Le week-end

Eg fotograferte litt i helga som var. Det skjer jo for mange fine små ting i livet til å ikkje gjera det, men i periodar er det så sjukt vanskeleg å plukka opp kameraet og tvinga seg sjølv til å dokumentera. Laurdag starta med litt butikk. Me hadde fått sokkar levert dagen før, så me var nede med dei i butikken til Johanne som var på jobb. Dei såg så himla vårlige og fantastiske ut her på hylla.

I actually photograped a little this weekend. Too many nice little things happening to not photograph, but I find it so difficult to pick up my camera some times. Saturday started at the shop. We had had socks delivered from France the day before, so we stopped by to lay them out, Johanne was there working. They looked so very spring-like and amazing on the shelf.

I butikken var det helgestemning (sjølv om me no om vinteren har typ fem salg på ein dag me har ope, takk og pris for at ein óg kan ha nettbutikk utanfor turistsesongen!), me signerte kontraktar og eg viste fram korleis ein sender nettbestillingar.

The shop was in weekend-mode (even though we do only have about five sales on an open day in the winter, thank god we have an online shop too!) and we signed contracts and I showed her how to do online orders.

Eg elskar å vera på badet akkurat no. Å berre låsa døra totalt, ligga litt på golvet (føles så bra med varmekablar mot eit sårt bekken), ta ansiktsmasker og bada i badekaret. Faktisk nyter eg óg å berre sitta på golvet og sortera klede (som til eikvar tid dekkar mesteparten av golvflata der inne, let’s be honest).

I love being in the bathroom right now. Just locking the door, laying on the floor (the heated floors are just amazing for my achy pelvis), do face masks and bathe. I also actually enjoy just sitting on the floor sorting out our clothes (that are at any given moment covering most of the floor space in there, just to give you some realness).

Magen veks, og ungen veks.

The belly is growing, and so is the baby.

Me hadde invitert til morsdagsbrunsj! Så mødrene våre (og fedrene våre, såklart) kom og fekk både gåver og servering. Eg laga ein eigen kyllingpåleggssalat av kyllingfilet, majones, basilikum og oregano. Så sjukt godt, sånt skal eg gjera oftare. Me hadde óg skinke og marcona-mandlar og avocado på bordet. Og to typar te.

We had invited our mothers and fathers for a mother’s day brunch. I made my own chicken spread from chicken fillet, mayo, basil and oregano. It turned out great, I’m going to do stuff like that a lot more. We also served up some ham, poached eggs, marcona almonds and avocado. And two types of tea.

Til dessert var det kaffi og bollar! Inni hadde eg mandelmasse av marcona-mandlar, og piska krem med ekte vanilje. Det er dei små tinga som tippar, alltid.

For dessert: coffee and buns! Inside them was an almond paste made from marcona almonds and whipped cream with real vanilla. It’s the small things.

Så vakna Saga frå luren sin og var så forvirra og overlykkelig over å ha alle sine fire besteforeldre i huset samtidig.

Then Saga woke up from her nap and was so confused and happy to have all four of her grandparents in the house at the same time.

Ho sang Fola, Fola Blakken så mormora grein (pga stolt pga kan jo synga songar i ein alder av 19 månader). Også dansa ho. Ein må jo elska dansefjeset.

She sang songs until my mother started crying (because of being overproud because S can sing songs at 19 months). And she danced. You have to love that dancing face.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *