og inntek kaffikopp nummer fire og fem for dagen.

bli supergod på surdeig og pleia surdeigskulturen vår

prøva på nytt å reisa ein plass med berre Jostein før den nye babyen kjem, men ikkje på eit fly og ikkje så langt vekk.

filma så mykje som mogleg, og laga ei mappe på datamaskina som heiter typ «Saga sin barndom». Vil at barndommen hennar skal vera heilt klar for ho når ho er 16 og 21 og 45, at ho skal kunna høyra stemma si og kjenna seg igjen og sjå korleis me hadde det i huset. Det er eit ansvar som eg så gjerne tek.

kaaaaaanskje skaffa oss høner? Både Saga og bestemora er nokså sugne på det, og me har jo faktisk hønsehus allereie.

Liste lånt frå Flora!

5 things:

… I long for:
getting our office finished. The floor above the shop is going to be so many things for us, but things take time.

wallpapering our stair room, now that we’ve landed on wallpaper

our dinner today: norwegian raspeball (a kind of dumpling)

getting the sofa we have ordered

seeing the face of this new bébé. It’s so weird that we now know the name of this baby, and we have to kind of keep ourselves from using it all the time.

… I’m grateful for:
meeting Jostein when we were 14 and not now

that Saga has four grandparents nearby

the new season of Endeavour

our little house. Today it’s so cold we don’t even have running water, but it’s a solid house. I often fantasize about a simpler house with more bedrooms and wallpaper, but I also love the endless possibilities these challenges offer us. The dream is to build our house into the barn, of course. Now that would be something. Luckily those kinds of plans are years away, because money and because Jostein is the youngest of his siblings. But it’s great to have dreams.

the parcel I got in the mail from Caitlin yesterday. She sends me the magazines she’s finished with, so I have little pieces of gold to save for my next bath.

… I want to get better at:
fixing things right away, not waiting for two weeks before changin a lightbulb. Right now there are three new fire alarms on our table that we haven’t yet hung but I’ve already given myself the credit just for buying them. Christmas presents that should have been sent off to England are still here, and Frøy and Christine’s birthday presents too. I have a harddrive that has been saved from ruin, but it’s formatted for a PC so I haven’t spent the hour it would take me to go and get that fixed.

bothering to watch films

prioritizing the little time I do have, for my own creativity

sauces and meats and grown-up things like that. Like doing a sunday roast

sewing

… things that annoy me:
butter on everything at cafés

the world of bookshops. My favorite independent bookshop in Oslo has been bought up by a chain and it’s just so depressing.

the word “influencer”

I’m so bad at showing people that I’m interested in what they have to say, and I often forget to ask questions. It annoys me because a) I look like an asshole and b) I’m actually genuinely interested, people are the most interesting thing I can think of and I would really want to ask reallllly personal questions all the time.

having to decline sooo much wedding photography work because I yet again am due in the summer.

… I order online:
clothes for Saga

food and snacks

cleaning products

makeup and skin care

magazines and books

… that scare me:
liquidity in my everyday life and liquidity in my companies

running a whole-year business in a very summer based street. We’re living in that now, and it’s sometimes terrifying.

getting stuck in my own head and letting myself be contained by circumstance

cats

long toenails

… I love to eat:
pickled pearl onions and other pickled things, especially now that I’m pregnant

bananas with small black dots on them

fish balls with: potatoes, raw carrot, pickled beet and curry powder

Marcona almonds. We stock them ourselves and I am my own best customer

Jostein’s pizza, especially now that we have our own sourdough bases. Nom.

… I want to do this year:
plant more flowers in our garden. We’re going to spend a lot of time at home this summer, first super pregnant and then with a new baby, and I want there to be a lot of pretty sights when we’re sitting in the garden with our fourth and fifth coffee for the day.

get really good at sourdough

try again to go somewhere just Jostein and I, before this baby comes, but not on a plane and not so far away.

film as much as possible and make a folder called something like “Saga’s childhood”. I want her childhood to be available for her when she’s 16 and 21 and 45, to hear her own voice and recognize herself and see what our house looked like. It’s a responsibility I’m so happy to take on.

maaaaybe get some hens? Both Saga and her grandmother are pretty psyched about hens, and we do already have a hen house.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Elsker sånne innlegg! Et tips til reise for deg og Jostein – Bestebakken i Hafslo! Under 1 time kjøring fra deg, et fantastisk hotell. Søk det opp :)

  • I agree with you “influencer” ugh! So self absorbed and vain in a really sad and pathetic way. Always looking at themselves and filming themselves with their phones. I like that you care about getting to know other people, looking outward. I think it’s just fine that you listen to people – don’t beat yourself up because you forget to ask questions. Most people are happy to talk and just have someone listen. I’m sure they’re happy just to have you as a friend! Wished you lived in
    Boston!

  • Så fine liste og gode tankar. Likar å lese slikt. Eg går å irriterer meg over ordet “influencer”. Også blir eg irritert over å vere irritert, for det er jo bare å la vere å bry seg…

  • Så fin liste! Men hva er det du sier – skal Eldorado legge ned?!? Den var jo noe for seg selv, har vært innom ofte når jeg har vært i Oslo. Sukk.

      • Hvis det hjelper så var det utrivelige mennesker som drev den (“eks”-nynazister) og det ble holdt mye høyreekstreme og konspiratoriske foredrag der, så greit å få inn noe annet siden jeg aldri hadde lyst til å gå dit.

  • Så fin liste! Blir nok fint med masse blomster i hagen, trist at atter en kjede skal ta over en selvstendig butikk, og heldige Saga som har en mamma som lager “minnebok” for livet. Haha, jeg er også redd for lange tånegler :D Og kjæresten var også redd for katter før han traff meg. Og selv om jeg ELSKER katter, hender det en sjelden gang at jeg treffer på en katt som jeg syns virker litt skummel. Men nå er jo vi blessed med den snilleste katten i hele verden ♥

  • så koselig innlegg <3 som en person som har vokst opp med høner kan jeg bekrefte at det er en fryd – spesielt for den som liten er ^^