It’s the small things

Eg har nokre fine små ruter frå dei siste par vekene som eg har så lyst til å dela med dykk. Akkurat no strekker ikkje tiden heilt til, med prosjekt i heimen og Jostein som jobbar så mykje. Og eg håpar eg klarar å skriva ferdig dette før Saga våknar ute. Eg har lova ho ein bolle med brunost når ho vaknar, ho spurte meg om det tre gongar medan ho gjorde seg klar for å sova. “Bolle? Bolle, mamma?”

Me fekk ny seng på søndag, det var heilt life changing. Har aldri sove så godt i heile mitt liv.

I have some little frames I want to share with you guys, from the past few weeks. Right now time is not my friend, with projects in the house and with Jostein working so much. And I hope I’ll finish writing this before Saga wakes up. I have promised her a bun with cheese when she wakes up, she asked me about it three times as she was getting ready to go out. “Bun? Bun, mamma?”

We got a new bed on sunday, it was life changing. I have never slept so well my whole life.

Her er bestemor, eller oldebesta som me no kallar ho, som leikar borte-tittit med S.

My grandmother playing peekaboo with S.

På laurdag var det premiere på Den Lille Store Reisen på DNS, som Jostein har skrive musikken til. Det var så magisk, måtte holda tårene tilbake (mvh gravidhormon). Og eg var SÅ stolt.

On saturday, the show that Jostein has composed music for at DNS in Bergen premiered, and it was so magical. I had to hold my tears back (hello pregnancy hormones). Soooo proud!

Me sov på Zander K til premieren, vårt beste hotell i Bergen. Faktisk vågar eg å sei at restauranten der har den beste maten i Bergen. Perfekt for barnefamiliar, fordi ein kan gjera alt på eitt og samme hotell. Og lobbyen er stor, så ein kan sitta der og henga med venner eller jobba medan ungen søv. På premieredagen hadde Saga eitt og eit halvtårsdag, så me passa på å ta bilder med reven.

We stayed at Zander K in Bergen, our favorite. I will actually say it’s my favorite spot for food as well there. And it’s perfect for families because you can do it all there. And the lobby is big too, so you can sit there and hang out or work while your kid is sleeping. On the day of the premiere, it was S’ one and half birthday, so we made sure to take pictures with her fox.

Mine to favorittar på DNS. Saga var så himla trøytt før forestilling, som var akkurat på klokka 12 – då ho brukar å legga seg til luren sin. Etterpå fekk ho sitt første kakestykke ever, “KAKA”.

My two favorite people at the DNS theatre. Saga was soooo tired before the show, just at noon when she usually takes her nap. After, she had her first piece of cake ever.

Eg kjøpte nokre fine små klede på Fretex i Bergen, alle små små steg mot det lille livet i magen.

I bought some tiny little clothes at the Salvation Army in Bergen, lots of little steps towards the little one growing in my belly.

Min beste sesong: fastelavnsbollesesongen. Me har eit glas med heimelaga mandelmasse med Marcona-mandlar, og eit lass med bollar i frysen.

My best season: semmel bun season. We have almond paste made with Marcona almonds in the fridge, and buns in the freezer.

Saga og tanta, dei sliter kvarandre ut på herlegaste vis!

Saga and her aunt, they exhaust eachother in the loveliest way!

Til sist, vårt nye backgammon som er frå butikken! Den ligg ikkje oppe eller ute enda, men Jostein og eg har teke ein til oss sjølve. Den er så fin! Me spelte to rundar i går, og vann kvar vår gong.

At last, our new backgammon from the shop. It’s not up yet, but Jostein and I have taken one for ourselves. It’s so pretty! We played two rounds last night, and each won one.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *