Takksam

Dei siste månadane har jo vore litt tøffe, og eg høyrer meg sjølv sei heile tiden at eg har vondt ein plass, at eg er trøytt. Så no tenkte eg å reboota hjerna mi litt. Her er ei liste over ti ting eg er takksam for akkurat no:

– At eg har ein mann som lar meg sova ekstra på morgonen sjølv om han er supertravel. For ingen av oss har tid til at eg er utslitt.

– Ansiktsmasker som umiddelbart gjer at eg føler meg bra.

– At sola er her igjen om eit par veker.

– At butikken er stengd nokre dagar til, så eg kan konsentrera meg om andre ting som å sortera babyklede og vatna blomster.

– Saga som er ein draum å legga om kveldane, ho lengtar mot den flaska med mjølk og Jostein sine fine songar.

– At dei no har halloumi fast på Meny i Sogndal, og at halloumiburgeren derfor kan leva heile året heime hjå oss.

– At den eine Pilea-planta mi har så mange babyar, eg gler meg til å putta dei i eigne små potter snart.

– Om ein ser ei viss mengde krim i løpet av eit år så gløymer ein kven som er mordaren og kan sjå alt på nytt igjen!

– At Jostein og eg stikk til London åleine (!!) for to overnattingar i februar. Skal eta hotellfrukost og sova lenge om morgonen, og ingen skal sitta på hovudet mitt og det kjem nok til å enda med at eg vil facetima med Saga typ fem gonger om dagen. Men det skal bli himla godt, skal gå i bokhandel og på museum og på kino og treffa alle venner.

– Fastelavnsbollar.

The past few months have been a little rough on me, and I am constantly hearing myself saying something hurts, or I’m tired. So I thought I’d reboot my brain a little bit. Here’s a list of things I’m grateful for right now:

– My husband who lets me sleep more in the morning even though he has so much going on. Because neither of us have time for me to be exhausted.

– Face masks that immediately make me feel good.

– The sun will be back in just a few weeks.

– The shop is closed for another few days so I can focus on other things like sorting baby clothes and watering plants.

– Saga who is such a dream to put to bed in the evenings, she longs for that bottle of milk and Jostein singing to her.

– That they now have halloumi all year round in a local food shop, and the halloumi burger now transcends summer.

– One of my Pilea plants has grown a lot of babies, I can’t wait to put them into individual pots soon.

– If you watch enough crime shows during the year, you forget who the murderer is and can watch everything all over again!

– That Jostein and I are going to London alone (!!) for two nights in february.  We’re going to sleep in and eat hotel breakfasts, and noone is going to sit on my head and it’s going to end up with me wanting to facetime Saga five times a day. But it’s going to be great too, going to bookshops and museums and to the movies and see all our friends.

– Semmel buns.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *