Snart morsdag♥

Inneheld eigenreklame

Eg hadde tenkt å skriva noko i dag om korleis det føles å vera lenger enn halvvegs i denne graviditeten, og å kvar dag kjenna spark og korleis det går og har gått og alt det der. Men så vart eg slått av ei sånn bølge av forvirring at eg klarte ikkje å skriva noko som helst. Så istaden har eg drive med butikkgreier heile dagen, prisa nye varer og sånt. Eg tenkte berre å tipsa om to ting til dykk fine som følger med her og brukar butikken (elskar dykk for det, de gir meg livet).

1. Det er jo snart morsdag! Eller, neste helg. Eg tenkte å vera tidlig ute med å tipsa om ting, så dei rekk å komma fram i posten. Bestiller de før 12 i morgon formiddag, så går pakkane i posten før helga til og med! Eg har plukka ihop nokre skikkeleg fine greier som de kan sjå på denne linken -> HEIFREDAG.NO

2. Eg har endeleg fått summa meg til å laga ei Facebook-side til butikken, så om de vil gå inn dit og følga meg der så blir eg SÅ glad. Me kjem til å gjera megaspennande ting no i vinter og vår, eg har allereie tre kurs (!! <- livsdraum) planlagt, det er noko for alle. Så inn dit og følg med, her er link!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *